Historisk arkiv

Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival

Opninga av Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival, Rådhusplassen i Porsgrunn, 15. juni 2002

Kjære kulturvener,

Det er ei stor glede for meg å vera her i dag ved opninga av Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival, - den einaste festivalen i sitt slag her i landet!

Eg set og stor pris på å få vera den fyrste kulturministeren som har gleda av å opna denne festivalen, som gjennom åra har fått eit stort publikum. Det går rykter om Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival. Då invitasjonen kom, fann eg ut at dette ville eg oppleva litt av sjølv.

Det skjer mykje på teaterfeltet no, mellom anna har ei vurdering av den statlege støtteordninga for dei frie profesjonelle gruppene nett vore til høyring i regi av Norsk kulturråd. Vi ynskjer å vita kva dei frie gruppene sjølve, og brukarane, meiner om ordninga slik ho har vore dei siste åra. Det er viktig å vurdera kva for politikk vi skal ha på området i åra som kjem. Eg meiner det er veldig viktig også å ta vare på dei miljøa som eksisterer utanfor Oslo, mellom anna fordi desse skal virke som lokomotiv i det lokale kulturlivet. Det vil også vera ei oppgåve å sjå på tiltak som kan gi den frie scenekunsten tryggare rammer for arbeidet.

Eg forstår at ein ikkje kan skipa så store arrangement som denne festivalen utan gjennom ei stor, levande dugnadsånd, og eg ser at denne dugnadsånda er til stades her. Porsgrunn har gjennom den internasjonale teaterfestivalen fått eit kulturarrangement som engasjerer mange på fleire ulike nivå. Eg har høyrt at det i tillegg til dei som arbeider på Grenland Friteater er meir enn 100 frivillige hjelparar som er med for å losa festivalen i hamn. Lokale styresmakter, handelsstand og næringsliv er hjelparar i festivalarbeidet og sikrar finansiering gjennom ulike samarbeidsavtaler. Butikkeigarar pyntar vindauga sine med element frå festivalen. Den pregar byen!

Grenland Friteater og Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival har gitt denne regionen ein eigen profil, eit andlet som kan inspirera andre delar av landet. Eg synes det er veldig viktig at regionen på denne måten støttar opp om Friteateret og Festivalen, som i så stor grad er med på å skapa eit positivt miljø og trekkja teaterinteresserte frå inn- og utland til byen.

Ein levande kultur kan ein berre skapa der det finst folk som er aktive og som har eit stort engasjement. Det er vel slik at dei fleste festivalar er avhengig av ein høg dugnadsinnsats, der samhald og samarbeid er grunnelement, men då vert det òg kultur på sitt beste. Eg ynskjer å motverka ei kommersialisering av kulturen. Det skal vi gjera ved å leggja føringar som kan sikra viktige kulturtiltak den støtte dei treng for å kunne vera aktive. Eg vil gjera det eg kan for at kulturen skal stå sterkt i Noreg, men dette er eit arbeid vi må stå saman om, alle vi som meiner at kultur er viktig for ein nasjon.

Kunst og kultur har ein eigenverdi, han er paradoksalt nok både lim og sprengkraft. Begge disse eigenskapane er det nødvendig å ha for auga når kulturnasjonen skal byggast og utviklast. Men for at kunsten sitt potensial skal kunne bli realisert, må han vera tilgjengeleg i folk sin kvardag, der folk ferdast. Slik skaper vi òg eit varmare samfunn, og det er klart at Grenland Friteater og Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival tar sin del av ansvaret.

Eg ynskjer dykk lukke til med det vidare arbeidet og med festivalen!
Med dette erklærer eg Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival for opna.