Historisk arkiv

Kulturministeren feirar sjømannskyrkja i Singapore

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

- Sjømannskyrkjene har ei nøkkelrolle. Regjeringa set pris på denne viktige og omsorgsfulle organisasjonen, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Søndag helsar ho ved 50-årsjubileet til Sjømannskyrkja i Singapore. (08.04.05)

Pressemelding

Nr.: 42/05
Dato: 08.04.2005
Kontaktperson: Politisk rådgjevar Gjermund Løyning, tlf. 95 02 17 47

Kulturministeren feirar sjømannskyrkja i Singapore

- Sjømannskyrkjene har ei nøkkelrolle. Regjeringa set pris på denne viktige og omsorgsfulle organisasjonen, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. Søndag helsar ho ved 50-årsjubileet til Sjømannskyrkja i Singapore.

- Vi gleder oss over å feira den norske kyrkja i Singapore. Likevel kan vi ikkje unngå å tenka på sjømannskyrkja si innsats etter flomkatastrofen andre juledag. Da katastrofen ramma, viste de både klarsyn, medkjensle og handlekraft. Sjømannskyrkjene, især dei i Bangkok og Singapore, skal ha ros for god innsats, understrekar Svarstad Haugland.

- Sjømannskyrkjene tar i mot sjøfolk, fastbuande og reisande med opne armar. Gjennom arbeidet kjem dei i kontakt med det som rører seg, på ein annan måte enn nokon offentleg institusjon kan få, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland