Norsk fjernsynsdramatikk må opp på eit internasjonalt nivå
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 30.11.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
- For å sikra høg kvalitet på norske fjernsynsproduksjonar er det viktig å ha ambisjonar om å nå eit internasjonalt publikum, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Statsråden opnar seminaret Emmy 2007 på Losby Gods i dag.(30.11.04)
Pressemelding
Nr.: 148/04
Dato: 30.11.2004
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf 22 24 78
09
Norsk fjernsynsdramatikk må opp på eit internasjonalt nivå
- For å sikra høg kvalitet på norske fjernsynsproduksjonar er det viktig å ha ambisjonar om å nå eit internasjonalt publikum, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Statsråden opnar seminaret Emmy 2007 på Losby Gods i dag.
Statsråd Svarstad Haugland viser til at det vert satsa meir pengar enn nokon gong på norsk fjernsynsdramatikk. NRK har varsla at dei frå 2005 vil leggja 10 prosent av budsjettet sitt til eksterne produsentar. Sidan 2002 har Norsk filmfond forvalta ei tilskotsordning for fjernsynsdramatikk. TV2 vil også ha meir fokus på norsk drama.
Målsetjinga for seminaret Emmy 2007 er å arbeida for å gi norsk fjernsynsdramatikk eit kvalitativt løft slik at norske produksjonar kan konkurrera med dei beste internasjonale fjernsynsproduksjonane. International Emmy Awards vert utdelte kvart år i New York av The International Academy of Television Arts and Science. Prisane går mellom anna til beste fjernsynsdramaserie, beste tv-film/miniserie og for beste barne- og ungdomsserie.