Dommen i Oslo tingrett blir anka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 28.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Kultur- og kyrkjedepartementet er ikkje samd i domstolen si vurdering om at einerett til drift av utbetalingsautomatar bryt med EØS-avtalen. Dommen i Oslo tingrett av 27.10.2004 blir difor anka. (28.10.04)
Pressemelding
Nr.: 138/04
Dato: 28.10. 2004
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf: 913 46
557
Dommen i Oslo tingrett blir anka
Kultur- og kyrkjedepartementet er ikkje samd i domstolen si vurdering om at einerett til drift av utbetalingsautomatar bryt med EØS-avtalen. Dommen i Oslo tingrett av 27.10.2004 blir difor anka. - Eineretten er eit naudsynt verkemiddel for å få skikkeleg kontroll med dei sosialpolitiske konsekvensane av dagens spelepolitikk, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
– Eg meiner difor at tingretten
sitt standpunkt ikkje bør leggjast til grunn utan at saka blir
prøvd for høgare instansar, seier kultur- og kyrkjeministeren i ein
kommentar.
Fristen for å fremje ein anke over tingretten sin dom er ein
månad.
- Automatreforma er eit avgjerande sosialpolitisk
tiltak for å unngå at mange menneske blir speleavhengige.
Stortinget og regjeringa meiner dette er det mest effektive
tiltaket for å sikra forsvarleg automatdrift. Fleire blir
speleavhengige av gevinstautomatane enn av noko anna lovleg lotteri
eller pengespel i Noreg. Det ser likevel ikkje ut til at domstolen
har lagt dette til grunn for si vurdering, seier kultur- og
kyrkjeminister Svarstad Haugland.
Statsråden understrekar at det er uaktuelt å vidareføra
dagens ordning.
Stortinget vedtok i fjor at Norsk
Tipping skal stå for all drift av gevinstautomatar frå 2006. Som
ledd i reforma blir drift av eksisterande automatar avvikla frå
nyttår. Dei nye reglane vil gi færre og mindre aggressive
automatar. Automatane vil forsvinna frå blant anna
daglegvarebutikkane og dei blir underlagde direkte politisk
kontroll.
I ei grunngjeven fråsegn av 20. oktober 2004 hevdar ESA at
Stortinget sitt vedtak bryt med EØS-avtalen.