Historisk arkiv

Doping - et samfunnsproblem?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Doping – et samfunnsproblem?

Fagseminar om doping som samfunnsproblem i regi av Kultur- og kirkedepartementet i samarbeid med Kontaktutvalget for antidopingarbeid i Norge, Auditoriet R-5, Akersgt. 59, Oslo, 23. januar 2002

Kjære deltakarar,

Det er med glede eg kan ynskja velkommen til eit fagseminar om doping som samfunnsproblem. Som kultur- og kyrkjeminister har eg vore opptatt av korleis ein skal få bukt med dopingproblema i den organiserte idretten. Inna idretten tykkjer eg vi har kome langt. I dei seinare åra har dessverre dopingproblema fått fotfeste i miljøer utanfor idrettsrørsla. Det er dopingbruk blant unge menneske som er tema i dag. Det ønskjer eg å presisera, så ikkje dagens debatt sklir ut i diskusjonar om høgdehus eller kost-tilskot. Det er ikkje slike forhold som skal i fokus på dette seminaret.

I oktober 1999 presenterte Kontaktutvalet for Anti-dopingarbeid i Noreg ein handlingsplan mot doping.

Handlingsplanen seier at omlag 1-2% av norske ungdommar brukar dopingmidlar. Svenske undersøkingar viser at 2-3% av unge gutar har brukt dopingmidlar. Kontroller tatt på bakgrunn av mistanke i norske helsestudio har gitt 20% positive prøver. Svenske undersøkingar viser at det for det meste er androgen-anabole steroider som er misbrukt.

Vidare er det rapporter om brukarar av steroider som har utført valdshandlingar i periodar kor dei brukar dopingmidlar. Mellom anna kan kombinasjonsbruk med alkohol føra til plutselege raseriutbrot med berserkliknande adferd som kan bli svært valdeleg (steroidraseri). I enkelte studiar har det blitt hevda at det eksisterer ein samanheng mellom bruk av androgen-anabole steroider og vald. Dopingmidlar kan bli brukt for å redusera angst og auke aggresjon.

Departementet er kjend med at doping i større grad stadig blir brukt i lukka subkulturar. Departementet kjenner til forsking som fortel om dei sosiale prosessane innad i desse miljøa. Vi veit og at konsekvensane av dopingbruk alt klarare tar form av vedvarande psykiske biverknader og tidvis medverking i valdskriminalitet.

Eg vil seie noko om dei praktiske erfaringar vi har frå arbeid i felten: Tidlegare vart det på grunnlag av avtale tatt kontrollar på nokre helsestudio. I vedtak av 20. desember 2000 forbaud Markedsrådet Norges Treningssenterforbund å ha vilkår i standard treningskontraktar som innebar at kundene plikta å la seg dopingteste på oppfordring frå Norges Idrettsforbund. Marknadsrådet meinte den etablerte praksiser var i strid med gjeldande lovverk. Kontroll på private treningssentre er derfor avslutta. Dette har sjølvsagt redusert kunnskapen om omfang av dopingbruk i helsestudiomiljøa.

Dagens lovgjeving
Dagens lovgjeving byggjer på eit skilje mellom det å oppbevara dopingmidlar som er forbode, og det å eiga dopingmidler som er tillatt. Kor grensa går er neppe klart for oss i denne salen, eller for dei som skal handsama regelverket.

Grunnen til at eg nemner dette er det faktum at dagens lovgiving ikkje gjer det enkelt å driva kampen mot doping i samfunnet. Høyringsutkasta som ligg til handsaming i Justisdepartementet handlar om ei mogleg skjerping av lovgivinga om doping. Eit høyringsutkast som ligg til handsaming i Kultur- og kyrkjedepartementet omhandlar organiseringa av kontroll- og påtaleverksemda. Eg håpar innlegga og diskusjonane her i dag vil gi oss nyttige innspel i arbeidet med gode politiske løysningar i begge desse viktige sakene.

For Regjeringa er oppvekstvilkår og samfunnsforhold ei viktig sak. Vi ynskjer å forme eit samfunn som skal gi gode rammer og tilhøve for dei som skal drive samfunnet framover, og ikkje minst for dei som kjem etter oss. Vi må jobbe for eit samfunn som aktivt prøvar å hindre at dei unge får eit rus- og stoffproblem, og som vernar dei mot øydeleggjande dopingbruk. Detta arbeidet er knytta opp mot grunnleggjande samfunnsverdiar.

Politikk handlar om å arbeide for eit samfunn som gir tryggleik, rammer og gode høve for eit meiningsfullt liv. Skal vi nå ei slik målsetting, må vi gjera noko med dei delar av samfunnet som utviklar seg i gal retning.

Dette seminaret er eit viktig innspel til korleis Regjeringa skal handsame spørsmåla om å redusera bruk av dopingmiddel i samfunnet.

På vegne av Regjeringa ynskjer eg at alle får ein interessant dag!