Innviing av Kvitsøy kyrkje si opphavlege altertavle
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 12.09.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland vil søndag 14. september kl. 15.30 vere til stades ved innviinga av den opphavlege altertavla i Kvitsøy kyrkje. Statsråden karakteriserer tilbakeføringa som ei historisk hending, og ho roser lokale og regionale krefter som har kjempa i over 50 år for å få altertavla tilbake.
Pressemelding
Nr.: 75/03
Dato: 12.09.2003
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Anne-Lise Brodtkorb, tlf. 22
24 79 11
Innviing av Kvitsøy kyrkje si opphavlege altertavle
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland vil søndag 14. september kl. 15.30 vere til stades ved innviinga av den opphavlege altertavla i Kvitsøy kyrkje. Den gamle altertavla, som vart sett opp i 1620, vart overgitt til Norsk Folkemuseum for vel 100 år sidan. Innviinga markerer slutten på ein lang prosess for å få tilbakeført den gamle altertavla.
- Det er fint for meg som kyrkjeminister å sjå at altertavla er kome tilbake til si eigentlege heimplass. Arbeidet med å få altertavla tilbake til Kvitsøy og kyrkja den vart bygd for, har vore ei ganske komplisert sak der det har vore fleire omsyn å ta. Dei lokale ønskemåla om tilbakeføring av kulturskattar må vegast opp mot verdien av å oppretthalde sentrale samlingar av kulturhistorisk materiale av stor nasjonal verdi. For meg vert desse omsyna temmeleg viktige i rolla som både kulturminister og kyrkjeminister, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.
Statsråden karakteriserer tilbakeføringa som ei historisk hending, og ho roser lokale og regionale krefter som har kjempa i over 50 år for å få altertavla tilbake.