Historisk arkiv

Opning av det historiske friluftspelet "Gullhjelmen"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av det historiske friluftspelet "Gullhjelmen"

Skien, 21. august 2002

Kjære publikum

Det er ei glede for meg å oppleva den store veksten som går føre seg i norsk kulturliv for tida. Det gjeld også dei mange festivalane og spela som vert presenterte rundt om i heile landet.

Oppføringa av det historiske spelet "Gullhjelmen" her på Kapitelberget ved ruinane av den gamle kryptkyrkja, er for meg eit godt døme på at kyrkje og kultur har mykje felles. Og det var sjølvsagt i endå større grad tilfelle i mellomalderen.

Initiativet til Kapitelbergspillet vart som kjent tatt i samband med Skien sitt 1000-års jubileum i 2000. Det er difor eit ganske nytt spel, som eg nyttar høvet til å ynskja velkommen.
Kan henda som ein fast tradisjon? Det vil eg håpa. Historiske spel knytte opp til eit nærområde eller ein landsdel gir nærleik til historia på ein levande måte. Det fortel om menneska som levde her før, og kva dei hadde å stri med.

Kulturelt sett er vel Skien fyrst og fremst kjend som Ibsen-byen, så det er på sin plass å fokusera også på andre sider og epokar i byen si historie. Restaureringa av kyrkjeruinane her på Kapitelberget er difor ei viktig sak. Det er også gledeleg at Kapitelberget med kyrkjeruinane er blitt kåra til Skien sitt offisielle kulturminne.

Det ein vidare trong var eit historisk spel knytt opp til Kapitelberget. Heldigvis er ikkje Ibsen den einaste norske diktaren som er fødd i Skien. Tor Åge Bringsværd, som er ein av våre mest allsidige og interessante forfattarar, tok på seg oppgåva å skriva eit slikt spel. Etter kvart resulterte det i draumspelet "Gullhjelmen". Eg gler meg til å få sjå spelet no i kveld.

I spelet blir vi tatt med tilbake til 1100-talet og får læra å kjenna nokre av tidas store kvinner og menn. Samstundes får vi både kunnskap om og innsikt i Skien og distriktet si historie. Det er ein fin kombinasjon, som nok pedagogisk sett overgår det meste av historieopplæringa vår. Det viser seg at god litteratur er eigna til både å gi forståing og innleving, og - ikkje minst - vi hugsar han godt.

Det var Dag Eilifsson, Magnus Berrføtt sin landmann, som bygde kryptkyrkja her på Kapitelberget. Det er ein heller uvanleg kyrkjetype i Noreg, som han nok fekk sjå i det heilage landet då han i lag med Sigurd Jorsalfar for på korstog. I spelet møter vi borna til Dag Eilifsson, Gregorius Dagsson og syster hans Baugeid. Dei vala desse to gjer i liva sine, er allmenne val som er like aktuelle for menneske i dag. Dei to syskena vel kvar sin veg; ho går plikta sin veg, går i kloster og endar som den fyrste abbedissa på Gimsøy Kloster. Han gjekk i krigen og enda med ei pil i strupen.

Religionen sin veg på eine sida, og krigen og politikken sin veg på den andre.

Det var store val, dramatiske val. Men så var det også ei dramatisk tid. Kvar tid krev sitt. Om dei fleste av oss ikkje kjem i tilsvarande situasjonar, krev også vår tid at vi gjer val. Då kan vi læra av dei som gjekk føre i historia.

Med dette ynskjer eg dykk alle ein givande teaterkveld.