Norsk teater- og orkesterforenings årsmøte 2002
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 12.06.2002
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Norsk teater- og orkesterforenings årsmøte 2002
Oslo, 12. juni 2002
Tusen takk for invitasjonen til å opna NTOs årsmøte. De er ei svært spennande forsamling å møta for meg. Rett nok har eg møtt mange av dykk tidlegare i ulike samanhengar, men aldri samla. Derfor set eg stor pris på å vera invitert hit i dag.
I departementet er vi no midt inne i arbeidet med store oppgåver, og det set grenser for kva eg kan koma med av store nye saker. Eg vil likevel nytta høvet til å framheva nokre område som eg er særleg opptatt av.
Men først litt om det pågåande arbeidet med større oppgåver:
- Som de veit er vi no midt i førebuinga av budsjettet for 2003.
Det ser dessverre ut til å verta eit svært vanskeleg år
budsjettmessig. På grunn av store underheng frå 2002 – blant anna
inndekning av bortfallet av inntekta frå investeringsavgifta som
det er vedtatt skal avviklast frå 1. oktober i år – har vi alt
brukt svært store beløp – og det altså før nokon annan auke eller
nye tiltak er lagde inn. Eg trur altså at det kan verta eit knapt
år neste år – også for kultursektoren. Men det siste ordet er ikkje
sagt ennå, og eg ser det sjølvsagt som mi oppgåve å kjempa for eit
best mogleg kulturbudsjett.
Ei avgjerd er alt tatt når det gjeld budsjettet for dei nærmaste åra. Som kjent har Stortinget vedtatt at tredelen av overskotet til Norsk Tipping som før gjekk til forsking, no skal gå til kulturformål. Midlane er øyremerkte Kulturell skolesekk, dei frivillige organisasjonane sitt arbeid for barn og unge (Frifond) og investeringar/vedlikehald av lokale/regionale møteplassar/kulturhus. Auken er rekna til om lag 430 mill. kroner når omlegginga er fullt innfasa i 2005. Det er enno for tidleg å seia noko konkret om korleis midlane skal fordelast. Det skal departementet koma tilbake til Stortinget med forslag om seinare. Auken er sjølvsagt svært gledeleg for dei formåla som får nyta godt av han. Eg må likevel vedgå at eg er litt engsteleg for at dette skal gjera det enno vanskelegare å få midlar til andre prioriterte kulturområde, dei områda som ikkje er nemnd spesielt i stortingsvedtaket.
- Vi har varsla ei ny kulturmelding våren 2003, og vi har fleire
utgreiingar innanfor både scenekunst og musikk – først og fremst
Orkesterutredningen, Scenekunstutredningen og
Nasjonal plan for opera og ballett. Dei to siste er no til
høyring med frist 15. september. Dette vil gje grunnlagsmateriale
for meldinga på desse områda.
Vi har også andre utgreiingar – som alt er leverte eller er på gang:
Tilskotsordninga for fri scenekunst er som kjent evaluert. På musikkfeltet ventar vi på utgreiingar om musikkensemble og det rytmiske feltet. Det finst alt utgreiingar om jazz og folkemusikk.
God saksbehandling tilseier at eg må vera forsiktig med å uttala meg om forslaga i utgreiingane før høyringsrundane er over og vi deretter har vurdert innspela. Eit tema vil eg likevel kommentere: Eg synest at dei to "store" institusjonane innanfor musikk og teater i Bergen – Den Nationale Scene og Harmonien - kjem for dårleg ut av Scenekunstutredningen og Orkesterutredningen. Det er etter mi meining ingen grunn til å endra DNSs status som nasjonal institusjon. Teatret si lange historie og sentrale plass i institusjonsbiletet tilseier status som nasjonal institusjon. Når det gjeld Harmonien i Bergen – som ikkje er blant dei mest prioriterte i Orkesterutredningen - vil eg visa til at vi fekk lagt inn to nye millionar i revidert nasjonalbudsjett som eit bidrag til å realisera planar om auka turnéverksemd på Vestlandet.
Eg har også registrert at Carte Blanche (som fleire andre region-/landsdelsinstitusjonar) er urolege over forslaget om å flytta løyvinga til kompaniet ut av departementet. Utan at eg kan forskotere ei avgjerd her, vil eg likevel gjerne gi klart uttrykk for at moderne dans er eit område som eg ønskjer å prioritera.
Det er stor breidd i dei mange utgreiingane eg nettopp nemnde, noko som viser dei mange utfordringane vi har innanfor musikk og scenekunst. Her ligg mellom anna ei viktig utfordring i aksen institusjon – "fri" kunst (det vil seia kunst skapt utanom institusjonane). Svaret er ikkje eit anten eller, men: ja takk begge deler. Utan at eg med dette har tatt stilling til forslaga i Scenekunstutredningen – er utfordringa for meg å gi dei etablerte institusjonane gode vilkår samtidig som det også blir lagt betre til rette for den kunsten som vert skapt i frie scenekunstgrupper og musikkensemble.
Her ventar eg at dei faste institusjonane – også medverkar og sørgjer for at frie grupper får innpass, anten gjennom samarbeidsproduksjonar eller ved at scenane vert stilte til disposisjon for eit bestemt tidsrom. Eg ventar også at institusjonane skal samarbeida meir, både om produksjon og om å løysa administrative og tekniske oppgåver. Vi må i alle fall sørgja for at samarbeid og betre ressursutnytting på alle felt vert grundig vurdert.
Ein slik tale vil lett dreia seg om økonomi og politikk og ikkje om det eigentlege formålet med arbeidet vårt - å fremma den gode kunsten. Vi har mykje å vera stolte av. Vi har eit stort tilbod av konsertar, teaterframsyningar og danseoppvisningar.
Vi veit at norsk kulturliv held høg kvalitet. Frå område som musikk og dans som har eit internasjonalt "språk" - og som vi derfor kan samanlikna, veit vi at orkestra våre haustar mange lovord på den internasjonale arenaen. Carte Blanche – som fekk gode kritikkar for framføringa av Jo Strømgrens ballet Lux Aeterna under Festspillene nyleg - er kanskje meir kjent i utlandet enn heime. Eg storkoste meg under forestillinga. Eg har og opplevd suksessen Den Norske Opera hadde med urframføringa av Bing og Madsens C irkus Terra i Praha i pinsa i år.
Utfordringane er å få konsertar og førestellingar ut på vegen over heile landet og å integrera ny norsk musikk, koreografi og drama i repertoaret. Institusjonane er ryggrada i dette og må borga for kvalitet, kontinuitet og fornying.
La meg avslutta med å seia at det er ei stor utfordring – men òg ei stor glede – å få vera kultur- og kyrkjeminister. Det dreier seg om område som gir innhald og varme i tilværet. Kunsten som de formidlar gir oppleving og verdiar for mange einskildmenneske, og Noreg ville ha vært eit fattigare land uten verksemda dykkar. Takk for at eg vart invitert til å møta dykk!