Historisk arkiv

Ekstra tilskot til Vestlandske kunstindustrimuseum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

- Eg er glad for å kunna gje eit ekstra tilskot på 100 000 kroner til Stiftelsen Vestlandske kunstindustrimuseum, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland. (22.12.03)

Pressemelding

Nr.: 133/03
Dato: 22.12.03
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Ekstra tilskot til Vestlandske kunstindustrimuseum

- Eg er glad for å kunna gje eit ekstra tilskot på 100 000 kroner til Stiftelsen Vestlandske kunstindustrimuseum, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.

- Museet gjer ein viktig innsats gjennom innsamling, bevaring og formidling av eigne samlingar, i tillegg til å formidla norsk og utanlandsk kunstindustri, kunsthandverk og design, påpeikar kulturministeren.

Vestlandske Kunstindustrimuseum held til i Bergen. Stiftelsen omfattar Vestlandske kunstindustrimuseum og Damsgård Hovedgård.