Historisk arkiv

Malraux-seminar - Festspela i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Malraux-seminar – Festspela i Bergen

Bryggen museum, Bergen, 23. mai 2002

Kjære ordførar, seminardeltakarar, foredragshaldarar og franske kollegaer!

Hjarteleg velkomne til festspelbyen Bergen og to dagar med Malraux-seminar i Bryggens Museum. Tema er fransk kulturpolitikk, og seminaret har fått namn etter Frankrikes fyrste og svært profilerte kulturminister André Malraux, som også var ein prisløna forfattar og intellektuell.

Initiativet til dette seminaret vart tatt av min forgjengar under eit møte med den franske kulturministeren Madame Tasca i Paris, i fjor vår. I samband med ei seinare vitjing i Caen i Bass-Normandie, vart Bergen foreslått som ein passande stad å halda eit slikt seminar fordi Hordaland er venskapsfylke med Bass-Normandie. Relasjonane mellom Noreg og denne delen av Frankrike er særleg sterke, og Fransk-Norsk Senter for utveksling og samarbeid i Caen i Normandie spelar ei viktig rolle i arbeidet med å halda ved lag og styrkja banda mellom våre to land.

Det var og ei glede for meg å fylgja opp initiativet til å gjennomføra eit Malraux-seminar i Noreg. Gjennom århundre har det vore ein sterk politisk og kulturell påverknad mellom landa våre. Ei lang rekkje norske kunstnarar har henta inspirasjon og lærdom frå opphald i Frankrike. Frå slutten av 80-tallet har det vore ein markant auke i kultursamarbeidet, spesielt innan bildande kunst, musikk og litteratur. Og det ser ut til at impulsane i sterkare grad går begge vegar – noko som er ein føresetnad for eit levande og fruktbart kultursamarbeid. I norske kulturmiljø er interessa stor for å vidareutvikle samarbeid med Frankrike. I arbeidet med å styrkja kultursamarbeidet vil nettverksbygging innan utvalde felt av felles interesse stå i fokus. Det franske kultursenteret i Oslo er ein viktig medspelar i denne samanhengen.

Hovedgrunnen til interessa vår for å få arrangert eit Malraux-seminar her i Noreg er at Kultur- og kyrkjedepartementet er i ferd med å utarbeida ei ny kulturmelding som vil bli lagt fram for Stortinget våren 2003. Siktemålet er å utforma ein langsiktig kulturpolitikk som tar omsyn til dei nye utfordringane vi står framfor i dagens samfunn. For å bringa fram nye perspektiv på norsk kulturpolitikk har vi gjort samanlikningar med kulturpolitiske modellar i ein del andre land, der i blant Frankrike.

Frankrike er kjent som ein stor kulturnasjon med lange tradisjonar for at offentlege styresmakter satsar offensivt på kunst og kultur. Forskjellane mellom Frankrike og Noreg er store, og landa er vanskelege å samanlikna av fleire grunnar. Eg trur likevel vi kan ha mykje å læra av den franske kulturpolitikken - og særleg av den franske tradisjonen for å satsa offensivt på kultur ut frå ein grunnleggjande erkjenning av kunsten og kulturen sin eigenverdi.

Eg vonar det skal bli to interessante dagar med utveksling av kulturpolitiske tankar og erfaringar. Takk til den franske kulturråden, dei franske foredragshaldarane, og takk til Senter for europeiske kulturstudier som arrangerer seminaret for oss!