Historisk arkiv

Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Fordelinga av midlane til Norsk kulturfond for 2004 på 249,6 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag 16. januar. (19.01.04)

Pressemelding

Nr.: 04/04
Dato: 19.01.2004
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Løyvinga til Norsk kulturfond fordelt

Fordelinga av midlane til Norsk kulturfond for 2004 på 249,6 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag 16. januar.

Mest midlar er sett av til litteratur, 77,9 mill. kroner, i hovudsak til innkjøpsordningane. 63,6 mill. kroner er sett av til musikkformål, og 37,2 mill. kroner til scenekunst. Regjeringa legg til grunn at tilskot til dans skal ha høg prioritet innanfor løyvinga til fri scenekunst også i 2004. Aspirantordninga for kunstnarar i etableringsfasen, som vert administrert av Norsk kulturråd, vert sikra vidareført i 2004 med 3,5 mill. kroner av udisponerte midlar frå tidligare år.

Løyvinga til Norsk kulturfond er vidare fordelt slik: Tidsskrift 2,7 mill. kroner, biletkunst/kunsthandverk 14,3 mill. kroner, kulturvern 15,2 mill. kroner, barn og ungdom 9 mill. kroner, kulturbygg 12,5 mill. kroner og andre formål 17,2 mill. kroner.