Historisk arkiv

Endringar i kringkastingsforskrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa fastsette i statsråd i dag nye reglar for reklameavbrot og identifikasjon av sponsorar i kringkastingsforskrifta. Regjeringa ønskjer ikkje full harmonisering med minimumsreglane for reklame som gjeld i EU, slik dei kommersielle fjernsynsselskapa har bede om. (04.06.04)

Pressemelding

Nr.: 42/04
Dato: 04.06.2004
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, tlf. 22 24 80 04

Endringar i kringkastingsforskrifta

Regjeringa fastsette i statsråd i dag nye reglar for reklameavbrot og identifikasjon av sponsorar i kringkastingsforskrifta. Regjeringa ønskjer ikkje full harmonisering med minimumsreglane for reklame som gjeld i EU, slik dei kommersielle fjernsynsselskapa har bede om. Av omsyn til sjåarane har regjeringa valt berre å gjera enkelte justeringar i reglane.

Dei nye reklamereglane inneber at nyheits- eller aktualitetsprogram, dokumentarprogram eller religiøse program no kan avbrytast med reklame. Fiksjonsbaserte seriar kan avbrytast ein gong med reklame dersom avbrotet ikkje varar meir enn 60 sekund. Dersom fiksjonsbaserte seriar skal brytast av med reklame, kan ikkje programmet i tillegg brytast av med programinformasjon eller andre meldingar frå fjernsynsselskapet. Kringkastarane skal praktisera reklameavbrota på ein måte som tek omsyn til verdien og integriteten til programma.

- Endringane i reklamereglane gir norske kringkastarar betre vilkår til å hevda seg i konkurransen med utanlandske aktørar. Samtidig er eg glad for at vi framleis har reglar på dette feltet som tek vare på interessene til sjåarane, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Dei nye sponsorreglane inneber at kommersielle fjernsynsselskap igjen kan bruka levande bilete når dei presenterer sponsorar. Det synest eg er naturleg. NRK kan framleis berre bruka stillbilete ved sponsorpresentasjon. Vi har valt denne løysinga fordi vi vil unngå at sponsorpresentasjonar i NRK vert for lik ordinær reklame, seier statsråd Svarstad Haugland.