Historisk arkiv

Nyskaping og kvalitet i kunsten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Nyskaping og kvalitet i kunsten

Dagbladet 24. juli 2002

Visst treng vi lågare rente og stabil kronekurs. Visst treng vi fleire og billigare barnehageplassar. Visst treng vi ein betre helse- og eldrepolitikk. Det er så mange slags behov som skal tilfredsstillast i eit velferdssamfunn som stadig må fornyast og byggjast ut i takt med nye utfordringar og framtidsutsikter.

Men ikkje minst i eit samfunn som vårt, som trass alle manglar er kome så langt i materiell og teknologisk utvikling, treng vi kunsten. Og vi treng kunstnarane. Framfor alt treng vi den profesjonelle kunsten. Her har den offentlege kulturpolitikken eit særleg ansvar.

Kunsten har det ved seg at han både kan knyta band og sprengja grenser, han er både lim og sprengkraft i samfunnet.

Kunstnarlege uttrykk med utgangspunkt i kjende referansar og verdiar, ein kulturarv som mange deler, kan skapa ei særleg kjensle av fellesskap og identitet. Vi har mange historiske røynsler for at kunsten kan ha ei samanbindande kraft som er sterkare enn terror og valdsmakt.

Men kunsten kan òg snu opp ned på det som er kjent og kjært. Slik kan han provosera eller begeistra, vekkja avsky eller undring, få oss til å opna augo, til å sjå ting på ein ny måte. Kunst kan gi nye innsikter og ny erkjenning, opna opp for dei eksistensielle spørsmåla i livet.

Framfor alt må kunsten vera fri. Ein offentleg kulturpolitikk må difor vakta seg for å styra kunsten, og særleg for å gripa inn mot innhaldet i kunsten, mot dei kunstnarlege ytringsformene. Målet er i staden å skapa rammevilkår som kan hjelpa til med å fostra fram den kunsten som ikkje kan halda seg i live av marknaden åleine. Ved at vi gir fleire kunstnarar høve til å ytra seg, sikrar vi ein rikare underskog og eit større mangfald av uttrykksmåtar og uttrykksformer. Vi gir det eksperimentelle og nyskapande ein større sjanse. Alt i alt skaper vi eit grunnlag også for høg kvalitet og dermed eit rikare og betre tilbod av god kunst for oss alle.

Staten har gjennom ulike støtte-, vederlags- og innkjøpsordningar og gjennom opphavrettsleg vern tatt på seg eit omfattande ansvar for kunstlivet vårt og for arbeidsvilkåra til kunstnarane. Dette ansvaret skal vi ivareta også i framtida. Regjeringa legg stor vekt på å sikra vitaliteten og spennvidda i kulturlivet. Men også på dette feltet trengst fornying og tilpassing, og vi har enkelte dilemma å hanskast med.

Til dømes har talet på yrkesaktive kunstnarar auka så sterkt dei siste 20 åra at det pressar dei statlege støtteordningane våre. Sjølv om løyvingane har auka jamt og trutt, har veksten på ingen måte halde tritt med tilveksten av nye kunstnarar.

Når dei økonomiske rammene er stramme, blir det enda meir om å gjera at dei enkelte ordningane er effektive og formålstenlege. Difor må vi heile tida vurdera om etablerte tiltak verkar slik det var tenkt. Ordningane må vera såpass fleksible at det kan gjerast justeringar når det krevst meir målretta og tidsavgrensa innsatsar. Ikkje minst kan dette vera aktuelt for å hjelpa fram det nyskapande og eksperimentelle.

Ei utfordring i utforminga av dei støtteordningane som rettar seg direkte mot arbeidsvilkåra for kunstnarane, er å finna ein rimeleg balanse mellom ein velferdsorientert og ein kvalitetsorientert modell. Den fyrste tar utgangspunkt i den sosiale og økonomiske tryggleiken for kunstnarane og i utjamning av levekår kunstnarar imellom. Den andre er retta meir direkte mot å stimulera kunstnarisk aktivitet og oppmuntra til nyskaping og kvalitet.

Den kunstnarpolitikken som har vakse fram her i landet frå 1970-talet av, må karakteriserast som ein blandingsmodell mellom desse ytterpunkta. Ein har tatt omsyn både til velferds- og kvalitetsaspektet. I til dømes eit land som Frankrike er kvalitetsmodellen meir reindyrka. Ein godtar i større grad at det inneber ein reell økonomisk risiko å velja seg eit kunstnaryrke.

I hovudsak bør vi her i landet halda fast ved blandingsmodellen. Men vi må heile tida vakta oss for at kvalitet og nyskaping kan bli forsømt til fordel for sosialpolitiske omsyn. Eg ynskjer difor å leggja noko større vekt på aktivitets- og kvalitetskriterium og går inn for to endringar i kunstnarpolitikken.

For det fyrste vil vi sikra arbeidsprosessen for aktive kunstnarar. Over tid vil vi difor gjennomføra ei viss omprioritering frå garantiinntekter til arbeidsstipend. For det andre ynskjer vi å prioritera tiltak som kan koma unge nyutdanna kunstnarar til gode. Etableringsstipendet som i år vert innført for avgangsstudentane i kunstfaglege utdanningar, er eit døme på dette. Eg vil òg gå inn for ei langsiktig styrking av det frie feltet, som er ein viktig arena for unge utøvande kunstnarar.

Vi kan stimulera til nyskaping og kvalitet også ved å styrkja den internasjonale dialogen. Stadig fleire norske kunstnarar markerer seg i dag på ein internasjonal kunstarena, og stadig fleire hentar inspirasjon frå andre land. Dette er verdifullt både for kunstnaren sjølv og for det norske kunstlivet i det heile. Det at våre kunstnarar får høve til å møta det beste i den internasjonale kunsten, vil kunna vera ein viktig stimulans i deira eiga kunstnarlege utvikling.

Vi skal òg ta vare på dei ordningane som gir vederlag for den offentlege bruken av kunstnarlege prestasjonar. Grunnlaget for dette er det opphavsrettslege vernet. Eg vil passa på at dei rettane som tilkjem kunstnarane, blir tatt omsyn til også inn i den digitale framtida.

Utfordringane er mange innanfor kunst- og kulturfeltet. Regjeringa vil våren 2003 leggja fram ei kulturmelding som skal ta eit samla grep om feltet, og gi premissane for den nasjonale kulturpolitikken dei nærmaste åra. Her vil kunstpolitikken utgjera eit sentralt element.