Historisk arkiv

Nordisk konferanse "Kunst finner sted"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Nordisk konferanse "Kunst finner sted"

Nordisk Ministerråd, Hotell Bristol, Oslo, 18. september 2002

Kjære konferansedeltakarar – frå Noreg og Norden!

Hjarteleg velkomne til denne to-dagars konferansen om kunst og stadutvikling. Kultur- og kyrkjedepartementet ønskte å bidra med eit nordisk arrangement i høve det norske formannskapet i Nordisk Ministerråd. Då Utsmykkingsfondet for offentlege bygg la fram sine jubileumsplanar om ein nordisk konferanse med temaet kunst og stadutvikling, såg vi raskt at dette passa godt saman med vårt ønske om ei markering. Vi var derfor glade for å kunna invitera til denne konferansen i Oslo i samarbeid med Utsmykkingsfondet.

Det offisielle statlege samarbeidet i Norden skjer innanfor ramma av Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Kultursamarbeidet omfattar allmennkulturell verksemd i vid forstand. Noreg har frå 2002 overtatt formannskapet i Nordisk Ministerråd etter Finland. Vi vil nytta formannskapet til å arbeida for å setja kultur høgare på den politiske dagsordenen og å betra rammevilkåra for kultursamarbeidet.

I ei verd som for kvar dag blir meir og meir internasjonal, er det viktig at vi her i nord held fast på samarbeidet mellom dei nordiske landa og det sterke historiske fellesskapet. Dette samarbeidet er viktig på alle felt, og ikkje minst når det gjeld kultur der vi har så mange felles røter. Konferansen "Kunst finner sted" er eit viktig tiltak for å styrkja kontakten mellom dei nordiske landa.

Kulturpolitikken skal sikra alle menneske høve til å møta, oppleva, la seg inspirera – eller provosera – av god kunst. Kulturpolitikken tar utgangspunkt i at alle menneske har ein rett til ikkje berre å uttrykkja seg fritt, men til å kommunisera ved hjelp av alle dei typar uttrykk som finst: Ord, tonar, rørsler, bilete.

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg har gjennom 25 år vore statens fagorgan for kunst i offentlege rom, og det har vore ein viktig aktør i statens målsetjing om å gjera kunst i Noreg meir tilgjengeleg. Fondet har vore med på å tilføra landet verdiar i form av kunstverk i statsinstitusjonar, og kommunale og fylkeskommunale bygg over heile landet. I delar av landet kan verk i offentlege bygg til og med vera den einaste tilgjengelege kunsten. Samtidskunsten når på denne måten ut til folk i alle aldrar.

God utsmykking skal vera tilpassa staden og ta omsyn til både arkitektur og brukarar. Men det viktigaste er at god kunst skal kunne påverka menneskesinnet. For å kunna koma alle desse krava imøte, treng vi den profesjonelle kunstnaren. Kunstnarar over heile landet får gjennom utsmykkingsoppdrag eit breitt publikum i tale og sjansen til å spela ei aktiv rolle i ei kvalitativ forming av miljøet kring menneska.

Dei siste tiåra har staten auka sitt engasjement for å medverka til auka kvalitet i dei fysiske omgjevnadene våre, og formgiving blir tillagt større vekt i samfunnet. Frå byrjinga av 1990-talet er offentlege rom, inkludert utsmykking, arkitektur og design sette inn i ein kulturpolitisk samanheng.

Saksfeltet vil bli drøfta vidare i den komande kulturmeldinga som etter planen skal leggjast fram i 2003. Siktemålet med kulturmeldinga er å utforma ein langsiktig kulturpolitikk som tar omsyn til dei nye utfordringane vi står overfor i samfunnet i dag.


For å stimulera til nyskaping og kvalitet er det viktig å styrkja vår kulturkontakt med omverda og å vera mottakelege for impulsar utanfrå. Samtidig med at vi set inn strategiar mot kulturell einsretting, må vi erkjenna og nytta dei sjansane globalisering og internasjonalisering gir oss i eit opnare verdssamfunn.

Eg er sikker på at vi alle vil få stort utbytte av denne konferansen. Her vil vi få høve til å utveksla røynsler og få ny kunnskap om den rolla kunsten har i offentleg stadutvikling, i Norden og internasjonalt.

I høve konferansen har eg den store gleda å invitera til ei mottaking på Akershus Festning i kveld. Akershus Festning er i dag offisielt representasjonslokale for regjeringa, og slottet kan vera ei fin kulturhistorisk og inspirerande ramme for konferansen.

Eg er sikker på at dette vil bli to interessante dagar.

Takk til Utsmykkingsfondet og alle dykk andre som har medverka for å få til denne konferansen. Eg vil også nytta høvet til å gratulera Utsmykkingsfondet med 25-årsjubileet.

Det er ei glede for meg å erklæra konferansen "Kunst finner sted" for opna.