Historisk arkiv

Spørsmål nr. 3 i Stortingets spørretime 22. oktober 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Spørsmål nr. 3 i Stortingets spørretime
22. oktober 2003

Spørsmål frå representanten Sigrun Eng:

Når nokon døyr, kontaktar dei fleste eit gravferdsbyrå som tek seg av det praktiske. Dei gir og etterlatne eit hefte ifrå Sosial- og helsedepartementet: "Når ein av våre nærmaste døyr". Der står følgjande: "Dersom den døde er blitt kremert, skal urna med oske setjast i jorda seinast seks månader etter dødsfallet." Dei fleste som opplever dødsfall ynskjer å få sett urna ned så fort som råd, og få ein plass å gå til. Kvifor får ein ikkje opplyst noko om kor lang tid det tek før urna er klar?

Svar frå kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland:

President,
Etter § 10 tredje ledd i gravferdslova av 7. juni 1996 skal kremasjon skje seinast åtte dagar etter dødsfallet. Normalt vil det liggja til rette for at oskeurna kan setjast i jorda få dagar etter kremasjonen. Kor lang tid ein må venta, kan mellom anna vere avhengig av om urna skal gravleggjast i nærleiken av krematoriet eller om ho skal setjast ned på kyrkjegard ein annan stad i landet.

Fristen på seks månader, som vi finn i gravferdslova § 12 andre ledd, er sett av omsyn til dei etterlatne. Meininga er at dei skal få god tid til å områ seg, dersom dei skulle vera i tvil om til dømes val av kyrkjegard. Det er ikkje meininga med lova å oppmode dei etterlatne om å venta lengst mogeleg.

Eg vil ta kontakt med Sosialdepartementet og be dei vurdera om det, i samband med ein eventuell revisjon av det aktuelle heftet, kan vere grunn til å opplysa også om at ein ikkje bør venta lenger ein naudsynt med gravlegging.