Historisk arkiv

Overrekking av Olavstipend og Sunnivastipend

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw i Kultur- og kyrkjedepartementet deler ut Olav- og Sunnivastipend i kapellet i Kirkens Hus i dag kl 12.30. (11.09.2003)

Pressemelding

Nr.: 73/03
Dato: 11.09.03
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Anne-Lise Brodtkorb, tlf. 22 24 79 11

Overrekking av Olavstipend og Sunnivastipend

Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw deler ut Olav- og Sunnivastipend i kapellet i Kirkens Hus i dag kl 12.30.

- Stipendordninga skal inspirere dei som sit med kunnskap og erfaringar frå presteteneste og kyrkjeleg rådsarbeid til vidare engasjement i kyrkja. Prosjekta vil òg tene til å vidareutvikle prestetenesta og arbeidet i kyrkjelydane, seier statssekretær Berit Øksnes Gjerløw i ein kommentar.

Olavstipendet går til prestar i Den norske kyrkja. Stipendet består av eit års permisjon med løn i tillegg til eit stipendbeløp. Sunnivastipendet går til personar med bakgrunn frå arbeidet i dei valde råda i Den norske kyrkja. Ved overrekkinga får stipendmottakarane også kvar sin plakett i messing montert på kleberstein frå restaureringsarbeida ved Nidaros Domkyrkje. Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw deler ut Olavstipendet til:

  • Vikarprest i Finnøy prestegjeld Unni Eikeland, Stavanger bispedømme, for prosjektet: ””Deg å få skoda er sæla å nå?” Gudsbilete i trusforteljingar frå ”bedehusland”. Ei undersøkjing av gudsbilete i eit sokn i nordre Ryfylket, sett i relasjon til den lokale bedehuskulturen som ”symbolsk univers””.

Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw deler ut Sunnivastipend til:

  • Sekretær og saksbehandlar i Hol prestegjeld Ingjerd Almås Anfinset, Tunsberg bispedømme, for prosjektet: ”Barnekoret som kjerneprodukt i menighetens arbeid”.
  • Prosjektleiar i Lier kommune Benita Christensen, Tunsberg bispedømme, for prosjektet: ”Endringsarbeid i kirken. Evaluering av omorganiseringen av de administrative oppgaver i menighetene i Drammen.”

I år kom det inn 15 søknader til Olavstipendet og 6 søknader til Sunnivastipendet.