Historisk arkiv

Landskonferansen for idrettsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Landskonferansen for idrettsråd

Landskonferansen for idrettsråd, Erkebispegården i Trondheim,
25. oktober 2002

Kjære idrettsvener!

Eg vil fyrst få takka for invitasjonen til å delta her i Trondheim på denne tredje landskonferansen for idrettsråd.

Litt om idrettsråda og deira funksjon
I budsjettproposisjonen frå Kultur- og kyrkjedepartementet står det ikkje alt for mykje om idrett. De kjenner sikkert alle til at dei pengane som går til idretten, ikkje er innom statsbudsjettet. Spelemidlane vert fordelte direkte av Kongen, som det heiter , - det vil seie av regjeringa. Men det som står der om idrett er viktig: her gir regjeringa uttrykk for kva politikk ein vil føre på idrettsområdet.

I proposisjonen i år står det mellom anna at regjeringa vil halde fram med å støtta idrettsrørsla i Noreg, både på sentralt og lokalt nivå. Dette er nokså sjølvsagt. Støtta til NIF har vore ein sentral del av den statlege idrettspolitikken i svært mange år. Men den grunngjevinga som er gitt skal de merka dykk: Regjeringa forutset at dei sentrale og regionale ledda av idrettsorganisasjonen skal retta si verksemd inn mot dei laga som står for aktiviteten og som er arena for det frivillige arbeidet. Dei skal med andre ord vera til for dykk, og for dei klubbane og laga de representerer, for å ha fortent den statlege støtta.

Idrettsråda er sentrale i utviklinga av den lokale idretten, og er eit viktig talerør for idretten overfor kommunale styresmakter.

Idrettsråda har til nå vist stort engasjement i spørsmål som gjeld bruk av spelemiddel til anlegg lokalt. I organiseringa av idretten, er det heilt naudsynt at idrettsråda får oversikt over behov og formidlar desse vidare til kommunale styresmakter. Berre på den måten kan idrettslaga lokalt få dei anlegga dei treng.

Også i fordelinga av dei lokale aktivitetsmidlane har idrettsråda vist stort engasjement. Midla er i hovudsak fordelt på ein god og demokratisk måte, heilt etter Stortinget sine intensjonar med ordninga. Erfaringar viser at denne viktige oppgåva styrker idrettsråda sin posisjon, og at idrettslaga sluttar opp om idrettsråda i større grad enn før.

Eg forstår det slik at også idrettsråda skal gi innspel til NIF om aktuelle saker som bør takast opp på idrettstinget. De har ein svært viktig jobb i å få idrettslaga engasjert i idrettspolitiske saker. Det er jo i den lokale klubb ein kjenner kor skoen trykker. Utsendingane til idrettstinget vil nok kjenna seg betre i stand til å fremja synspunkt på vegne av lokalidretten dersom det har vore grundige prosessar lokalt på førehand.

Vegval og verdiar
Eg har blitt invitert til å halda eit innlegg her i dag om "vegval og verdival for norsk idrett." Eg vil koma med nokre synspunkt på utfordringane idrettsorganisasjonen står overfor. Og eg vil sjå dei opp mot dei grunnane staten legitimerer økonomisk støtte til idrettsorganisasjonen med.

Grunnen til at idrettsorganisasjonane lokalt får overført statlege midlar – eller overskot frå NT – er grunna i at deira tiltak skal stimulera til lokal aktivitet for barn og ungdom.

For barn og ungdom er det sosiale livet i og rundt idrettsaktivitetane svært viktig. Det er like viktig som det å delta i konkurransar og forbetre eigne prestasjonar. Mange sluttar med idrett fordi venene gjer det. Å halda veneflokkar saman kan difor vera eit viktig verkemiddel i å skapa gode og trygge oppvekstvilkår.

Det er og ei utfordring for idrettslaga å vera fleksible i høve til nye ynskje og behov hos dei som kjem til idrettslaget. Tradisjonelle idrettslag har blitt utfordra av ungdommen, og vil fortsatt bli utfordra til å vera i kontinuerleg utvikling. Dette er viktig.

Idrettslaga representerer unike miljø der det er rom for alle som vil gjera ein innsats for lokalmiljøet. I dei fleste idrettslag spør ein ikkje etter utdanning og sosial status, ikkje heller etter ein inngangsbillett som berre nokre få kan betala. Med tanke på integrering av barn og unge med framand kulturbakgrunn stiller idretten i ein særklasse. Det er uendeleg mange gode eksempel på korleis idrettsgleda favner på tvers av språk og kultur.

Etter mitt syn, vil det i framtida vere viktig å verna om det mest sentrale ved idrettskulturen, nemleg deltaking og frivillig innsats.

Fordi det norske folk har fått svært god privatøkonomi, kan det for mange vere freistande å betala seg ut av alle plikter. Eg har ei sterk tru på at låg betaling i idrettslaga, kombinert med frivillig innsats og offentlege bidrag, vil gjera det mogleg for fleire å delta i idrettslaga sine aktivitetar. Vi kan ikkje gi opp den frivillige innsatsen. Eg veit mykje om at det er tungt og tida er pressa. Men eg veit og kor mykje glede det ligg i å arbeida for noko i fellesskapet. Der eit idrettslag legg opp til at foreldre og dei unge kan kjøpa seg tenester uten å bidra sjølv, ja då er det ikkje lenger stor forskjell på eit idrettslag og eit kommersielt treningssenter.

I ein stor organisasjon som Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité er det ei utfordring å få det sentrale og det lokale ledd i organisasjonen til å gå i same retning.

Det er vel ikkje ukjent for dykk som sit i salen her at avgjerder om tiltak og gode ynskje frå toppen av organisasjonen ikkje alltid blir tatt vel imot lokalt. Og for dei som er drivkrefter sentralt i organisasjonen, er det ofte frustrerande at det tar lang tid å få gjennomført fornyingar nedover i organisasjonen.

For styresmaktene er det viktig å respektera organisasjonane sine særmerke, og ikkje leggja opp til tilskotsordningar som driv organisasjonane bort frå det dei eigentleg skulle driva med. Derfor er det viktig for oss å halda fram det gode samarbeidet og dialogen med idrettsorganisasjonen.

Endring av tippenøkkelen
Endringa av tippenøkkelen fører til at det blir mogleg å realisere fleire av de mål og intensjonar som Idrettsmeldinga trekk opp, og som det var brei semje i Stortinget om. Eg vil understreka at det i komitémerknadene til saka om endring av tippenøkkelen blei spesielt lagt vekt på at dei auka midla til idrettsformål skal gå til lokal aktivitet for barn og ungdom.

Regjeringa vil halda fram arbeidet for å betra idrettslaga sine kår. På anleggssektoren er det mange utfordringar vi ynskjer å ta tak i den næraste tida. Spesielt i storbyane og i befolkningstette område er utfordringane mange.

Kommunane som opplever stor tilflytting greier ofte ikkje å byggja nye idrettsanlegg og vedlikehalde gamle anlegg i same takt som behova veks. Det er difor naudsynt å gjera tilskotsordningane meir differensierte, slik at vi greier å møta vekstområda sine utfordringar.

Det kan også vera snakk om særskilde tidsavgrensa satsingar retta heilt spesifikt inn mot utvalde stader og område, eller for spesifikke anleggstypar. Som kjend er det naudsynt å seie nei til noko, for å satsa på noko anna.

Departementet ynskjer å bidra til ein god ungdomsidrett. Gjennom idé- og arkitektkonkurransen som departementet har gjennomført, er det kome inn mange gode og kreative løysingar for anlegg som møter behova til dei yngre generasjonane. Det at ungdom sjølv har vore med og utforma prosjekta, har gjort forslaga svært spennande.

Inntekter frå speleautomatar og lotteri
Idrettslaga si verksemd er i stor grad basert på dugnad og inntekter frå speleautomatar og anna lotteri. Som de veit, har eg over lengre tid vore opptatt av dei fleste sidene ved politikken rundt speleautomatar.

Det er spesielt dei forholda som gjeld det aukande problemet med at folk blir avhengig av speleautomatar som vekkjer bekymring. Ikkje berre hos meg, men hos stadig fleire foreldre og organisasjonar, som faktisk også tener på å driva speleautomatar.

Det har vore mykje debatt om saka i media. Private aktørar med store inntekter frå automatane har fått framstilla saka slik at ho tener deira eigne interesser. Mange idrettsleiarar har difor ei oppfatning om at Regjeringa ynskjer å ta frå idrettslaga ei viktig inntektskjelde. Det stemmer ikkje.

Regjeringa har arbeidd mot fleire mål når det gjeld speleautomatar. Regjeringa har som mål å

  • rydda opp i ein uoversiktleg marknad
  • få betre kontroll på løyve, omsetjing og ikkje minst på kven som spelar på automatane
  • sikra inntektene til humanitære og samfunnsnyttige formål
  • redusera overskotet som går til eigarar og innehavarar av oppstillingslokale
  • få ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom dei frivillige organisasjonane
  • syte for at inntektene går til det lokale nivået i organisasjonane

Regjeringa har difor i går bestemt å fremja eit forslag om endring av lov om pengespill, og lov om lotterier.

Forslaget går kort ut på at Norsk Tipping AS får einerett på oppstilling av gevinstautomatar. Inntektene til organisasjonane vert sikra ved at det vert innført eit tredje overskotsformål ved fordeling av speleoverskotet frå Norsk Tipping. Målet er at organisasjonane som i dag har inntekter frå gevinstautomatar ikkje skal få reduserte inntekter etter omlegginga.

Ny nøkkel for fordeling av speleoverskotet til Norsk Tipping vert rekna ut frå den andelen av automatinntektene organisasjonane har hatt i 2001. Det er ein føresetnad at den delen av idrettens framtidige overskot frå automatinntektene, vert fordelt gjennom lokalstøtteordninga. Det vil seia at idrettsråda vil koma til å fordela ein større sum enn i dag. Det vil og seia at forskjellen mellom dei som har speleautomat og dei som ikkje har, vil bli utjamna. Ordningen vert meir rettferdig. Men i ein overgangstid, bør ein nok prioritera dei laga som har vent seg til større budsjett grunna inntekt frå speleautomatar. På sikt er eg ikkje i tvil om at denne ordninga vil koma den lokale idretten til gode.

Eg er klar over at det er store forskjellar mellom idrettsråda i Noreg i dag, med tanke på korleis dei fungerer, om dei har noko administrativ hjelp og så vidare. Det kan dermed synast som eit vågestykke å leggja så mykje pengar ut til fordeling i dette leddet. Eg veit òg at nokre av dykk har meint at nokre av dei pengane de fordeler i dag, burde gå til å administrere ordninga. Dette har departementet motsett seg, rett og slett fordi vi meiner pengane skal gå direkte til aktivitet. Når vi har syntest at vi kunne krevja dette av dykk, er det òg på bakgrunn av at denne ordninga heilt bevisst er gjort svært enkel. Då tenkjer eg at det er få og enkle krav til søkjarane når det gjeld korleis søknaden er utforma, kva tiltak ein kan få pengar til, rapportering osb. Vi har valt å stola på at idrettsråda er dei beste til å vurdera kor pengane best kan brukast, til beste for dei unge.

Sjølv om det no etterkvart blir meir pengar – mykje meir pengar – ser eg ikkje for meg at det skal vere nødvendig å gjera ordninga meir komplisert eller krevjande. Helst ser eg for meg at vi har like lite byråkrati rundt ho som vi har i dag. Dersom dette er umogleg, vil eg nok få tilbakemeldingar om det i høyringsrunda som no kjem – og er sjølvsagt open for å lytta til idretten før vi bestemmer oss.

Regjeringa har brei støtte frå dei store og sentrale organisasjonane i denne saka. Vi går difor ei spanande tid i møte. Eg trur og håpar at idrettsråda ser at Regjeringa ikkje ynskjer å ta i frå idrettslaga sårt trengte inntekter, men at vi snarare tvert om vernar om frivillig innsats, rettferd og lokalt engasjement.

Eg er sikker på at denne konferansen blir interessant og spennande. Det ville vere flott om diskusjonane fører fram til godt lokalt forankra vedtak på idrettstinget i 2003.

Lukke til med konferansen.