Historisk arkiv

Opning av Landskappleiken 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Landskappleiken 2002

Vågåhallen, Vågå, 27. juni 2002

Kjære deltakarar, kjære publikum.

Folkemusikk og folkedans er ein viktig del av vår identitet som nasjon, som er med på å teikna profilen vår overfor omverda. Samstundes gir folkemusikk og folkedans ei kulturell forankring for våre eigne innbyggjarar. For ein liten og politisk også ung nasjon som Noreg er det viktig å ta vare på, og vidareutvikla desse kulturuttrykka.

Folkemusikk og folkedans har først og fremst verdi i seg sjølv. I tillegg viser det seg at også annan musikk og dans ofte tar utgangspunkt i dei folkelege tradisjonane når nye uttrykk vert skapte. Grieg er eit av mange eksempel på at ein såkalla klassisk komponist kan nytta tema frå folkemusikken i utviklinga av eit personleg musikkuttrykk. For Griegs vedkomande var det eit møte mellom norsk folkemusikk og den europeiske klassiske tradisjonen som gav resultat som heile verda beundrar i dag, og som har ein lokalkoloritt som skil Griegs musikk frå alle andres.

Landskappleikar har lange tradisjonar i Noreg. Fyrste gongen vart dei arrangerte i 1923 og seinere har dei vore gjennomførde årleg med unntak av krigsåra. Arrangementet har vakse heilt fram til i dag då Landskappleiken har nær 1200 deltakarar, og publikum ofte kjem opp i 7000-8000.

Landskappleiken er både ei massemønstring og ei elitemønstring, med tevlingar, konsertar og dansetilstellingar. Her møter våre beste folkemusikarar opp saman med unge, lovande talent. Stemnet vert såleis ein møteplass på tvers av generasjonane. Unge og eldre reiser i lag, tevlar i lag og har den sosiale fellesskapen i lag - og dei har musikken og dansen i lag. Dette er verdifullt både for dei unge og for dei eldre. Rekrutteringa er god, spesielt blant jenter, noko som skuldast godt arbeid i lokale lag, og den positive utviklinga som musikk- og kulturskulane har gitt.

Landskappleiken er Landslaget for Spelemenn si hovudmønstring, som ambulerer frå år til år, med eitt eller fleire medlemslag som teknisk arrangør. Landslaget er landets største folkemusikkorganisasjon, og han har utvikla seg frå ein organisasjon for spelemenn til ein brei organisasjon som inkluderer både dans, spel på ulike instrument og den vokale folkemusikken. Grunnlaget for organisasjonen er dei lokale spel- og danselaga og folkemusikklag som forvaltar dei ulike tradisjonane som er aktuelle på kvar stad.

I år er landskappleiken for andre gongen lagt til Vågå, med Vågå Spel og Dansarlag som lokal teknisk arrangør. Vågå er ei bygd med rike tradisjonar og eit aktivt levande folkemusikkmiljø. Sist Landskappleiken vart lagd til Vågå var i 1996, då det var deltakarrekord og ei svært god publikumstilstrøyming.

Dugnadsarbeid er eit stikkort når det gjeld mange av våre festivalar, og det gjeld òg for Landskappleiken. Gjennomføringa av eit så stort arrangement krev i overkant av 6 årsverk. Det er eit høgt tal, og dette store engasjementet frå lokalmiljøet gjer arrangementet til deira eige. Resultatet av eit slikt frivillig arbeid vert godt samhald og auka sjølvkjensle i lokalsamfunnet. Dette er ein av grunnane til at frivillig arbeid er viktig for regjeringa: Det fører til fellesskap og eit varmare samfunn.

Store arrangement som dette skaper òg interesse i resten av landet, og dei beste av utøvarane vert idol for dei unge. Det treng vi verkeleg, slik kampen om ungdommens interesse og internasjonaliseringa av kulturen stadig grip om seg.

Nytt av året er nokre nye reglar, mellom anna den opne klassen, som ikkje har junior- og seniorskilje, og som skal leggja vekt på dei eldste musikkformene det er tradisjon for i kvart distrikt. Gledeleg, og også nytt av året , er at det er sett opp kongepokal i klassen for dans til hardingfele. Slikt er svært stimulerande.

Folkemusikken og folkedansen vår har ein spesiell posisjon i internasjonal samanhang fordi vi har klart å ta vare på særpreg og variasjonsrikdom. Dette må vi halda fram med, samstundes som vi kan la folkemusikken ta nye vegar, inspirert av ulike moderne uttrykksformer, som kanskje appellerer spesielt til ungdommen.

Det er ei stor glede for meg å opna Landskappleiken her i Vågå. Eg ynskjer lukke til for utøvarane og ynskjer publikum gode opplevingar, og eg gler meg til dei arrangement eg skal få med meg!