Kulturministeren opnar utstillinga "Møter med Munch"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 16.06.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland opnar torsdag kl. 19 utstillinga "Møter med Munch" på Henie Onstad Kunstsenter.( 16.06.05)
Pressemelding
Nr.: 102/05
Dato: 16.06.05
Kontaktperson: Tore Hennum Jacobsen, tlf 22 24 80 10
Kulturministeren opnar utstillinga "Møter med Munch"
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland opnar torsdag kl. 19 utstillinga "Møter med Munch" på Henie Onstad Kunstsenter.
- Det er ei glede for meg å få opna denne sentrale Munch-utstillinga. "Møter med Munch" fortel om viktige møte for dei kunstnarane som oppdaga eit fellesskap med Munch sin kunst, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
Ei utstilling i Dortmund tidlegare i år, "Edvard Munch revisited. Edvard Munch and the art of today", dannar grunnlaget for utstillinga på Henie Onstad Kunstsenter. "Møter med Munch" viser eksempel på kunstnarar innanfor amerikansk popkunst på 1950- og 60-talet, innanfor europeisk nyekspresjonisme og på samtidas eigne kunstnarar som har late seg påverka av Munch.
Av 23 måleri og grafiske arbeidar av Edvard Munch er tre utlånte frå Nasjonalmuseet for kunst og dei andre frå private samlingar i Noreg.