Historisk arkiv

Opning av Rennebumartnan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Rennebumartnan

Rennebu, 16. august 2002

Kjære publikum og arrangørar

Eg er svært glad for å vera her i dag. Eg har høyrt så mykje flott om dette arrangementet, og eg ser fram til ved sjølvsyn å få sjå og høyra meir utover dagen.

Først har eg lyst til å gratulera dykk alle med igjen å ha fått dette til. De viser her - saman med utstillarane - ei sjeldan evne til å foredla råvarer til produkt av høg kvalitet - både som kultur og næring. Samansmeltinga av kultur og næring vil vera viktig i tida framover. Det ligg store utfordringar i ei berekraftig, kreativ og identitetsskapande nærings- og kulturutvikling som tar utgangspunkt i gamle handverkstradisjonar.

Handverk, kunsthandverk, handarbeid og husflid er ein vesentleg del av vår tradisjon og kultur. Dette blir spegla i dei mange viktige tiltaka innanfor denne kultursektoren, som til dømes Norges Husflidslag,Bunad og folkedraktrådet i Valdres og Norsk Handverksutvikling på Maihaugen i Lillehammer. Og så har vi Bygdemartnan i Rennebu. Som kulturminister er eg opptatt av å ta vare på denne delen av kulturen vår på ein skikkeleg måte.

Martnan blir i år arrangert for 17. gong. Sidan starten i 1986 har storsatsinga her i Rennebu utvikla seg til å bli ein viktig arena for husflid og handverk. Eg veit at folk kjem frå heile landet for å stilla ut og for å sjå, og eg veit også at det er konkurranse om å få delta på utstillinga.

I alle desse 17 åra er Rennebumartnan driven med stor støtte frå innbyggjarane gjennom dugnadsinnsats. At heile denne marknadsplassen blir bygd opp kvart år og betjent av medlemmer frå lokale lag og foreiningar, er rett og slett imponerande. Overskotet frå arrangementet blir sprøyta inn i kassa til dei lag og foreiningar som dugnadsfolket representerer, og martnan har òg viktige ringverknader både for lokalt næringsliv og for husflids- og handverksnæringa over heile landet. Dette viser korleis frivillig arbeid gjer lokale og nasjonale ringverknader som både kulturlivet og næringslivet tener på. Derfor er òg den frivillige sektoren så viktig.

Til slutt vil eg seia at eg er glad for at dei som planlegg eit husflids- og handverkssenter i Rennebu, arbeider tett saman med aktuelle samarbeidspartnarar – både med dei som er innanfor kulturfeltet og med meir kommersielle aktørar. Eg oppmodar dykk om å halda fram med det. For sjølv om eit slikt senter kanskje vil vera meir retta mot næring enn mot kultur, kan det også vera eit døme på eit lokalt initiativ som kan medverka til å styrkja eit område innan kultur-Noreg.

Det er ei stor glede for meg å kunne erklære Rennebumartnan 2002 for opna!