Historisk arkiv

Utfordringar for prostia i Asker og Bærum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Utfordringar for prostia i Asker og Bærum

Haslum kyrkjelydhus, 10. januar 2002

Fyrst vil eg gjerne seie takk for at de inviterte meg hit for å vera med ved den "sjøsetjinga" de markerer i dag. Det store Asker og Bærum prosti er no delt og er to fornuftige arbeidseiningar. Kvart prosti har sitt fellesråd, ein prost og ein kommune. De har fått to nye prostar.

Øyvind Backer er de godt kjend med som sokneprest gjennom fleire år – men no er han ny som prost. Hans lokale kjennskap til bygda og til kyrkjelydane i Asker prosti, vert ein viktig ressurs som ny-utnemd prost.

Liv Rosmer Fisknes er ny i Bærum og som prost, men ikkje som prest. Mange års røynsle har ho, frå arbeidsfelt som er viktige for kyrkja, frå fengsel, arbeid blant prostituerte og narkomane og åtte års teneste som sokneprest i ein kyrkjelyd med mange innvandrarar. Hennar røynsler blir eit viktig tilfang til Bærum prosti si leiing. Eg vil nytte høve til å ynskje dykk begge lukke til i nye og viktige oppgåver.

Administrasjonane i fellesråda er ikkje nye.

Dei tilsette i prostia er erfarne medarbeidarar. Fellesråd og sokneråd er nyvalde og ser med friske auge på arbeidet. Til saman utgjer dei ein allsidig kompetanse for kyrkjelydane i prostia og for kyrkja.

Når eg kjem hit i dag, har eg ei god kjensle av å vera hos mine eigne. Det er sjølvsagt og, i desse etter juletider, fristane å seie at eg og har ei kjensle av at mine eigne tek imot meg! For vel er eg frå Hardanger. Dei røtene er eg stolt av. Like fullt er Asker heimbygda mi no. Her har vi budd i mange år, borna kjenner seg som Askerbøringar; dottera vart konfirmert no i haust og vi kjenner oss heime her. Det å høyre heime, ha røter er viktig for oss alle. For meg er det og viktig at eg er heime i Kyrkja, den norske. Her er eg døypt og konfirmert og vigd, her har eg høyrt til og vil eg høyre til all min dag.

Eg er invitert for å seia noko om kva eg ser som utfordringar for kyrkjelydane her i bygdene og for kyrkja i året som kjem.

Asker prosti står fram for den utfordringa det er å skulle byggje ein ny kyrkjelyd, Vardåsen, og samstundes byggja strukturar som prosti. Då Heggedal vart sjølvstendig sokn, var i alle fall kyrkja på plass, like så eit lite kyrkjelydshus der kyrkjelyden hadde forma ein god del tradisjonar.

Når Vardåsen sokn no skal veksa seg til, må det skje i samspel med tradisjonane frå Engelsrud og Borgen.

Det skal byggjast ny kyrkje, og det er ei stor glede. Men det er ei arbeidskrevjande glede.

Asker kyrkjelege fellesråd har erfaring med å leggja til rette for ein ny kyrkjelyd. No skal det skje nok ein gong, og med kyrkjebyggjing i tillegg vert det ei stor utfordring.

Det vart starta hogst på kyrkjetomta før jul, då alle på gudstjenesta vart ynskt velkommen til å fella juletre der på tomta.

Bærum prosti skal finna si form etter delinga. Det er og ei utfordring. Folketalet veks stadig, byggjinga av Fornebyen er i startgropa. Det kyrkjelege fellesrådet har vore framsynt og fått til sambruksplanar for kyrkje og regulering av kyrkjegard. I utbyggingsplanane er kyrkja godt og rett plassert. No gjeld det for prostiet å gi rom for ei kyrkjelydsbyggjing i dette området som ikkje tappar dei etablerte kyrkjelydane. Prosti og prost skal læra kvarandre å kjenna og å nytta det beste i kvarandre.

Begge prostia er no arbeidseiningar som er gode for arbeid med organiseringa i prostiet. Det gjeld prestetenesta. Men det gjeld og samarbeidsprosjekt som kan nytte fellesskapen sin kompetanse utan å svekkje den lokale kyrkjelyden si identitet. Dette er kyrkja sitt fremste kjennemerke. Når Asker og Bærum prosti er delt i to prosti, er det uttrykk for nett dette: at kyrkja sine arbeidseiningar skal vera sentraliserte, men ikkje så store at den lokale identiteten vert svekka. Det fellesskapet kyrkjelyden er, må ha lokal identitet om han skal fungera for det einskilde menneske.

Då er det naturleg å fortsette med noko anna som angår den enkelte – men og kyrkja og samfunnet som heilskap.

Den nye samarbeidsregjeringa ynskjer å styrkja dåpsopplæringa i Den norske kyrkja.

I 1969 vart det slått fast at Stortinget ikkje såg på skulen si opplæring i kristendom som dåpsopplæring. Dette var i samband med ny Skulelov og Lov om trudomssamfunn og ymist anna. Likevel hadde born som var knytt til andre trudoms- og livssynsamfunn rett til fritak, og trudoms- og livssynssamfunna fikk tilskot til opplæring av sine vart medlemmer. Ved innføringa av KRL-faget i 1997 vart denne retten til fritak avgrensa. Dette var stadfestinga av den utviklinga som vedtaka i Stortinget i 1969 hadde starta: kristendomskunnskap i skulen er ikkje opplæring i tru og praksis, men formidling av kunnskap om den kristne trua. Ved visitasane i Asker og Jar drøfta biskopen dette med lærarane. Der la han vekt på at skulen si rolle er å sørga for fridom til tru. Kyrkja si oppgåve er å vera klår i si forkynning og gi den døypte identitet i ei kristen kyrkje. Denne utviklinga er ei utfordring for folkekyrkja.

90% av kyrkja sine medlemmer døyper borna sine - dette er over 80% av alle nordmenn. Kyrkja har ansvar for å læra dei å halda det Jesus har befalt. Skulen gir kunnskap om trua og kyrkja. Men det er kyrkja som må lære borna kva det inneber å leva i tru og å høyre heime i ein kyrkjelyd.

Heilt sidan 1970 har kyrkja arbeid med forsøk og planar for ei kyrkjeleg dåpsopplæring. I 2000 kom eit offentleg oppnemnd utval med si utgreiing om dette. Til våren kjem det ei Stortingsmelding om dåpsopplæringa. Samarbeidsregjeringa foreslo i sitt reviderte budsjettet å gi 2 millionar kroner i år 2002 som ein start til å greia ut og leggja planar for utbyggjinga av dåpsopplæringa. Vi hadde også tatt høgd for å følgje opp fritidsavtalen prestane hadde fått med 14 millionar til 30 nye prestestillingar. Dette hadde vore eit viktig steg i retning av å kunne arbeide vidare med å auka tale på i tilsette i kyrkja. Men som de og veit, vart forslaget nedstemt då det endelege budsjettet vart vedteke. Eg vonar at vi til neste år skal få vedtatt eit kyrkjebudsjett som gjer det mogleg å koma i gang med utbygging av dåpsopplæringa og betring av talet på tilsette. Eg veit at de er utålmodige og at kyrkja treng fleire stillingar både som prestar, diakonar og kateketar. Difor er det ei utfordring å ikkje miste motet, men arbeida med dei ressursane som er, med tanke på den uviklinga som er naudsynt. Det er ei tung utfordring nett no. Eg veit det, og regjeringa veit det.

Eg er glad for at de i dette arbeidsfeltet har eit viktig samarbeidsprosjekt i Asker og Bærum også etter at prostiet er delt. Med midlar frå bispedømet og Opplysningsvesenets fond har de engasjert prosjektleiar for begge prostia når det gjeld å byggja ut dåpsopplæring og samarbeid mellom skule og kyrkje.

Dette samarbeidet er eit spennande og spenstig samarbeid, som er annleis enn det var, no som det har skifta karakter etter at KRL-faget kom. Utfordringa i høve til skulen er å byggja eit klårt definerte samarbeid, som kviler trygt både i skulen sin og kyrkja si identitet.

I kyrkjemøtet sitt vedtak om dåpsopplæringa vart det slått fast at det arbeid som no må skje i den einskilde kyrkjelyden, er like omfattande som ynskje om meir pengar. Og det er kvar enkelt kyrkjelyd som må arbeide fram og setje ut i livet dei nye arbeidsformene, der dei skaper eit fellesskap i læring. Kontakt med den einskilde heimen er grunnlaget for å lukkast. Utfordringa i kyrkjelydane er å utvikla tiltak som foreldra er glade for å senda borna sine til og som borna gler seg til å vera med i.

Alt dette er annleis enn då eg var lita og lærte å syngja og be og tru heime og på skulen. No må born læra om trua på skulen og å tru heima og i kyrkjelyden. Å arbeida fram ei dåpsopplæring som tar denne røyndomen på alvor, det er Utfordringa med stor "U" for Kyrkja, den norske, no og i mange år framover.

Kyrkje/stat-utgreiinga

Til våren kjem Kyrkjerådet si utgreiing om forholdet mellom kyrkje og stat. Det er ei kyrkjeleg utgreiing, som kyrkjelydane og Kyrkjemøtet skal handsame før ho kjem til departementet.

Ved gudstenesta i Asker kyrkje 1.januar sa biskopen at forholdet mellom kyrkje og stat dreier seg om Grunnlova vår, men og om grunnvollen vår. Eg har merka meg at det er mange som vil ha ei folkekyrkje. Eg ser fram til innstillinga og til arbeidet vidare med desse viktige problemstillingane. Eg ynskjer og ei folkekyrkje, men ikkje ei politisk styrt kyrkje.

Utfordringa for Asker og Bærum sin kultur

I Asker og Bærum synest vi at vi har det så bra. Her er det mykje natur, sjø og turterreng, skog og mark. Her er det rom for born, her er det triveleg og attraktivt å bu. For fleirtalet. Men ikkje for alle. Eg lure på om det er lett å vera ung her? Dei unge skal måle seg med generasjonane føre og med ein identitet av å væra flink og ha det bra som desse bygdene har. Arbeidet med konfirmasjon og konfirmantar som de gjer, er vellukka. Det er utruleg mange godord å høyra om det, superlativene brukar eg, ikkje berre fordi eg nett har hatt konfirmant sjølve. Likevel er prosentdelen konfirmantar lågare enn prosentdelen døypte. På landsplan er det 90% av dei døypte som vert konfirmert og det er bra. I Asker og Bærum er det knappe 70% av ungdomskulla som fylgjer konfirmantundervisninga. Difor er det ei utfordring å få med fleire. Vi ønskjer at alle dei døypte skal få del i den kunnskap og signing som konfirmant-tida skal gi unge menneske på veg inn i det vaksne livet. Vi er døypte til å vera Guds born og veksa i forståing av kva det inneber for tryggleik og glede i livet.

Alle kyrkjelydane i desse prostia har tilsett diakonar og fleire har titlar som ungdomsdiakonar. Ungdoms- familie- og barnediakoni er og titlen som kjem. Det er viktig å skapa miljø der tryggleiken og fridomen i trua kan verta erfaringar born og unge kan ha med seg gjennom livet.

I min eigen kyrkjelyd, Østenstad, er det mange unge familiar. Likevel er det ikkje til å stikke under stol at fleirtalet av dei trufaste kyrkjegjengarane er over 50 år. Kva skulle vi til dømes gjort utan Y’s-men når det er loppemarknad? Den godt vaksne generasjonen tar ansvar for mykje av det frivillige kyrkjelydsarbeidet. Dei kunne gjerne vore fleire. Likevel er det å nå unge menneske, unge familiar og menneske som er midt i livet, kan hende enda viktigare, like eins å nå menneske som ikkje er konforme med den overflata Asker og Bærum ofte vert identifisert med. Dette er ei utfordring for dei fleste kyrkjelydar, kan hende med unnatak av dei i spesifikke nybyggjarområde.

Arbeidstilhøva for dei tilsette er ei utfordring i tida som kjem.

Som de veit kjem 2/3 av kyrkja sin økonomi frå kommunane, 1/3 frå staten. Dette skaper ujamne forhold for kyrkjelydane. Intensjonen i ordninga er at kyrkja er del av folket, del av kommunen og deler kår med han. Ei undersøking Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon har gjort, syner at det ikkje finst "snille" og "slemme" kommunar, men kommunar med betre eller dårligare råd.

Oslo bispedøme er spesielt på det viset at det berre er 3 kommunar og 3 kyrkjelege fellesråd i bispedømet: Asker, Bærum og Oslo. Døvekyrkja sitt fellesråd er ikkje knytt til nokon kommune og feltprosttenesta er ikkje organisert med råd. I andre bispedøme er det svært mange fleire fellesråd. Det er ei spennande utfordring at det blant desse 3 kommunar er stor forskjell på økonomi. Asker og Bærum kan gi kyrkjelydane langt betre arbeidsvilkår enn Oslo kan. Det er klart at mange kyrkjelydar i Oslo treng arbeidskraft enda betre enn de, når tilskott og stillingar skal prioriterast. På den andre sida blir de plogspissar som ikkje skal straffast for at kommunane byr dykk betre arbeidstilhøve. Tvert imot: nett difor kan de finne fram til arbeidsforme og tiltak som når lenger. Det skal de støttast i, ikkje settast grenser for. Her er det ikkje naudsynt med gudstenester i kapella kvar fjerde sundag, her treng ikkje prestane vaske i kyrkje og kyrkjelydsshus fordi det er for lite timer til reinhald. Her er det gateprestar og eit arbeid i varmestova i Asker som kyrkjelydane og kommunen er takksame for. Her er det institusjonsprestar ved sjukehus og fleire aldersinstitusjonar. Her er det diakonar og kateketar i alle prestegjeld. Her er det heile kantorstillingar. Her er det dagleg leiarar i så og seie alle kyrkjelydar og kyrkjetenarar i dei aller fleste. Det er bra. Eg er glad for at prostia i Asker og Bærum er betre stilt enn dei i Oslo når det gjeld stillingar i kyrkjelydane. For de sett dykk ikkje tilbake i godstolen, de står på. Takk for det! Samstundes er det slik for dykk, som det er for alle i kyrkja, at det er naudsynt å ikkje arbeida seg i hel.

"Slit dykk ut, men gjer det langsamt", skal den svenske erkebiskopen Nathan Søderblom ha sagt ved ei prestevigsle. Det er eit godt motto for alle menneske, å bruka seg ut, godt og heilt, men ikkje bruke seg ut for fort. Det er ei utfordring for alle dykk som arbeider i kyrkja, med blanding av lønna og frivilligearbeidskraft. Kyrkja må bli ein arbeidsplass der det er mogleg å veta på førehand når ein har fri, der familiane til dei tilsette kjenner at far eller mor arbeider i ein samanhang dei er nøgde med og fri i. Det arbeidet de gjer er forkynning, folk assosierar dykk alle med trua og Gud. Prestane er mest synlege, men de andre synes de og, - mykje meir enn de trur. Ein sakleg og vennleg stemme i telefonen, ein kyrkjetenar som trøyster bruda når ho kjem i seinaste – eller av og til i tidlegaste – laget, som steller kyrkja slik at ein merker kjærleiken i den stiva alterduken, det blankpussa sølvet, dei friske blomane, ein barnearbeidar som skjønar at guten er lei seg når bestevenen er sjuk, ein kantor som midt i all si kyrkjelydsbyggjande musikalske verksemd med kor og konsertar bruker tid før ei gravferd, så dei sørgjande kan få hjelp til å velja musikk - eller på ungdom som vil delta med trommer og gitar i gudstenesta og treng rettleiing – alt dette er daglege utfordringar som de forkynner sterkt og klart gjennom liver dykkar. Det er arbeid som det er meining å slita seg ut på. Nett difor vil eg seia som Nathan Søderblom: Gjer det langsamt!

Likestilling

Likestillingsombodet er nøgd med kyrkja, seier ho. Det er godt gjort. For ho er ikkje nøgd med mykje. Delen av kvinneleg prestar aukar jamt. Prosenten av kvinnelege prostar og leiarar i kyrkja og. I råd og utval tek kvinner ansvar. Det er heller slik at vi må leita fram mannfolka. I Asker sokneråd og i det kyrkjelege fellesrådet er det berre prosten som er mann! Han har flotte kvinner å samarbeida med, heldig er han. Men det må ikkje bli slik alle stader. Det er den tunge overvekta av menn i prestestillingar som ligg i botnen for den balansen mellom kjønna som vi har og gjerne vil ha i kyrkja. Og det betyr at vi må arbeide aktivt for at rekrutteringa til alle stillingar i kyrkja og til råda må bli balansert mellom kjønna. Det er ikkje ynskjeleg at det eine kjønnet er underrepresentert i stab eller råd. Tilsettingsorgana og nominasjonskomiteane har eit viktig omsyn å ta her.

Usemje, teologisk og arbeidsklimatisk

I kyrkja er vi ikkje alltid like flinke til å handsame konfliktar. Vi vil jo helst ikkje ha konfliktar i kyrkja. Det kan vel hende at vi har lest om det andre kinnet og den andre mila på einspora måte. Å feia usemje og konfliktpotensiale under teppet blir freistande når ein gjerne vil stå fram som harmonisk og fredelege. Det er ei utfordring for den enkelte i ein stab eller eit råd å læra seg å setja ord på det som er vanskeleg, setja grenser og strekka seg, respektera og krevja respekt, finne fram til løysningar der ein ikkje vert samd.

Når usemja av og til og kan ha samanhang med teologisk usemje og samvitsspørsmål, er det kan henda enda meir krevjande. I spørsmålet om kvinner si presteteneste har kyrkja hatt nytte av køyrereglar, av å setja ned på papir korleis ein kan og skal krevja og gi gjensidig respekt. Eg trur at denne erfaringa kan hjelpa oss i andre utfordringar.

Som vi alle veit, er bispemøtet og kyrkjemøte delt i spørsmålet om homofile som lever i partnarskap, skal ha rett til vigsla teneste i kyrkja. Når vi blir tvungne til å ta val, vert vi og tvungne til å gå nokre mil med kvarandre. Representantar for begge standpunkt i dette spørsmålet skuldar kyrkja for å vera utydeleg. Ho er ikkje utydelig, men delt i synet på kva evangeliet gir og krev. Å vedstå seg dette, er i alle fall tydelig, det er ein prosess som er ei utfordring – og som vi må tåla å leva oss gjennom og sjå til at vi ikkje trår sund dei menneska som spørsmålet rammer.

Dei teologiske spørsmåla er vanskelege – dei er dykkar ansvar. Dei må de takla utan å såra kvarandre.

Dei politiske utfordringane på dette feltet er etter mitt syn lettare, om ikkje alle er einig med meg og KrF. Dei kan eg ta meg av.

Eg starta med å seia at eg høyrer til både i Asker og Bærum, og at er eg heime i kyrkja. Eg har sagt mykje om dei ulike utfordringane som de har som kyrkjelege tilsette. Eg ynskjer meg ei kyrkje som er åpen og inkluderande. Ei kyrkje som er klar i sitt bodskap. Ei kyrkje som vågar å gi rom for ulike ytringsformer. Men i dette arbeidet og på vegen framover ynskjer eg at de og har grenser for kva den einskilde medarbeidar og kyrkjelyd kan klara. Det er fellesskapet av tilsette og lekfolk som saman skal bera – ikkje den einskilde av dykk.