Historisk arkiv

Kulturminister Svarstad Haugland opnar Risør Kammermusikkfest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland vil i dag kl.18 opna Risør Kammermusikkfest. Opninga finn stad i Risør kyrkje. (28.06.05)

Pressemelding

Nr.: 107/05
Dato: 28.06.05
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Kulturminister Svarstad Haugland opnar Risør Kammermusikkfest

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland vil i dag kl.18 opna Risør Kammermusikkfest. Opninga finn stad i Risør kyrkje.

- Risør Kammermusikkfest har etablert seg blant dei mest framståande kammermusikkfestivalar. Kammermusikkfesten har tatt mål av seg til å skapa ein festival på høgt internasjonalt nivå. Det har initiativtakarane, den no døde gründaren Bernt Laurits Larsen, og dei to kunstnarlege leiarane, Leif Ove Andsnes og Lars Anders Tomter til fulle klart, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

- Risør Kammermusikkfest har alltid kjent eit ansvar for å presentera norske verk. Samtidsmusikk er godt representert kvart år og mange nyskrivne verk har blitt tinga.
Som ledd i 15-årsmarkeringa for Risørfestivalen blir det for fyrste gong oppført opera. Det er Mozarts ufullførte opera Za ide i Italo Calv inos versjon. Under årets festival skal også Bjørn Kruses bestillingsverk ”Ottetto” urframførast.

- Det er gledeleg at festivalen legg til rette for at unge musikarar skal få prøva seg saman med internasjonalt kjende og etablerte musikarar. Slike spanande møter gir uvurderlege høve til utvikling for dei unge musikarane, seier Svarstad Haugland.