Historisk arkiv

Opning av utstilling på Kvinnemuseet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av utstilling på Kvinnemuseet

Kongsvinger, 3. juni 2002

Kjære kvinner, damer, jenter og anna publikum!

Kvinnemuseet her i Dagny Juels barndomsheim, "Rolighed", fekk nasjonal status i 1997 - det var ei riktig avgjerd av den dåverande regjeringa. Noreg blir jo av mange sett på som likestillingas heimland, og det var verkeleg på høg tid at vi fekk eit nasjonalt Kvinnemuseum. Danmark fekk sitt i 1982, som verdas fyrste. Det er ikkje tilfeldig at dette museet ligg akkurat på Kongsvinger - her var både kvinner og menn tidleg opptatt av dei nye tankane om kvinnefrigjering og likeverd mellom kjønna, som kom rundt midten av 1800-tallet. Det går ein raud tråd gjennom historia med sterke kvinner som var bundne både til Kongsvinger og Hedmark. Sterke kvinner og mystiske kvinner - som Dagny Juel, som vokste opp her i huset.

Vi må erkjenna at vi har satsa for lite på kvinnehistorie. I dei kommande åra må vi prioritera hennar historie. Kvinnemuseet har tatt på seg denne oppgåva: å vera pådrivar for at alle musea i Noreg dokumenterer og formidlar kvinnene sine liv og virke meir enn dei hittil har gjort. Det er ein lang og interessant veg frå Camilla Wergeland, gift Collett, til den frustrerte og resignerte enkefru Collett – og frå Dagny Juel gift Przybyszewska til den lunefulle Dagny, som blei skoten av ein mann i Tiblisi. Men begge blir romsleg inkludert i det kvinnelege; madonna og skjøge, hustru og bohemdronning - utan samanlikning elles.

Den nye utstillinga i år " Fra da til nå - fra bondekvinne til bygdekvinne", er ei frodig utstilling. Utstillinga er resultatet av eit nært samarbeid mellom Kvinnemuseet og Hedmark Bygdekvinnelag. Den får rett nok berre vist eit glimt av alt det mangfaldet som bondekvinna sto for i det gamle bondesamfunnet, i eit hushald der ho nærast var ein slags administrerande direktør som sytte for heilskapen og for at alt fungerte som det skulle. Respekten for dette arbeidet, og den kunnskapen bondekvinna hadde, er det viktig å få formidla til dagens generasjon. Alt det bondekvinna utførte av arbeid blei gjort innanfor ei økologisk ramme - der ingenting blei kasta, og ikkje noko gjekk til spille. Dette er kunnskap vi treng i dag. Difor er det viktig å ta vare på denne kunnskapen, og dokumentera han før han går heilt i gløymeboka. Her har Kvinnemuseet ei stor og viktig oppgåve å gjera, i eit nettverk saman med andre museum over heile landet.

Denne utstillinga trekk linjene heilt opp til i dag, og eg vil rosa Kvinnemuseet for å nytta historisk materiale til å laga aktuelle utstillingar. Dei frodige og humoristiske elementa i utstillinga gjer ho enno meir interessant.

Korleis er det å vere bygdekvinne i dag? Det får vi vite noko om her på "Rolighed" - her kan vi lytta til mange kvinnerøyster. Frå den beskjedne bondejenta til den bevisste bygdekvinna.

Det er ei glede for meg å erklæra "Fra da til nå - fra bondekvinne til bygdekvinne" for opna.