Historisk arkiv

Møte med fylkeskultursjefane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Møte med fylkeskultursjefane

Oslo, 5. februar 2002

Det er ei glede for meg å vera her i dag, på mitt første møte med fylkeskultursjefane. Eg er svært opptatt av at ein samordna nasjonal kulturpolitikk må bli utarbeidd i nær dialog med dei mange aktørane i kulturlivet. Det er viktig at interessa og engasjementet for kunst og kultur vert stimulert lokalt og veks fram nedanfrå. Fylkeskommunane ivaretar i dag viktige oppgåver innan kulturfeltet, åleine eller i samarbeid med stat eller kommune. Dei er ei viktig drivkraft i utviklinga av kulturpolitikken på både regionalt og nasjonalt nivå. Eg ser difor fram til å høyra dykkar synspunkt både på den overordna politikkutviklinga og på viktige kulturpolitiske saker som skal handsamast i tida framover.

Mennesket har ikkje berre materielle behov. Kultur er eit uttrykk for åndsdimensjonen ved oss menneske, den gir innsikt og byggjer bruer mellom folk og nasjonar. Kulturutfolding og kunstoppleving fører til auka livskvalitet, og difor må vi legge til rette for at alle kan oppleve dette. Vi må legge vekt på kunsten og kulturens egenverdi.

Kvardagen i dag er prega av mange og raske forandringar. Menneske verda over blir knytte tettare saman på grunn av økonomisk og kulturell globalisering. Kulturen er samansett og i stadig endring. Men som følgje av globaliseringa skjer endringane hurtigare, og norsk kultur er i ferd med å bli langt meir kompleks enn tidlegare. Vi har i dag eit samfunn med fleire språk, religionar og levesett.

Dette er noko norsk kulturpolitikk må innlemma i den overordna politikkutviklinga. Vi må forkasta myten om Noreg som ein etnisk og kulturelt homogen nasjon og forstå at kulturelt mangfald er ein viktig ressurs for heile mennekeætta, som vi må verna om og fremja. Det dannar sjølve grunnlaget for kreativitet og menneskeleg utvikling og gir oss nye valalternativ i danninga av vår kulturelle identitet. Samstundes stiller det oss overfor nye utfordringar. Arbeidet for toleranse og kamp mot ulike former for rasisme må stå sentralt. Kritisk sjølvrefleksjon og bevisstgjering av våre eigne haldningar er ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet.

Å fremja kulturelt mangfald inneber at ein må støtta eit breitt spekter av kunstneriske og kulturelle uttrykk. Lokale kulturytringar og minoritetskulturar må støttast aktivt som ein integrert del av den norske kulturen. Særleg viktig er det òg å ivareta den kunsten som sjelden slepp til gjennom dei kommersielle formidlingskanalane.

Ein føresetnad for eit levande demokratisk samfunn er grunnleggjande verdiar som ytringsfridom, politisk fridom, religionsfridom og organisasjonsfridom. Dei frivillige organisasjonane spelar ei viktig rolle med å halda i hevd desse verdiane. Samstundes er organisasjonane viktige for utviklinga av demokrati og deltaking i samfunnet, så vel som for produksjon av tenester. I lokal- og nærmiljøet tenar dei også som sosiale møteplassar, der samver og deltaking har ein eigenverdi ut over organisasjonane sine primære formål.

Vi vil difor sjå til at dei frivillige organisasjonane har gode og stabile økonomiske rammer. Dei må sikrast tilstrekkelege økonomiske ressursar og rammevilkår som stimulerer til innsats, utan at det offentlege legg føringar på verksemda deira. Som kjent er det løyvd i alt 200 mill. kroner til momskompensasjon for 2002. Dersom det syner seg at dette er meir enn det som faktisk skal til for å dekkja opp desse meirutgiftene, vil det overskytande verta tilrådd fordelt til frivillige organisasjonar i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002.

Samstundes med at det kulturelle mangfaldet i Noreg har auka, er presset på lokale og nasjonale kulturar frå ein standardisert, kommersielt innretta kulturproduksjon aukande. Globaliseringa er med andre ord ikkje berre ein føresetnad for større mangfald, men representerer også eit potensielt trugsmål mot mangfald og ytringsfridom. Kulturpolitikken er difor eit område der ein må henta inn vinstane frå globaliseringa og samstundes setja inn motstrategiar der mangfaldet er truga.

Ikkje minst er det ei viktig kulturpolitisk oppgåve å sikra det språklege mangfaldet. Presset på norsk språk og kultur i kjølvatnet av globaliseringa og den teknologiske utviklinga er òg nemnt særskilt i den merknaden frå 1999 der fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen bad Kulturdepartementet setja i gang med å førebu grunnlaget for ei ny kulturmelding. Dette byggjer nettopp på den erkjenninga at språk er noko meir enn eit instrument for effektiv kommunikasjon. Det er også eit viktig element i vår kulturelle identitet.

Men å fremja norsk språk og kultur handlar sjølvsagt ikkje om vern frå impulsar utanfrå. Tvert i mot er auka internasjonal utveksling på kunst- og kulturområdet viktig for å fremja både innsikt, forståing og respekt overfor andre kulturar og for kvalitet og nyskaping i kunsten. Vi ynskjer å halda i hevd kulturarven forfedrane våre har overlevert oss, og bringa han vidare til etterkomarane våre. Men det skal ikkje vera ei ukritisk overlevering. Vi treng eit blikk utanfrå på oss sjølve og våre nedarva førestellingar. Eit slikt blikk kan bringast fram i møtet mellom ulike kulturar, og det kan bringast fram i kunsten. Kunsten kan få oss til å sjå røyndomen på radikalt nye måtar og representerer såleis ein nødvendig kritisk funksjon i eit demokratisk samfunn.

Utdanningseksplosjonen og internasjonaliseringa har endra vilkåra for kunstnerisk produksjon og formidling i Noreg. Ekspertisen på samtidskunst er blitt større enn tidlegare. Samstundes er ein ung generasjon internasjonalt orienterte kunstnarar i ferd med å setja sitt preg på den norske samtidskunsten gjennom nye eksperimenterande og alternative uttrykksformer. For å utnytta dette potensialet og oppretthalda ein uavhengig, nyskapande og kritisk kunst, er det særleg viktig å utvikla gode støtteordningar for det frie kunstfeltet kor denne typen kunstuttrykk oftast vert produsert og formidla.

Eit sentralt arbeidsfelt i åra framover blir å følgja opp og gjennomføra det store kulturpolitiske prosjektet som Stortinget slutta seg til ved handsaminga av stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum frå den førre Bondevik-regjeringa. Her er det ikkje berre tale om meir pengar; det handlar like mykje om å nytta dei ressursane vi set inn i ein medveten og klår strategi for å få skapa struktur og utvikling, og å ta tak i dei grunnleggjande utfordringane som den nye teknologien representerer innanfor kunnskapsforvaltning og kunnskapsformidling.

Det som er særleg gledeleg å melda i desse dagar, er at vi har fått sett på skinnene arbeidet med å skipa det nye felles samordnings- og utviklingsorganet for arkiv, bibliotek og museer, Abm-utvikling.

Dette er eit strategisk viktig grep mellom anna fordi det er meint å fungera som eit instrument som departementet kan bruka til å følgja opp mange av dei substansielle tiltaka som det er tatt til orde for i meldinga. Vårt håp er at den nye institusjonen, Abm-utvikling, vil bli ein dynamisk utviklingsaktør med så stor fagleg og organisatorisk tyngde at den vil medverka til å gi arkiv, bibliotek og museum ein sentral posisjon i det kunnskaps- og informasjonssamfunnet vi er på full fart inn i.

Institusjonen skal byggjast opp steg for steg i løpet av 2002 med utgangspunkt i dei tre eksisterande organa, Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektjenesten og Norsk museumsutvikling. I tillegg skal det nye organet ivareta oppgåver på arkivfeltet.

Nytilsett direktør for Abm-utvikling er direktør ved Norsk museumsutvikling Jon Birger Østby. Direktøren skal leia oppbygginga av det nye organet under overordna styring av eit interimsstyre som nyleg vart oppnemnt av Kultur- og kyrkjedepartementet i samråd med Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet. Han vil i eit innlegg seinare i dag gå nærmare inn på dette.

Innanfor ansvarsområde sitt skal Abm-utvikling leggja vekt på at konkrete ordningar og løysingar vert vurderte ut frå overordna nasjonale omsyn. Men ikkje slik at dette på noko vis er til hinder for at ein også fremmer tiltak av regional og lokal karakter.

I budsjettet for 2002 er det lagt opp til ei styrking av museumsfeltet. Midlane skal rusta opp viktige museumseiningar i heile landet og støtte opp under den omlegginga av museumslandskapet som Stortinget har slutta seg til i behandlinga av Abm-meldinga.

Norsk museumsutvikling er godt i gang med dei omfattande, men heilt nødvendige, strukturreformene innanfor det norske museumslandskapet. Denne landsomfattande museumsreforma skal omskapa eit fragmentert museumslandskap ut frå tre prinsipp:

  • å bevara og styrkja lokalt engasjement i kulturvernet
  • å sikra fagleg kompetanse og institusjonell styrke på regionalt nivå
  • å samordna musea i eit nasjonalt nettverk.

Det overordna formålet er kvalitetsheving, ikkje sentralisering.

På arkivområdet er hovudutfordringa framover å setja det statlege Arkivverket i stand til å ta hand om dei store mengdene av bevaringsverdig elektronisk arkivinformasjon som står i fare for å gå tapt. Det dreier seg her om å tryggja eit vitalt kjeldemateriale for framtidig forsking og vitskap, men ikkje mindre viktig, å hindra at den offentlege forvaltninga gradvis viskar ut dei spora etter seg som er nødvendige for at ettertida skal kunna dokumentera dei rettar og velferdsinteresser som alle borgarar i ein demokratisk rettsstat har krav på å få oppfylt.

Vi vil også utvikla vårt bibliotekstell med Nasjonalbiblioteket i spissen til eit samordna system tufta på brukartilpassa teknologiske løysingar. Det er eit stort behov for å betra dei fysiske rammevilkåra for Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling. Her må det samstundes arbeidast målretta for å finna løysingar som gir fullgode vilkår for tilsette og brukarar.

Ein av ambisjonane på bibliotekfeltet er å skapa det vi kallar det saumlause biblioteket, dvs. eit bibliotektilbod som gjer at ein bibliotekbrukar skal kunna venda seg til eit fritt valt bibliotek, og uavhengig av bibliotekettype og storleik få den tenesta og den sørvis vedkomande måtta ynskja.

I regi av Statens bibliotektilsyn er det nyleg utarbeidd ein rapport om fylkesbiblioteka. Fylkesbibliotek er ei nemning frå tidleg 1970-tal, og det går fram av den utgreiinga som no ligg føre, at mykje har endra seg sidan den gongen. Rapporten stadfester inntrykket av at dei framtidige oppgåvene på regionalt nivå vil vera knytte til rådgjeving, kompetanseutvikling, samordning og forsøks- og utviklingsarbeid, meir enn til ordinær bibliotekdrift med samlingar og utlån.

Spørsmålet melder seg likevel om det er fullgodt å drøfta ein kategori bibliotek eller nokre få bibliotekfunksjonar isolert. Mykje talar for at ein i same runden bør tenkja litt høgt kring heile folkebibliotekstrukturen, korleis dei lokale einingane i framtida bør organiserast og korleis desse kan samspela med resten av biblioteklandskapet. Nasjonalbiblioteket må òg trekkjast inn i desse vurderingane, av di denne institusjonen må spela ei viktig rolle i arbeidet med å utvikla og samordna både bibliografiske og andre databasar. Depotfunksjonen ved Nasjonalbiblioteket vil dessutan vera eit viktig element i drøftinga av framtidige fjernlånsordningar.

I Abm-meldinga vart det elles gjort framlegg om å samorganisera seks kunstinstitusjonar i Oslo-området, noko Stortinget slutta seg til. Det gjeld Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo, Norsk Arkitekturmuseum, Riksutstillingar og Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden.

Sidan det er tale om å samorganisera seks noverande institusjonar, har fleire spurt om dette er eit forsøk på å rasjonalisera og spara pengar innanfor kunstområdet. Det kan eg avkrefta heilt og fullt. Intensjonen med heile prosjektet er å skapa ei sterkare, samla plattform for kunstformidling.

Gjennom ein ny, kunstfagleg vidtfemnande og vitskapleg fundert institusjon er målet å utvikla ein formidlingsarena som inkluderer eit breitt spektrum av kunstformer, og som òg tek høgde for nye, grenseoverskridande ytringsformer.

Det er mogeleg at noko av arbeidet kan utførast på ein meir rasjonell måte når ein får sterkare samordning av arbeidsoppgåvene. Den vinsten skal i så fall disponerast til museumsfaglege og kunstformidlande oppgåver innanfor den nye institusjonen.

Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt eit interimsstyre med ansvar for å førebu prosessen med samorganisering og dessutan setja i gang å klarleggja brukarbehov m.m. som grunnlag for vidare prosjektering av den bygningsmassen som er naudsynt, m.a. nybygg på Tullinløkka.

Hittil har arbeidet i hovudsak vore konsentrert om dei organisatoriske spørsmåla: Korleis kan ein finna fram til ei organisasjonsform som tar vare på dei sterke sidene som dei noverande institusjonane har, samstundes som den nye institusjonen skal kunna gi endå betre og meir mangslungne kunstopplevingar til eit totalt sett større publikum?

Eg ser med forventing fram til dei framlegga som styret skal presentera i løpet av fyrste halvår.

Regjeringa er i alle fall klar til å ta utfordringa for å leva opp til intensjonane i Abm-meldinga.

Staten aukar investeringstilskota til nasjonale kulturbygg rundt om i landet. På bakgrunn av omfattande udekte behov og mange urealiserte planar og byggjeprosjekt i kultursektoren, har departementet utarbeidd ein investeringsplan for nasjonale kulturbygg og fylkestusenårsstader som vart presentert i budsjettproposisjonen for 2002.

Planen er eit styringsdokument for kulturbygginvesteringar i den komande fireårsperioden, og ei oversikt over prosjekt som er aktuelle etter fireårsperioden. Den vil såleis tena som ein reiskap for å sikra langsiktig og heilskapleg planlegging i kulturpolitikken.

Investeringsplanen har følgjande prinsipp for prioritering av nasjonale kulturbygg og tusenårsstader fram til 2005:

  • igangsette prosjekt med vedtatte tilsegner
  • nye tusenårsstader
  • andre prosjekt og tiltak som har særleg høg prioritet.

Med utgangspunkt i investeringsplanen vil vi realisera fleire viktige og lenge forsømde prosjekt fram mot år 2005. Mellom anna skal det etter planen byggjast eit senter for romanikultur ved Glomdalsmuseet og eit nytt teaterbygg for Hålogaland teater. Departementet avventar forprosjektet for dette bygget. Nokre av dei andre større prosjekta er Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter og Østsamisk museum i Neiden.

Formidling av kunst og kultur til born og unge er eit anna viktig satsingsområde. Det pågår prosjekt med tilknyting til den kulturelle skulesekken i alle fylke. Nokre fylke har så vidt kome i gang og har invitert enkelte kommunar til å delta i ordninga. I andre fylke er skulesekker, kulturnister eller kulturpakker meir etablerte ordningar.

Det er brei politisk oppslutnad om det overordna siktemålet – å nå ut til born og unge i grunnskulen med kunst og kultur. Dette kan likevel skje etter fleire modellar og på ulike ambisjonsnivå.

Eit vellukka resultat krev at både skulesida og kultursida engasjerer seg. Ein tenleg måte å dela ansvaret på vil etter vår vurdering vera å skilja mellom ei etterspurnadsside og ei tilbodsside. KKDs ansvar må i hovudsak knytast til tilbodssida, medan skulestyresmaktene heilt ut bør ta ansvaret for etterspurnadsida.

Ei rad institusjonar innanfor kultursektoren gjer allereie mykje på tilbodsida, men det er òg råd å gjera ein mykje større innsats for å utvikla tilbodet av kulturytringar tilpassa skulebruk, dersom det vert tilført meir ressursar. Med dette prinsipielle utgangspunktet vil departementet vurdera ulike opplegg for vidareføring av den kulturelle skulesekken.

Det pågår for tida mange utgreiingsprosjekt innanfor kulturfeltet, m.a. innanfor musikk, scenekunst og litteratur. Dels er det tale om utgreiingar sette i verk av departementet, dels er det prosjekt i regi av Norsk kulturråd og andre fagorgan. Dette vil vera viktige premissar for den framtidige kulturpolitikken, og eg vil leggja opp til ei samla drøfting i ei generell kulturmelding. Ei forsvarleg handsaming av dei mange utgreiingane tilseier at departementet nyttar det komande året til å førebu ei slik melding med sikte på framlegging for Stortinget tidleg i 2003.

Den førre regjeringa la til grunn at spørsmålet om justeringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa på kultursektoren skulle vurderast i kulturmeldinga. Dette slutta Stortinget seg til og eg vil følgja dette opp. Drøftinga i kulturmeldinga vil vera ein del av regjeringa si oppfølging av oppgåvefordelingsmeldinga som Stortinget handsama i fjor vår. Det dreier seg om å vurdera eit noko større fylkeskommunalt ansvar for og innverknad over ein del institusjonar og økonomiske verkemiddel på delar av kultursektoren.

Men spørsmålet om oppgåveoverføringar må vurderast opp mot behovet for at landet framleis skal ha ein nasjonal kulturpolitikk med eit substansielt innhald. Men dette skal vi altså gå nøye igjennom i meldinga som kjem i 2003. I samband med førebuinga av kulturmeldinga vil departementet elles leggja opp til om uformelle samtalar med representantar for regionalt og lokalt forvaltningsnivå for å drøfta relevante problemstillingar.

Vi står framfor store utfordringar i dei komande åra. Auken i årets kulturbudsjett må seiast å vera eit godt utgangspunkt for ei positiv vidareutvikling av dette saksområdet i åra som kjem, og brei politisk semje om hovudlinene i kulturpolitikken borgar for eit godt samarbeidsklima på kunst- og kulturfronten.

Eit aktivt kunst- og kulturliv er eit godt virkemiddel mot einsretting, fremmedgjering og isolasjon. Kommersialisering av kulturen og avgrensa ressursar har bidratt til å svekke det lokale særpreget og den nasjonale identiteten. Derfor er det viktig å styrke medvitet om vår kulturarv og legge vekt på at kunst og kultur har ein eigenverdi.