Historisk arkiv

Opning av andre byggjetrinn av permanent oljeutstilling, "God på bunnen", ved Norsk Teknisk Museum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av andre byggjetrinn av permanent oljeutstilling, "God på bunnen", ved Norsk Teknisk Museum

Norsk Teknisk Museum, Kjelsås, 27. november 2002

Kjære alle venner av Norsk Teknisk Museum!

Først vil eg takka for innbydinga til å opna utstillinga " God på bunnen". Det er spennande å koma hit til Teknisk Museum på Frysja og møta så mange kompetente og engasjerte menneske. Å kalla Norsk Teknisk Museum for vårt nasjonalmuseum for naturvitskap, teknologi og industri er ikkje å ta munnen for full. Eg gler meg til å sjå kva utstillinga har å by på.

Den britiske forfattaren C. P. Snow skreiv på slutten av 1950-tallet eit essay med tittelen " Dei to kulturane". Om den teknisk-naturvitskapelege kulturen på den eine sida og den humanistiske, litterære kulturen på den andre. Den naturvitskapelege kulturen har ved tekniske framsteg skapt grunnlaget for økonomisk vekst, og teknologien har lært oss alt frå å plassera menneske på månen til å henta fram energi frå botnen av havet. Den humanistiske kulturen hjelper oss til å setja alt dette i perspektiv. Og kanskje har Snow rett når han hevdar at ei demokratisk samfunnsutvikling krev at dei to kulturane vert flinkare til å forstå kvarandre og gå i dialog med kvarandre.

Norsk Teknisk Museum har gjennom sin formålsparagraf tatt på seg ansvaret for å vera brubyggjar mellom desse to kulturane i det norske samfunnet. Dette er ei stor utfordring: På den eine sida skal museet omsetja den kunnskapen som naturvitskapen og teknologien utviklar, til eit språk og ei form som gjer at folk flest - og særleg barn og unge - kan forstå

  • kva det nye går ut på,
  • korleis det virkar og
  • kvifor det virkar slik.

På den andre sida skal museet også setja ny naturvitskap og teknologi inn i ein historisk, kulturell og samfunnsmessig samanheng, og freista å svara på spørsmål som desse:

  • Kva for sosiale og kulturelle konsekvensar har ny teknologi hatt?
  • Kva for etiske val har vi måtta gjera i fortida?
  • Kva for val står vi overfor i dag?

Å møta desse utfordringane er ikkje lett, men etter mi meining har Norsk Teknisk Museum løyst oppgåvene på ein framifrå måte. Det gjeld også med omsyn til korleis museet formidlar desse tema til barn og unge. I gjennomsnitt vitjar 12 skuleklasser museet kvar dag. Det blir nærare 40 000 skuleelevar i året!

Via Den kulturelle skolesekken oppmuntrar Kultur- og kyrkjedepartementet til større satsing på formidling mot skulen. I 2003 har departementet foreslått at Norsk Teknisk Museum, som eitt av 20 museum, skal få eit ekstra tilskot på kr 500 000 for å betra formidlinga mot skulen ytterlegare.

Ein måte å nå dei unge på, er å bruka interaktive utstillingar. Her deltar elevane sjølve i eksperimenta, slik ein også gjer i den utstillinga eg skal opna i dag.

Hovudområdet for Norsk Teknisk Museum er naturvitskap, industri og teknologi. Og ein føresetnad for all teknikk og industri er energi. Så la meg ta fatt i kvifor vi eigentleg er her i dag: Oljen.

Sidan 1980 har olje- og gassverksemda på norsk sokkel vore den leiande sektoren i norsk økonomi og i landets teknologiske utvikling. På bakgrunn av kva eg sa tidlegare om Norsk Teknisk Museum som brubyggjar mellom dei to kulturane - og om museet som landets nasjonalmuseum for naturvitskap, teknologi og industri - er det naturleg at museet viser publikum nokre sentrale utviklingslinjer i oljeverksemda. Første byggjetrinn av oljeutstillinga her på museet vart opna i mars i år. Hovudsponsoren den gongen, ExxonMobil, har igjen stilt opp med midlar til eit nytt byggjetrinn.

Det siste tiåret har det skjedd store teknologiske sprang innanfor eit breitt spekter av offshore-teknologiar. Og nyvinningar som horisontalboring og djupvassteknologi har gjort det økonomisk lønsamt å leita etter olje og gass på stadig større havdjup. Gjennom den nye utstillinga – " God på bunnen" - viser Norsk Teknisk Museum nokre av dei mest spennande teknologiske nyvinningane som har funne stad i Noreg det siste tiåret innanfor utvinning av olje og gass.

Dette skal vi snart få sjå nærare på.

Oljeindustrien er svært viktig for norsk økonomi, men dermed også for det norske samfunnet sett som eit heile. Den teknologiske utviklinga som denne industrien fører med seg, har ringverknader som når oss alle. Dermed har ho innverknad også på utviklinga av norsk kultur; vårt levesett, vårt tenkesett, våre handlingar. Det gjer at dette er ei utstilling som spenner vidare enn det reint teknologiske.

Det er derfor ei stor glede for meg å erklæra andre byggjetrinn av permanent oljeutstilling her på Norsk Teknisk Museum for opna!