Historisk arkiv

Den kulturelle skulesekken — musea sin plass i dei kommunale planane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Den kulturelle skulesekken – musea sin plass i dei kommunale planane

Opning av konferanse om Den kulturelle skulesekken og musea sin plass i dei kommunale planane, Samfunnsalen, tirsdag 4. februar

Kjære vener,

I løpet av det siste året har eg halde mange innlegg om den kulturelle skulesekken. Vinklinga og perspektivet på dei ulike innlegga har sjølvsagt variert ut frå det publikumet ein har hatt og kva temaet har vore.

Eg har snakka om fylkeskommunane og regionale utdanningsstyresmakter sine roller i oppbygginga av skulesekken, eg har snakka om kva kommunane kan gjera og korleis lokale ressursar kan nyttast i utviklinga av skulesekken i den enkelte kommune. Eg har snakka om utfordringane for kunstinstitusjonane, for dei frie gruppene – om kvalitetssikring og behovet for å sikra at det vert produsert nok gode musikk- og scenekunstproduksjonar til å dekkja den aukande etterspurnaden i åra som kjem. Eg har snakka om utfordringane knytte til det apparatet som må fungera for at elevane i heile landet kan få glede av tilbodet. Eg har tala varmt for å styrkja institusjonar som Rikskonsertane, Norsk Scenekunstbruk og Norsk Forfattarsentrum, av di eg veit at dette er desentraliserte og etterspurde ordningar som gir tilrettelagde og gode tilbod til elevar over heile landet – og fordi eg veit at ordningane sikrar oppdrag for ei heil rekkje frilansarar innanfor heile kunstfeltet i Noreg.

Eg har snakka om litteraturformidling og formidling av kulturarven, og om samarbeidet mellom kultursida og skulesida på alle nivå – om korleis vi skal samarbeida, og korleis vi kan utvikla den kulturelle skulesekken på den beste og mest optimale måten dei neste åra. Eg har snakka om pedagogisk tilrettelegging og kunstnarleg fridom, om samhandlinga mellom læraren og kunstnaren, og mellom eleven og kunstnaren.

Departementet har mottatt tallause innspel og synspunkt på utviklinga av den kulturelle skulesekken frå aktørar på alle nivå i løpet av denne perioden. Frå kommunar og fylkeskommunar, frå kulturprodusentar med ymse ambisjonar, frivillige organisasjonar, frie grupper, museum, nettverk og samanslutningar av ymse slag, representantar frå kyrkja og kulturskulane. Mange har presentert gode, og støtteverdige prosjekt og dei fleste har store visjonar om korleis kompetansen deira kan nyttast i den kulturelle skulesekken i åra framover.

I løpet av året som har gått har eg også hatt høve til å sjå noko av det arbeidet som pågår i ulike delar av Noreg. I fjor vitja eg mellom anna kulturtorget i Akershus, og i år fekk eg oppleva kulturtorget i Møre og Romsdal. Det er spanande å sjå det mangfaldet og den høge kvaliteten som kjenneteiknar kulturtilboda retta mot skulen, og det er spanande å vera vitne til korleis kulturtorga fungerer som sosiale og faglege treffstader for dei som arbeider i skjeringspunktet mellom skule og kultur.

Det er moro å sjå all den entusiasmen og det store engasjementet for den kulturelle skulesekken over heile landet. Dette er ei satsing som mange har store forventningar til, og som eg vonar kan skapa store ringverknader lokalt i den enkelte skulen og kommunen, for kunstnarar over heile landet og for institusjonane.

I 2001 og 2002 har midlane til utviklinga av den kulturelle skulesekken i all hovudsak vorte løyvde over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett, og har blitt forvalta av fylkeskommunane. Fylkeskommunane har i samarbeid med regionale skulestyresmakter, kommunar, sentrale og regionale kulturinstitusjonar, hatt ansvaret for å utvikla den kulturelle skulesekken i sine regionar. Frå statleg hald ynskjer vi framleis å støtta dei samarbeidsstrukturane mellom skule- og kultursida som gjennom fleire år er bygde opp i enkelte fylke – og som i andre fylke no treng å koma i gang.

Vi trur at den lokale forankringa som må liggja til grunn for å sikra alle barn i Noreg ein kulturell skulesekk, best kan utviklast i eit samspel mellom skule- og kulturstyresmaktene i kommunane og fylka, kulturinstitusjonar og med bistand frå sentrale, men desentraliserte formidlingsordningar.

Endringa i fordelingsnøkkelen av spelemidlar, som vart vedtatt i vår, gir oss høve til å betra satsinga på kultur i skulen dei neste åra. For skuleåret 2003/2004 vil dette seia om lag 60 friske millionar til den kulturelle skulesekken, og med utsikter til ei dobling av denne summen til neste år. Regjeringa går inn for at mesteparten av denne summen skal forvaltast av fylkeskommunane, med det føremål å sikra eit tilrettelagt og profesjonelt kulturtilbod til elevane i grunnskulen.

Med denne auken står vi framfor eit formidabelt samarbeidsprosjekt mellom skule- og kultursida som aldri før har vorte prøvd ut her i landet.

For å forankra samarbeidet mellom skule og kultursida på sentralt nivå er det oppretta ei politisk styringsgruppe for den kulturelle skulesekken, samansett av statssekretær Yngve Slettholm frå KKD og Helge Ole Bergesen frå UFD. Desse vil konsipera viktige føringar for arbeidet med skulesekken framover, og vil gi meg råd i fordelinga av spelemidlane. Samstundes er vi no i ferd med å oppretta ei brei referansegruppe for den kulturelle skulesekken som skal gi styringsgruppa råd i det vidare arbeidet. Vi ser fram til å få samla denne gruppa, og har stor tru på at ho vil hjelpa oss med å setja sentrale utfordringar på dagsorden, og gi innspel til korleis arbeidet vidare bør organiserast.

Slik Stortinget har bede om, vil Kultur- og kyrkjedepartementet til våren leggja fram ei eiga stortingsmelding om Den kulturelle skulesekken. I meldinga vil departementet presentera bakgrunnen for prosjektet, planar og nødvendige tiltak, og sentrale utfordringar ved gjennomføringa av skulesekken. Det vil bli gjort greie for korleis midlane til Den kulturelle skulesekken vert brukte i 2003, og det vil bli gitt eit oversyn over pågåande arbeid over heile landet. Meldinga vil bli koordinert med tilstøytande meldingar som er under arbeid. Dette gjeld i serskilt grad kulturmeldinga og Utdannings- og forskingsdepartementet si melding om kulturformidling og kulturopplevingar i og i tilknyting til skulen.

Eit av hovudprinsippa ved utviklinga av Den kulturelle skulesekken er at han skal vera forankra i læreplanverket for grunnskulen. Dette inneber at i dei planane som no vert utarbeidde lokalt og regionalt, må det leggast til grunn ei best mogleg integrering i skulane sine samla undervisningsplanar.

Formidling av kunst og kultur til born og unge har i mange år vore ei viktig oppgåve for dei aller fleste innanfor den rike floraen av institusjonar og tiltak på kulturområdet. Musea har fokusert stadig meir på formidling til denne målgruppa mellom anna gjennom familiearrangement, skuleundervisning, opplæring og kurs tilpassa lærarar, verkstader og læring gjennom leik og opplevingar. Også innanfor dei ulike kunstartane og biblioteka sine tilbod er aktivitetar for born og unge omfattande. Kulturfeltet sine tilbod har på denne måten lenge vore eit pedagogisk hjelpemiddel for skuleverket, og ein ekstra kunnskapsbase for både elevar og lærarar. Likevel er det truleg mykje å gripa fatt i ved mange museum over heile landet.

I tillegg til den varsla auken til den kulturelle skulesekken gjennom spelemidlar, løyvde Kultur- og kyrkjedepartementet nesten 13 mill. kroner til den kulturelle skulesekken over statsbudsjettet for 2003. 10 av desse har vi øyremerka til 20 museum av ulike typar over hele landet for å styrkja det historiske elementet og kulturarven i Den kulturelle skulesekken.

Etter at denne løyvinga var klar, tok sekretariatet for Den kulturelle skolesekken i ABM-utvikling eit initiativ og inviterte alle dei 20 musea til eit idéseminar. Representantar for alle kom saman for å diskutera musea sin plass i Den kulturelle skulesekken, og ulike konkrete måtar ein kunne gripa utfordringa på. Etter det eg veit var møtet til stor inspirasjon for dei involverte musea. Eg vonar at dei ekstra midlane og musea sine tiltak fører til at mange skuleelevar oppdagar gleda og nytta ved museumsbesøk.

Dei 20 musea har no fått pengane sine, og i desse dagar sender ABM-utvikling ut brev om korleis tiltak kan og bør gjennomførast. Kvalitetskrava er grunnleggjande i Den kulturelle skolesekken. Høg kvalitet er eit viktig kriterium, og det gjeld både for innhaldet og måten det blir formidla på. Dette punktet er eg svært oppteken av, og eg vonar det vert eit hovudpunkt for alle som no skal arbeida med å utvikla skulesekken-over heile landet. Skulesekken skal fyllast med kvalitetstilbod. Han skal vera ei skattkiste – og ikkje ein sur, gamal ransel med ei tørr skiva med brunost frå i går. Vi skal servera det beste vi har, men det må òg vera lov til å eksperimentera, prøva ut nye idear og kanskje feile undervegs.

Den kulturelle skulesekken gir musea ein stor sjanse til å utvida og utvikla samarbeidet med grunnskulen, og sikra at møtet med musea vert mest mogleg meiningsfulle for dei det gjeld, nemleg elevane. Men det at vi har vald ut nokre museum i denne omgang, skal ikkje vere ei sovepute for alle dei andre. Tvert i mot, vi treng å ha mange museum i Noreg med på laget når om lag 600 000 elevar i den norske grunnskulen skal få ein fullverdig kulturell skulesekk. Det er ei utfordring for dei musea som no er plukka ut til å staka ut vegen vidare, bidra til inspirasjon for andre museum, og utvikla gode døme på samspel mellom museum og skule.

Ettersom ein stor del av midlane til den kulturelle skulesekken i framtida vert forvalta av regionale styresmakter, er det klart at musea landet rundt i større grad bør drøfta med fylkeskommunane, skulestyresmaktene og lokale aktørar korleis musea best mogleg kan integrerast i den kulturelle skulesekken. Men eg vil streka under at det er viktig å utvikla nye formidlingsformer til born og ungdom, også med vekt på eigenaktivitet. Eg vonar at musea kan visa seg fantasifulle og kreative ved å inngå samarbeid med til dømes bibliotek, kunstnarar, handverkarar, musikarar, designerar, filmfolk, forfattarar og med det skapa nye og spanande samarbeidsprosjekt og tilbod for elevar i grunnskulen. Eg trur potensialet for prosjekt i tilknyting til musea, for og med elevar er nærast uendeleg.

Som nemnd skal Den kulturelle skulesekken vera best mogleg forankra i skulen sine undervisningsplanar og i læreplanverket for grunnskulen. Dei fleste institusjonane legg stor vekt på pedagogisk verksemd og har kompetent personale til dette føremålet. Men dette kan sjølvsagt gjerast betre, og formidlingsmåtar og metodar er noko ein må ha kontinuerleg fokus på. Men, samstundes bør vi kanskje vera varsame med sjå kunsten i høve til pedagogiske føremål til ei kvar tid. Generelt sett kan eller skal ikkje kulturen utformast ut frå eit allereie bestemt rammeverk eller modell. Kunsten skal vera fri. Dette gjeld for den kunsten som i hovudsak er retta mot eit vakse publikum – og dette synes eg også må gjelda for eit yngre publikum.

Den kulturelle skulesekken bør vera eit høve for alle aktørar både på kultursida og på skulesida, både elevar, byråkratar, museumsfolk, bibliotekarar, lærarar og kunstnarar til å bryta ut av dei vande tankemønstra og finna nye vegar. Sjølv om vi alle til tider kan føla at samarbeid rett og slett kan vera utmattande, vonar eg at Den kulturelle skulesekken vert eit svært vellukka samarbeidsprosjekt mellom kultursida og skulesida i åra framover.