Historisk arkiv

Copyright, Libraries and the Freedom of Speech

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Copyright, Libraries and the Freedom of Speech

Opninga av seminaret "Copyright, Libraries and the Freedom of Speech", Auditoriet, Bygdøy Allé 2,Oslo, 10. april 2003

Mine damer og herrar,

Det er eigentleg ein banalitet at livet er fylt av motsetningar og ikkje er enkelt – men for oss politikarar er det samtidig ein daglig erfaring, der val må treffast og prioriteringar gjerast.

I dag er eg glad for å kunna opna dette seminaret, som trekkjer fram viktige spørsmål som reiser seg på områder der ulike oppfatningar møtast.
Til dømes i skjeringspunktet mellom ulike rettsområde – mellom den viktigaste kulturlova nemleg åndsverklova og kontraktsretten-, mellom dei ulike kulturinteressene hos opphavsmennene og andre rettshavarar sine interesser og biblioteka - og samanhengen mellom desse partane og rettsområda med den kanskje mest sentrale verdien i eit demokrati, nemleg ytringsfridomen.

Det å vera Kultur- og kyrkjeminister i Noreg, er både givande og spennande – mellom anna fordi både opphavsrett og bibliotek høyrer inn under departementet sitt ansvarsområde. Det gjer også oppgåver som gjeld ytringsfridomen; både viktige rettsreglar og ikkje minst verkemiddel som pressestøtte og kringkastingskonsesjonar - som er sentrale for den reelle ytringsfridomen - ligg innanfor departementet sitt mediepolitiske ansvar.

I desse dagar har vi lagt fram utkast til endringar i åndsverklova.
Desse endringane er i stor grad knytte til eit EØS-relevant direktiv, som må gjennomførast i norsk lovgjeving. Vi arbeidar med eit forslag til endringar i lova om folkebibliotek som kjem ganske snart – og over gata ser vi mot Nasjonalbiblioteket som skal setjast i stand til å fylla oppgåvene sine her i Oslo.

Når det gjeld ytringsfridom ligg det føre mange forslag til endring av § 100 i Grunnlova. Regjeringa tar sikte på å leggja fram sitt syn om dette til hausten.

Det eg no har nemnt utgjer berre ein bakgrunn og skal ikkje drøftas i dag - her ønskjer vi å sjå med litt lengre perspektiv, og samtidig få eksempel på korleis nokre har freista å finna løysingar.

Eit slikt perspektiv finn vi når vi ser opphavsretten saman med rettsreglar som gjeld kontraktar – korleis er samanhengane her? Og vi finn dei når vi ser biblioteka sin situasjon. Biblioteka forvaltar kunnskap, og sikrar alle tilgang til informasjon – og dei ikkje berre møter, men lever sitt liv og yter sine tenester i stor grad innanfor dei grensene som opphavsretten og kontraktane om lisenser trekk opp.

Dermed har biblioteka òg ein funksjon i ytringsfridomen sin teneste. Den eksklusive eineretten som opphavsmannen i utgangspunktet har til å rå over det han eller ho har skapt, må sjåast i samanheng med ønskje om tilgang til informasjonen som finst i åndsverket. De veit at det ikkje er informasjonen, men forma han har, som opphavsmannen får vern for. Men er det ikkje slik at denne grensa i røynda har vorte stadig vanskelegare å trekkja?

I dette seminaret har vi ønskt å sjå nærare på spenningane i dette feltet. Vi har sett at det med utgangspunkt i USA er mange som seier at opphavsretten er ei solnedgangslovgiving i møtet med ny teknologi og at han har for stor rekkevidde. Men er situasjonen den same her i Europa som der – og grunnlaget for kritikk det same?


I tillegg til dette – har vi òg ønskt å sjå konkret korleis det er laga systemer for informasjonsinnhenting og dokumentutveksling som tar ny teknologi i bruk – og korleis dei er lagt opp for å ta omsyn til interessene til dei som har opphavsretten.

For oss i departementet er det slik, at når vi har valt desse tre felta, med kvar sitt solide fundament i lovgjeving og praksis og kultur – men samtidig med motstridande interesser– så er det òg for å peika på at det er Kultur- og kyrkjedepartementet si oppgåve å leggja fram forslag som balanserer desse interessene.

Det er ikkje heilt tilfeldig at desse problemstillingane er valde – det heng mellom anna saman med at dei ligg innanfor arbeidsfeltet som departementsråden i Kultur- og kyrkjedepartementet, Helge M. Sønneland, har hatt i dei 27 åra han har vore knytt til departementet - men eg skal komme tilbake til den saka seinare i dag.

Eg er svært takksam for at Institutt for rettsinformatikk - og her rettar eg takken til professor Jon Bing og hjelparane hans - og Norsk forening for jus og edb har tatt på seg dette arrangementet i samarbeid med oss.
Vi har hatt eit langvarig samarbeid med Instituttet som vi har sett pris på og vil halda fram med.

I will continue by referring to the following citation:

”As a veteran listener to many lectures by copyright specialists over the past decade, I know it is almost obligatory for a speaker to begin by invoking ” the communicationsrevolution of our time”, then to pronounce upon the inadequacies of the present copyright act”.

This was said by the American professor Benjamin Kaplan – and he said it in 1966.

Today, in this seminar, we have wanted to look beyond present EU directives and set the flashlight on tendencies and tensions and concrete activities within and between three vital and interdependent parts of our society, copyright, libraries and freedom of speech.

I am extremely pleased and grateful that so distinguished lecturers have accepted to speak at the seminar, and that it has attracted so many participants.

I wish you all an interesting day and declare the seminar opened.