Historisk arkiv

Lansering av nettsider for den nasjonale Ibsen-satsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Lansering av nettsider for den nasjonale Ibsen-satsinga

Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo, 15. januar 2002

Kjære Ibsen-vener!

Det er ei stor glede for meg å vera til stades her i dag blant folk som er opptatt av norsk litteratur, språk og skriftkultur.

Eit raskt søk i den norske søkjemaskinen Kvasir, gav 17 640 treff på "Henrik Ibsen". Vi kan med andre ord gå ut frå at salige Henrik er sterkt til stades i det digitale alt før Ibsen.net kjem på banen. Ein kan med eit enkelt søk finna alt frå pålitelege biografiske og bibliografiske opplysingar til informasjon om oppsetjingar i fjerne land

Kvifor i all verda skal det offentlege då bruka pengar på ein Ibsen-nettstad når hovudpersonen i høgste grad er digital?

På den nasjonale Ibsen-konferansen i Skien 1997 var det brei semje om at Noreg må satse meir på å pleia og fornya arven frå Henrik Ibsen, gjennom planmessig innsats i norsk kulturliv og i presentasjonen av Noreg i utlandet. Sidan då er det blitt stadig tydelegare at Internett er eit sterkt medium. Truleg er det unikt når det gjeld å samla globale interessemiljø på eit gitt felt. Eit nettforum gir oss tilgang til inspirerande kollegaer og meiningsfeller over heile verda som folk oftast ikkje elles kunne samtala med sjølv om vi har same interesse. Det gir forskarane høve til fortløpande diskusjon og det gir dei som leitar etter særskild kompetanse, høve til å finna han.

Dette fører i sin tur til auka aktivitet hos brukarane. Ein kinesisk skodespelar vil lett kunne finna ut om det same stykket vert spela i Tyskland. Ibsen.net skal sjølvsagt ikkje erstatta eksisterande Ibsen-sider, men styrkja nettverket mellom desse. Ibsen-satsinga på nett skal gi dei mange Ibsen-interesserte eit naturleg knutepunkt på nettet. Det var nettopp på grunn av nettsatsinga at løyvinga til Nasjonalkomiteen for Ibsen-satsinga vart auka i 2001.

Eg har med glede merka meg at Nasjonalkomiteen for Ibsen-satsinga er opptatt av særs medveten variasjonen i språk- og målgrupper for nettsatsinga. Tilretteleggjinga for ni ulike målgrupper med forskjellige innfallsvinklar til Ibsen og verka hans – teater, skule, studiar, forsking, bibliotek, museum, media, kunst og dessutan reiseliv – virkar klok og gjennomtenkt.

Men alle desse brukarane vil raskt mista interessa om Ibsen.net berre blir ein Noregsplakat eller noko å smykka seg med i rapportane. Når eg står her i dag og opnar denne nettstaden, er det ikkje fordi vi treng eit glansbilete av norsk kulturliv, men fordi vi treng ein dynamisk nettstad som gir den globale interessa for Ibsen ein heim. Eg er overtydd om at Nasjonalkomiteen er klar over ansvaret sitt når det gjeld aktualitet, relevans og omsynet til brukarane. Det er eit godt arbeid som er gjort og fleire ressursar er alt tilgjengelege – Ibsen-encyclopedi – digitalisert Ibsen-litteratur, repertoardatabase og aktualitetskalendar – no ventar det spanande samspelet med ei verd av Ibsen-entusiastar.

Debatten om forholdet mellom informasjon på internett og dei tradisjonelle kjeldene til kunnskap har vist at det ikkje blir mindre bruk for redaksjon og utval når informasjonstilfanget aukar. Det er difor ei glede å sjå at eit kompetent og breitt samansett redaksjonsråd har ansvar for nettstaden. Dei vil saman kunne finne ein god balanse mellom eigenproduksjon og lenking til andre ressursar.

Blant oppgåvene til Nasjonalkomiteen for Ibsen-satsinga er å leggja planar for ei brei nasjonal og internasjonal markering av hundreårsminnet for Ibsen sin død i Ibsen-året 2006. Eit blomstrande ibsen.net vil vera eit viktig ledd i satsinga fram mot 2006. Nettstaden vil vera markeringa sitt globale knutepunkt og informasjonstavle.

Åra fram til 2006 må brukast til å vinna erfaring og til å gjera nettstaden kjend over heile verda. Starten har vore imponerande, men det er no det verkelege arbeidet tar til, og det er viktig at det "gjøres fullt og helt og ikke stykkevis og delt". Med desse orda frå hovudpersonen erklærer eg Ibsen.net for opna.