Historisk arkiv

Bistandsnemnda 20 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Bistandsnemnda 20 år

Templet i Frelsesarmeen,Øgrims plass 4, 29. oktober 2003

Kjære alle saman!

Først av alt vil eg nytta høve til å takka for at eg fekk koma hit i dag og overbringa ei helsing på vegne av regjeringa og statsminister Bondevik. For å seie det sånn; Eg veit at det er fleire enn meg som gjerne skulle ha vore her.

No har vi fått sjå nokon glimt frå det mangfoldige arbeidet på utruleg mange plassar i verden. Det er mykje positivt ein kunne sagt om Bistandsnemnda sitt arbeid, som ikkje lar seg seie på tre minutt! Eg har fått den gleda å overbringa ei helsing i samband med markeringa, og det er tre ting eg gjerne vil trekkje fram.

For det første vil eg trekkje fram den kvalitetssikringa som nemnda utgjer. I staben sit det dyktige medarbeidarar som behandlar kvar søknad med fagleg dugleik. Her ligg det mykje kompetanse, evne til kritisk og strategisk tenking, godt utbygd nettverk, erfaring frå å ha jobba med dette feltet over lengre tid, og ikkje minst ein godt utbygd organisasjon som appellerer til tillit.

For det andre:
I den store samanhengen er ikkje det å feira 20-årsjubileum noko som kvalifiserer til å tala om lang erfaring og ein godt etablert organisasjon.

Men sjølv om sjølve Bistandsnemnda er ung, sit ho likevel på mykje meir enn 20 års erfaring. Organisasjonane som er knytt til Bistandsnemnda har trass alt drive bistandsarbeid og hjelp til verdas fattige i over 100 år. Det er med andre ord ein svært solid erfaring og kunnskap som ligg til grunn for arbeidet som vert utført i dag!

For det tredje:
Arbeidet i regi av Bistandsnemnda er retta mot lokale partnarar i samarbeidslanda og då ofte kyrkjer. Ei av årsakene til at nettopp kyrkjene kan spela ei så viktig rolle i bistand og utviklingshjelp, er at kyrkjene har lokale nettverk som når millionar av menneske i mange av dei fattigaste landa.

I dette ligg det ein unik sjanse til å spela rolla som endringsagent i samfunnsutviklinga.

Desse tre faktorane saman; Nemnda som kontrollinstans for å sikra kvaliteten på prosjekta, organisasjonane si lange erfaring i feltet og samarbeidet med kyrkjene som lokale partnarar, vil eg peika på som grunnleggjande viktige for det arbeid vi satsar på å gjera i og for og ikkje minst saman med den tredje verda.

For Bistandsnemnda har det vore grunnleggande å organisera prosjekta på ein måte som gjer at samarbeidslanda med tida skal kunna ta hand om si eiga utvikling.

Slik har ikkje berre nemnda medverka til å gi ei stemme til dei fattige. Den har òg medverka og stimulert til at endringane for verdas fattige kan bli varige.

På vegne av Regjeringa vil eg ønskje dykk lykke til vidare i arbeidet, og gratulera dykk med ei storslått, inspirerande og faglig fruktbar jubileumsfeiring!