15,8 millionar meir til Arkivverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 94/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24
80 00
15,8 millionar meir til Arkivverket
Løyvinga til Arkivverket blir i budsjettframlegget for 2005 foreslått auka med 15,8 millionar kroner til i alt 179,7 millionar kroner.
Auken skal i hovudsak dekkja
utgifter i samband med ombygging, utviding og innreiing av
riksarkivbygningen i Oslo.
Etter utvidinga vil riksarkivbygningen mellom anna få fleire
kontorarbeidsplassar, møte- og undervisningsrom, utstillingsareal
og betre publikumsfasilitetar. Dette vil gi Riksarkivet og
Statsarkivet i Oslo nødvendig armslag til å kunna imøtekomma dei
krava som må stillast til ein moderne, publikumsretta kultur- og
forvaltningsinstitusjon. Utbygginga legg elles til rette for å
gjennomføra ein planlagd kapasitetsvekst i Arkivverket i åra
framover. Dette er nødvendig for å handtera dei store utfordringane
med å ta vare på elektronisk arkivmateriale for ettertida.
Ein mindre del av auken, 0,7 millionar kroner, skal gå til
forvaltninga av Samisk Arkiv som etter ønske frå Sametinget, er
foreslått overført frå Sametinget til Riksarkivaren frå 2005.