Betre kontroll med innhald i kringkastingsprogram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 15.04.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Regjeringa foreslår meir effektive og fleksible sanksjonar mot kringkastarar som bryt reglane for programinnhald. Det går fram av Kultur- og kyrkjedepartementets framlegg om endringar i kringkastingslova som vart lagt fram i dag. (15.04.05)
Pressemelding
Nr.: 44/05
Dato: 15.04.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, tlf. 22 24
80 04
Betre kontroll med innhald i kringkastingsprogram
Regjeringa foreslår meir effektive og fleksible sanksjonar mot kringkastarar som bryt reglane for programinnhald. Det går fram av Kultur- og kyrkjedepartementets framlegg om endringar i kringkastingslova som vart lagt fram i dag.
Medietilsynet kan i dag gi kringkastarane gebyr ved brot på reglane om reklame og sponsing. Departementet går inn for at brot på reglar om programinnhald, konsesjonsvilkår og kabeldistribusjon også skal kunna sanksjonerast med gebyr.
- Vi ønskjer å sikra at kringkastarane overheld krava til programinnhald slik at publikum får det kringkastingstilbodet dei har krav på. Difor foreslår vi no nye og meir effektive sanksjonsreglar, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
Skjult reklame
Ny fjernsynsteknologi som gjer det mogleg å "hoppa over"
reklameinnslag, kan føra til skjulte reklamebodskapar inne i
programma. Det er behov for å gjera dei noverande reglane klarare.
Departementet foreslår difor å ta inn eit klart forbod mot skjult
reklame i kringkastingslova. I framlegget er det lagt stor vekt på
at verkemidla ikkje skal vera i strid med prinsippa om
ytringsfridommen og redaksjonell fridom.
Vidaresending av ulovleg innhald
Kringkastingslova gir i dag Medietilsynet høve til å forby
kabeleigarar å vidaresenda visse program med ulovleg innhald, til
dømes pornografi og vald i strid med straffelova. Framlegget vil
gjera reguleringa teknologinøytral, slik at Medietilsynet også kan
stansa vidaresending av ulovlege program via satellitt.
Kanalval i kabelnett
Departementet foreslår å oppheva ordninga med at
Medietilsynet er tvisteløysingsorgan når det er usemje om val av
fjernsynskanalar i kabelnett. Medietilsynet skal i staden få høve
til å krevja omval dersom abonnentval ikkje har skjedd i samsvar
med reglane for slike val. Samstundes vil departementet be
Medietilsynet om å laga forslag til nye reglar for abonnentval. Dei
nye reglane skal fastsetjast i forskrift og må ut på eiga høyring.
Reglane skal vere enkle å praktisera for kabeleigarane og gjera
valet reelt og lettfatteleg for abonnentane.
Ot.prp. nr. 76 (2004-2005) Om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting