Historisk arkiv

FNs år for frivillig arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

FNs år for frivillig arbeid

Festforestilling for frivillige organisasjonar, Asker, 14. april 2002

Kjære alle frivillige i Asker

Takk for invitasjonen. Det er ei glede å få koma hit og helsa til så mange engasjerte menneske på ulike områder og saksfelt. Men med det felles; at de brukar tid på eit eller anna frivillig.

FNs år for frivillig arbeid er over. De har alle vore med og markert eit fantastisk mangfald av aktivitetar og engasjement i Asker gjennom året som gjekk.

I Noreg gjer rundt 1.7 millionar nordmenn ein frivillig innsats kvart år! Kvar og ein av dei frivillige brukar i gjennomsnitt 10 timar i månaden på frivillig verksemd. Det er imponerande, og svært viktig å verna om i åra som kjem.

Det vert frå tid til anna hevda at frivillig arbeid ikkje lenger har nokon verdi for det moderne menneske, og at stadig fleire ikkje vil gjera noko gratis. Forskarane fortel heldigvis at dette ikkje er sant.

I ei undersøking blei dei frivillige spurt kva dei ville sakna mest, dersom dei slutta å arbeida frivillig. Svaret deira var eintydig; dei ville sakna det sosiale fellesskapet, det å arbeida for ei sak dei trur på, og sjølvvørdnad .

Vi meiner det er viktig å stimulera til og verna om frivillig innsats i samfunnet vårt.

Kvifor er det viktig?

Eg vil peike på fleire verdifulle poeng:

Dei frivillige organisasjonane har lange historiske tradisjonar, og representerer viktige verdiar.

Organisasjonane er viktige sosiale møteplassar, der samver og deltaking har ein eigenverdi, ut over organisasjonane sine primære formål.

I organisasjonane møter ein folk med ulik bakgrunn. Folk som aldri elles omgås eller samarbeider, finn løysingar saman. Styrearbeid gir mange menneske høve til å utøve leiarskap. Det er ei viktig arena for læring – både for born, unge og vaksne.

Spesielt vil eg framheva kor viktig det er for born og unge å ha eit rikt og godt tilbod av aktivitetar i sine nærmiljø. Det er foreldrene som i stor grad driv tilboda, og som stiller opp på dugnad. Born og unge får mange fine erfaringar med seg på vegen gjennom å delta i frivillige organisasjonar, i lag med trygge vaksne, som bryr seg og tek dei på alvor.

Regjeringa arbeider for at dei frivillige organisasjonane skal sikrast økonomiske ressursar og rammevilkår som stimulerer til innsats. Samstundes vil ikkje det offentlege legge unødige føringar på deira verksemd!

Alle de som sit i salen fortener stor merksemd for dykkar innsats. Det er ein som skal få meir merksemd enn andre i kveld.

I statuttane for Frivilligprisen heiter det:

"Frivilligprisen skal gis til en initiativrik person, som med sine ideer har bedret trivsel og livskvalitet for andre. Med sine ideer og sitt pågangsmot har han/hun bidratt til et mer åpent, aktivt og trygt samfunn."

Juryen si grunngjeving:

Prisvinnaren har spela ei sentral rolle for den positive utviklinga av lokalmiljøet som har funne stad på Nesøya frå krigens dagar og fram til i dag. Prisvinnaren har engasjert seg innan ei rekkje område. Bak forslaget står idretten, ved Nesøya Idrettslag, Austre Nesøya Vel, Nesøya Eldres Vel og NUST- utvalet.

Vinnaren blir omtalt som den lokale "guruen" når det gjeld Nesøya si historie. Vinnaren blir framheva som ein framifrå inspirator, og pådrivar for alt som blir gjort for å skapa eit sunt nærmiljø på Nesøya, ikkje minst med tanke på ungdommen. Prisvinnaren er aldri vanskeleg å be, og han tek på seg oppgåvene med glede - ein miljøskapar i særklasse!

Frivilligprisen 2001 blir tildelt Hans Jacob Matthiasen.