Idrett for alle
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 26.03.2002
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Idrett for alle
LO-Aktuelt nr. 3 - 2002
Idrett er ein viktig del av livet til mange menneske. Å driva med idrett eller å vera fysisk aktiv gir den einskilde glede, ei oppleving av å meistre og fysisk og psykisk velvære. Idrett skaper både iver og engasjement. På elitenivå er idrett eit kulturfenomen som gir publikum ei felles oppleving samstundes som idretten også skaper ein kulturell identitet.
Det er mange tusen lokale idrettslag som gir eit breitt aktivitetstilbod først og fremst til born og ungdom. Dei mange frivillige lag og foreiningar utgjer til saman eit sentralt bidrag til sivilsamfunnet. Lokale frivillige organisasjonar er viktige sosiale møteplassar i nærmiljøet, der medlemmer har både rettar og plikter andsynes fellesskapet.
Regjeringa slår fast i Sem-erklæringa at ho vil leggja til rette for at både breiddeidretten og toppidretten skal ha gode vilkår. Dette er det grunnleggjande synet eg har for arbeidet mitt som statsråd med ansvar for idrettsspørsmål.
For staten er det eit overordna mål å kunne tilretteleggje for at så mange som mogleg skal få høve til å drive med idrett og fysisk aktivitet.
Dette inneber ikkje at det er ei statleg oppgåve å leggja til rette for aktivitet innanfor alle typar særidrettar eller på alle nivå. Dei sentrale målgruppene for staten er born og ungdom.
Den viktigaste oppgåva for staten er å stimulera til aktivitet. Derfor gir staten støtte til utbygging av anlegg og område for idrett og fysisk aktivitet. I tida framover er det viktig at vi innrettar anleggspolitikken vår slik at anlegg med stort brukarpotensiale vert prioritert. Vi må også nytte sjansane våre til å byggja anlegg som gir oss høve til å kombinera eit mangfald av aktivitetar.
Skal vi klare å oppretthalde den store idrettsaktiviteten rundt om i landet, er det naudsynt med frivillige ressursar. Vi må ta vare på og vidareutvikle den frivillige idrettsrørsla, primært på lokalt nivå. Dei frivillige organisasjonane må få høve til å utvikla både verdigrunnlaget sitt og aktivitetstilbodet. Vi treng tilbodet frå dei frivillige, fordi dette inneber noko anna enn det offentleg og privat, fortenestebasert, verksemd kan bidra med.
For Regjeringa er det ei viktig oppgåve å arbeida for best mogleg rammer for frivillige organisasjonar og lag generelt. Som kultur- og kyrkjestatsråd har eg sjølvsagt eit særskild ansvar for idretts- og kulturorganiasjonar.
Idretten har i lang tid drive eit aktivt arbeid mot doping. Doping har lenge vorte sett på som eit idrettsproblem. I Noreg har vi kome langt med antidopingarbeidet innanfor den organiserte idretten. Idrettsdoping utgjer knapt noko stort helse- eller samfunnsproblem. Derimot er det grunn til å bry seg om den aukande bruken av doping, i særskild grad anabole steroider, i ulike belasta miljø utanfor idretten. Både politi og fagfolk innanfor medisin, psykiatri og rusmiddelomsorg kan fortelje om urovekkjande erfaringar om verknadene av slike dopingmiddel. Felles for desse erfaringane er ein samanheng mellom bruken av steroider og grov voldskriminalitet. Regjeringa vil derfor vurdera tiltak mot misbruk av dopingmiddel også utanfor den organiserte idretten.