Historisk arkiv

Opning av Ultima 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Ultima 2002

Oslo Konserthus, 4. oktober 2002

Kjære publikum,

Opningskonserten av Ultima står for døra og Ultima oppfordrar festivalpublikummet til å finna sitt eige akustiske rom gjennom ti dagar i møte med samtidskunsten. Meir enn 80 arrangement med i alt 25 urframføringar vil bli presenterte. At 15 av desse urpremierane er verk av norske komponistar, er i seg sjølv eit sterkt signal om den krafta det er i samtidsmusikken i Noreg. For Ultima er eit ekte spleiselag, vakse fram av viljen til samarbeid som har prega og pregar kulturlivet, og som viser at summen av mange enkeltbidrag ofte kan bli større enn kvar enkelt del.

Ultima har hatt statleg stønad i mange år, men kom inn på statsbudsjettet som eit fast tiltak i 2002. Det er vi i Kultur- og kyrkjedepartementet glade for og stolte av. Det at ein så ung institusjon finn sin plass blant dei etablerte, er også eit signal om kva Ultima har oppnådd gjennom 12 år. For det er sanneleg inga lita bedrift å løfta den nye musikken ut av øvingsromma og fram i det offentlege lyset.

Men Ultima skal aldri slutta å vera opprørsk. I det ligg festivalen sitt potensiale og oppgåve. I norsk kunstliv treng vi institusjonar og miljø som trakkar opp stiar og peikar ut retningar. Vi treng kunstnarlege uttrykk som får oss til å stilla spørsmål og strekke oss, kunst som ikkje berre skal nytast, men òg vekke undring – og gjerne provosera.

Før i tida sa ein gjerne at kunsten var ein spegel for samfunnet, og ein har ofte venta at kunstnarane skal vera dei som tar det same samfunnet best på pulsen. Kan henda er det slik at når kunstnarane i dag definerer stadig nye posisjonar og grunngir verksemda si på stadig nye måtar, så er det teiknet på eit samfunn som leitar intenst etter løysingar på sine mest grunnleggjande problem. For også vi som er politikarar må erkjenna at den tida vi agerer i, er kaotisk og uoversiktleg, noko eg ofte syns samtidsmusikken er òg. I denne samanhengen er det mange som ønskjer at kunst og kultur skal uttrykkja orden og system, med andre ord at det skal vera noko vi kan kjenna oss att i og føla oss trygge på. Men då tar vi frå kunsten den mest grunnleggjande rolla han har i eit demokrati: retten til fridom og retten til å utøva kritikk. Det får bli opp til ettertida å dømma om kva som er det sannaste uttrykket for vår tid i kunsten.

I år femner Ultimaprogrammet om mange uttrykksformer og musikkulturar, frå kinesisk opera til fransk spektralmusikk, frå japansk støy til amerikansk minimalisme. At norsk folkemusikk også kjem inn i festivalen gjennom Lasse Thoresen si urframføring i morgon, er eit nytt trekk. I Konserthuset er det førmiddagskonsertar der publikum får møta ei lang rekkje av dei fremste solistane for framtida. Det knyter seg også stor spenning til møtet med Salvatore Sciarrino, festivalkomponisten i år, som er ei av dei leiande stemmene i europeisk musikkliv i dag.

Og no, når dei reisande til og frå Oslo Sentralstasjon alt har kunna lytta til "Norge – et lydrike" i fleire dagar, er det berre å skjerpa sansane og venta på den ekte nyskapande kunsten, manifestert gjennom bestillingsverk og urframføringar, samt ei lang rekkje internasjonale gjester gjennom ti dagar. Som eit vindu mot verda har Ultima fått ei heilt spesiell rolle i norsk musikkliv, og det er imponerande å sjå kor stor omtale festivalen får i utlandet. Ultima representerer globaliseringa på sitt beste: ein unik arena der det beste norske får møta det beste utanlandske.

Det er ei glede og ære for meg å erklæra den 12. Ultimafestivalen for opna.