Historisk arkiv

Konferanse om kulturelt mangfald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Konferanse om kulturelt mangfald

Konferanse i regi av Kultur- og kyrkjedepartementet, Norsk kulturråd, Drammen kommune og Oslo kommune. Drammen, 22. august 2002

Kjære deltakarar,

Kulturelt mangfald er ei av dei aller største utfordringane i Noreg i dag. Difor har Kultur- og kyrkjedepartementet og Norsk kulturråd tatt initiativ til denne konferansen saman med Drammen kommune og Oslo kommune. Konferansen skal involvera ulike aktørar på feltet og gi høve til å utveksla idear og synspunkt.

Kultur- og kyrkjedepartementet er i ferd med å utarbeida ei ny kulturmelding. Siktemålet er å utforma ein langsiktig kulturpolitikk som tar omsyn til dei utfordringane vi står overfor i dagens samfunn. I ei tid prega av globalisering og eit aukande kulturelt mangfald er det heilt grunnleggjande å drøfte konsekvensane av ein kulturpolitikk som i stor grad har vore prega av omsynet til å byggja ein nasjonal felleskultur. Dei spørsmåla som ligg til grunn for denne konferansen, blir difor viktige for arbeidet med kulturmeldinga.

I dag seier vi gjerne at Noreg blir eit meir og meir flerkulturelt samfunn. Denne oppfatninga heng nok for mange av oss saman med innvandringa til Noreg dei siste 30 åra og den mykje omtala globaliseringa. Eg reknar med at denne oppfatninga vil bli utfordra seinare i dag; det fleirkulturelle Noreg er ikkje eit nytt fenomen. Noreg har alltid vore eit flerkulturelt samfunn. På den tida då den norske nasjonale identiteten vart odla fram, budde både nordmenn, samar, jødar, kvenar, skogfinnar, rom (sigøynarar) og romanifolket (taterar/dei reisande) her. Under siste delen av 1800-talet og i tida etter unionsoppløysinga var kulturen eit viktig verkemiddel i det nasjonale prosjektet som handla om å skapa ein felles norsk identitet, uavhengig av den danske og svenske kulturen. På grunn av denne kampen for sjølvstende har norsk kulturpolitikk i høg grad vore nasjonalt underbygd.

Men i dag vil ei nasjonal grunngjeving for å satsa på kultur lett verka ekskluderande i forhold til den fleirkulturelle situasjonen vi er i, og i forhold til nye og radikale kulturuttrykk som oppstår i eit samfunn i rask endring. Den framtidige satsinga på kultur må difor ikkje handla om å fremja "det norske" eller det som har vore den rådande oppfatninga av kva som er "norsk kultur", men snarare om å styrkja kulturen i Noreg slik han faktisk er i dag.

Vi må vedgå at det er eit problem at store delar av det norske kunst- og kulturfeltet i dag synest å ekskludera ei stadig aukande gruppe utøvarar og publikum med minoritetsbakgrunn. Vi må difor stilla spørsmål ved den dominerande vestlege forståinga av kunst, kvalitet og profesjonalitet. Ambisiøse mål om integrering, basert på gjensidig kulturutveksling fordrar kritisk sjølvrefleksjon, langsiktige strategiar og satsingar.

Kva må vi gjere?

For det første er det viktig å sikra gode rammer for vekst og utvikling på kunst- og kulturfeltet. Dette er nærast ein viktig føresetnad for å kunne styrkja det kulturelle mangfaldet i norsk kulturpolitikk. Ein offensiv kulturpolitikk er føresetnaden for eit reelt kulturelt mangfald. Det må vera rom for nye initiativ, forsøk og satsingar.

For det andre må vi spørja oss om vi bør leggja eit større ansvar på dei aktørane som er omfatta av kulturpolitikken. Ansvaret for utvikling på dette området må gjelde alle institusjonar. Det er sjølvsagt klare grenser for i kor stor grad staten (Kultur- og kyrkjedepartementet) bør gå aktivt inn og styra eller leggja føringar på kulturinstitusjonane sine virke. Men eg vil likevel oppmoda til ein debatt om bruken av aktive verkemiddel, utan å bli oppfatta som om konklusjonane allereie er der:

For riksinstitusjonane, og institusjonar som held til i område der ein stor del av publikum har minoritetsbakgrunn, kan det vera nærliggjande å be om at institusjonane utarbeider strategiar eller handlingsplanar for korleis dei skal inkludera nye publikumsgrupper.

På programmet for denne konferansen har vi også lagt opp til ein diskusjon om korleis rekrutteringa til kunstfeltet foregår. Sjølv om utdanning ikkje ligg under Kultur- og kyrkjedepartementet, meiner eg at det er viktig å sjå på korleis ein kan fremma rekruttering av ungdom med minoritetsbakgrunn til kunstutdanningane. Det er naudsynt å sjå prosessane som fører til rekruttering i ei vidare samanheng, og mellom anna støtta ulike prekvalifiseringstiltak. Dette vil krevja at ein ser kulturpolitikken og utdanningspolitikken i samanheng i større grad enn tidlegare.

Sidan 1980-talet har det vakse fram fleire mindre uavhengige institusjonar med sterkt fotfeste i ulike minoritetsmiljø som har oppnådd gode resultat med små ressursar. Center for Afrikansk Kulturformidling, Nordic Black Theatre og musikarorganisasjonen Samspill er gode døme på dette. Det vil framleis vera ei viktig oppgåve å sørga for at desse får gode vekstkår. Desse institusjonane gjer ein viktig innsats på område der dei meir etablerte institusjonane kanskje ikkje har kome like langt.

Sjølv i vår tilsynelatande grenselause tid er det trong for å tenka nytt rundt utviklinga av nye møtestader og arenaer for kunst. Dette vil også vera eit tema på denne konferansen og vil bli diskutert med utgangspunkt i døme frå byane Oslo, Trondheim og Drammen.

Vi må også vera serskilt opptatt av kulturtilbodet til born og unge. I eit aktivt lokalt kulturliv spelar dei frivillige organisasjonane ei grunnleggjande rolle, men også kommunane gjennom folkebiblioteka og dei kommunale kulturskulane må ta ansvar for at tilbodet reflekterer eit kulturelt mangfald. Eg meinar at dette også er ein stor utfordring for utviklinga av innhaldet i den kulturelle skulesekken. Ein kulturell skulesekk må også vera ein fleirkulturell skulesekk! Ein framtidig kulturpolitikk må også vera open for kulturuttrykk og utøvarar som ikkje nødvendigvis er så opptatt av organisasjon - ikkje minst gjeld dette ungdomskulturen.

Endeleg vil eg leggja vekt på å styrkja internasjonal kulturutveksling og kultursamarbeid som ein føresetnad for nyskaping og kvalitet i kunsten. Generelt meiner eg at import av kunst og samarbeid mellom norskbaserte og internasjonale kunstnarar er naudsynt, dersom vi skal halda oppe og stimulera til kvalitet på eit høgt internasjonalt nivå. For kunstnarar i Noreg som primært arbeider med tradisjonar og uttrykk med fotfeste i andre delar av verda, er det ofte avgjerande at ein får høve til å samarbeida med kunstnarar utanfor Noreg. For publikum som har bakgrunn frå andre delar av verda vil ønsket om å oppleva kvalitetskunstnarar frå eigen kultur vera stort.

Av og til kan det virka som den største utfordringa er å klara å sjå verda slik ho faktisk er. Ein kan ikkje sjå bort frå at premissane for den nasjonale kulturpolitikken er vesentleg endra sidan 1970-talet. Eit framtidig nasjonalt fellesskap må byggja på mangfaldet og det at vi er ulike, og ikkje på førestillinga om ein felles identitet, historie eller kulturarv. Det vi skal ta vare på som fellesskap er verdiar knytt til den enkelte samfunnsborgaren sine rettar og plikter, menneskerettar, ytringsfridom, toleranse og respekt for kvarandre.

Vi treng langsiktige visjonar og strategiar, nokre handfaste politiske grep, og kompetente miljø som set tiltak ut i livet. På bakgrunn av denne konferansen vil det bli nedsett ei arbeidsgruppe for å utarbeide eit framlegg som kan nyttast som grunnlag for å fremja kulturelt mangfald. Eg ynskjer at regjeringa sitt arbeid med kulturmeldinga skal innehalde ein heilskapleg politikk for eit samfunn og eit kulturliv prega av kulturelt mangfald, og eg vonar diskusjonane på denne konferansen skal gi kvalifiserte innspel til dette.

Lukke til med konferansen!