Opninga av filmfestivalen i Haugesund
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 18.08.2002
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Opning av filmfestivalen i Haugesund
Haugesund, 18. august 2002
Vørde Kronprins, kjære festivaldeltakarar!
Det er ei stor glede for meg som kulturminister, på vegne av regjeringa, å gratulera med 30-års jubileet for Den norske filmfestivalen.
Sommar i Noreg er etter kvart blitt einstyande med festivalar. Så også på filmområdet. Nokre festivalar har som mål å engasjera eit lokalt og regionalt publikum. Andre ynskjer å vere samlingsstad for heile landet. Den norske filmfestivalen her i Haugesund held framleis stillinga som Noregs offisielle og viktigaste filmfestival. Ein festival som først og fremst samlar alle som arbeider profesjonelt med formidling av film i Noreg, men som også gjennom brei omtale i mediene når eit stort publikum.
Filmen er det kunstnarlege uttrykket som når flest menneske i landet vårt – og er slik sett eit av dei viktigaste kulturuttrykka i vår tid. Sjølv om fjernsynet spelar ei viktigare og viktigare rolle som filmformidlar, er kinoen fortsett den sentrale staden for gode filmopplevingar.
For at filmen skal nå fram til flest mogleg, er det viktig å styrkja møteplassane. Både kinoane og festivalane har viktige roller i dette.
Som heile det audiovisuelle området er filmen inne i ei rivande teknologisk utvikling. Dette vil få konsekvenser for alle ledd i produksjonen, distribusjonen og i framsyninga av film. E-cinema, eller e-kino, må nå handsamast som ein realitet. Noreg har i år, som eit av dei første land i verda, fått installert digitale prosjektorar i fleire kinoar. Den vidare utviklinga av digital kino vil gi både publikum og kinoane spanande framtidsutsikter. Som den sentrale treffstaden for kinobransjen har filmfestivalen tatt fatt i dette. Bransjeseminaret i år, som vart arrangert tidlegare i dag, hadde dette som tema.
Regjeringa er særs opptatt av at vi får norskprodusert og norskspråkleg innhald i alle medium. Ikkje minst når det strøymer over av utanlandske produksjonar er det viktig å fremja norsk språk og kultur og reflektera våre eigne verdiar og tradisjonar. Film er eit heilt sentralt ledd i dette. Dei siste åra har vi hatt mange gode norske filmopplevingar på kino, og folk har gått mann av huse for å sjå norsk film. Men den norske marknaden er likevel så liten at det er forbunde med stor risiko å satsa på slike produksjonar. Dei statlege tilskotsordningane for film er difor eit sentralt verkemiddel for regjeringa sin kultur- og mediepolitikk.
Eg er sikker på at den omlegginga vi har hatt av tilskotsordningane, og som det er brei politisk semje om, vil gi oss endå meir kvalitet i produksjonane framover og fleire gode filmopplevingar. I tillegg til film er det også naudsynt med meir norskprodusert drama på fjernsyn. Produksjon av kvalitetsfilm og seriar er kostbart, og det finst i dag ikkje tilskotsordningar for dramaproduksjon for fjernsyn. Eg ynskjer å etablera ei ny tilskotsordning for dramaproduksjon for fjernsyn. Tilskotsmidlane vil gå til fjernsynsproduksjonar av høg kvalitet, til dømes drama og animasjonsseriar for born. Målgruppa for ordninga skal være frittståande produsenter. Ordninga vil bli forvalta av Norsk filmfond.
Men vi må sjølvsagt ikkje berre vera opptatt av det norske. Den norske filmfestivalen spelar ei viktig rolle i nordisk samanhang gjennom det nordiske filmmarknaden New Nordic Films. Det er viktig at vi i dei små landa her oppe i nord, kor vi har mykje felles kulturarv, blir kjende med kvarandre sine filmer.
Skal vi få den norske filmen ut i verda, må alle gode krefter arbeida saman. Gjennom den fokuseringa som festivalen og norsk filmliv får gjennom internasjonale tidsskrift, er Haugesund og The Norwegian International Film Festival med på å fortelja dei der ute at Noreg også er eit film- og kulturland.
Eg gler meg veldig til å sjå denne festivalen si opningsfilm, Unni Straume sin "Musikk for bryllup og begravelser".
Eg ynskjer alle ein god filmfestival her i Haugesund!