Historisk arkiv

Ei eiga stemme - Hundreårsmarkeringa 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Ei eiga stemme - Hundreårsmarkeringa 2005

Presentasjonen av hovudtrekka i programmet for Hundreårsmarkeringa i 2005, Clarion Royal Christiania Hotell,
18. juni 2003

Kjære frammøtte!

Eg er glad over å kunna ta del i denne fyrste presentasjonen av hovudtrekka i programmet for Hundreårsmarkeringa i 2005. Som kulturminister og eigar av Noreg 2005 har eg kunna følgja planlegginga ei stund alt, og eg må seia at eit imponerande breitt og samansett program er i ferd med å utvikla seg.

Noreg 2005 har rolla som programleiar for Hundreårsmarkeringa. Selskapet har ansvaret for å utvikla og gjennomføra eit samla og heilskapleg program, og skal halda oversikt over og koordinera offisielle og private initiativ og markeringstiltak. Denne koordineringsrolla er viktig, for programmet vert ikkje skapt av selskapet åleine. Det er snakk om ei stor mønstring av ressursar mellom anna innanfor kulturfeltet, med deltaking frå det profesjonelle kulturlivet, dei store kulturinstitusjonane, musea, universiteta, frivillige organisasjonar, offentlege styresmakter og det private næringslivet. Fleire vil ønskje å slutta seg til, og det er eg veldig glad for. Hundreårsmarkeringa vert ein arena der mange stemmer vil sleppa til.

Kultur er noko som heile tida vert skapt og omskapt i brytinga mellom ulike livsformer, og ikkje noko som er gitt på førehand. Ein del av grunnlaget for den norske lausrivinga frå unionen i 1905 var ei mobilisering og konsolidering kring "det norske" i kulturen gjennom 1800-talet. Noko av dette "norske" vart henta langt tilbake i historia, medan ein del av det norske også vart skapt og forma i nasjonsbyggingsprosessen. Denne nasjonale bygginga i Noreg var del av ein større prosess knytt til framveksten av nasjonalstatane i Europa.

Den kulturkreative perioden før og rundt unionsoppløysinga fostra samstundes nokre av Noregs internasjonalt mest kjende kunstnarar, som Munch, Ibsen og Hamsun. Det store ved deira kunst er likevel ikkje at den er typisk "norsk", men at han vende seg til eit allment publikum og at han utvikla seg i nær kontakt med den internasjonale kunstutviklinga i deira samtid. Ikkje minst hadde dette samanheng med at kunstnarane søkte ut i Europa for å bu og skapa. Slik har kulturen utvikla seg i ein vedvarande kontakt med omverda, og denne utvekslinga har medverka til å prega samfunnet vårt.

Men kultur er ikkje berre litteratur, målarkunst og musikk, det er også skigåing og hundekøyring. Då Fridtjof Nansen gjekk på ski over Grønland og seinare gjennomførte ein ekspedisjon med Fram mot Nordpolen, var det ikkje berre ein enkelt manns initiativ, men ein norsk elite som sto bak. Noreg vart løfta fram som heimlandet til den verdsberømte polarhelten. I si seinare verksemd i London hadde han uvanleg lett tilgang til britisk presse og nyhendekanalar og var ein sterkt medverkande faktor til velvilje frå stormaktene ved skipinga av eit sjølvstendig Noreg. Roald Amundsens Sydpolsferd og seinare ekspedisjonar med luftskip og fly hadde ein liknande verknad.

Noko av det som Noreg var særleg stolt over, var den store handelsflåten og den gode sjømannsskapen. Handelsflåten var sterkt internasjonal, og mykje større enn den svenske. Bruken av flagg var difor ei svært følsam sak. Unionsflagget skulle brukast i mesteparten av Europa, berre syd for Kapp Finisterre (nordvestspissen av Spania) kunne det norske flagget nyttast. Det var difor inga overrasking at det nettopp var det svenske forslaget om felles utanriksteneste, deriblant konsulat, som til sjuande og sist torpederte unionen.

Det var et breitt engasjement i unionsstrida. I boka ”Tradisjoner og minner” fortel Francis Bull, som den gong var gymnasiast:

”Den 7. juni trådte skolebestyrer Voss inn i avgangsklassen som forberedtes til muntlig eksamen, og meddelte sterkt beveget at nå hadde nettopp statsrådene nedlagt sine embeter og Stortinget oppløst unionen.” Det høyrer med til historia at Francis Bull sprang ned i Stortinget – storma inn i Stortingssalen for å vera på staden der det historiske hende – for så umiddelbart å bli kasta ut.

Etter dette møtte russen kvar kveld opp framfor Christian Michelsens bustad, ropte hurra for han og song fedrelandssongen.

Hovudlinene i norsk kulturpolitikk har lege fast sidan lanseringa av det såkalla utvida kulturomgrepet tidleg på 1970-talet, men det norske samfunnet har i dei siste tiåra gjennomgått ein serie endringar som krev nye kulturpolitiske prioriteringar og endra verkemiddelbruk. Nye kulturelle impulsar har ført til ein meir pluralistisk kultursituasjon, og førestillingane om ”det norske”, om ”nasjonal kultur” og ”felleskultur” vert utfordra.

Samstundes er kulturen heilt avgjerande i dialogen mellom ulike land. Unionsoppløysinga i 1905 var ei internasjonal hending - Noreg vart godkjent av andre statar og fekk dermed si eiga stemme i verdssamfunnet. Hundreårsmarkeringa er difor etter mitt syn ikkje primært ein grunn for sjølvskryt og understreking av det norske. Difor er eg svært nøgd med at Noreg 2005 med programoverskrifta "ei eiga stemme" nettopp vektlegg den internasjonale dimensjonen og at landet vårt alltid har utvikla seg i nær utveksling med verda kring oss.

Vi kan gjerne vera stolte av kva vi har skapt i dette landet, men vi bør også vera audmjuke og opne for at mykje av det vi ser på som norsk, ikkje har genuint "norsk" opphav. Eg trur difor det er rett at Hundreårsmarkeringa skal venda seg utetter og vera inkluderande - snarare enn å venda seg innover og vera sjølvgratulerande.

Hundreårsmarkeringa representerer eit område for samarbeid om tiltak både nasjonalt og internasjonalt. For å sikra nyskaping og kvalitet på eit internasjonalt nivå er det heilt naudsynt å utnytta det potensialet som ligg i dei nye internasjonaliserte miljøa innanfor ulike delar av kulturlivet. Og då tenker eg vel så mykje på dei nye vilkåra for å stimulera internasjonal kultur i Noreg, som på å profilera norsk kultur i utlandet. Institusjonar med dette som ansvarsområde bør kunna medverka til å styrkja den internasjonale dimensjonen i programmet. Vidare spelar Utanriksdepartementet ei viktig rolle når det gjeld korleis vi markerer oss utanlands i 2005. Utanriksdepartementet vil også ønskja dei landa som gjerne vil delta i vår markering velkomen og vil i samarbeid med Noreg 2005 leggja til rette for deltakinga.

Vi får ein nærare presentasjon av Utanriksdepartementet sine særlege satsingar litt seinare i programmet.

Internasjonal kulturutveksling må ein også sjå i samanheng med at ein aukande del av det norske folket har bakgrunn frå ikkje-vestlege kulturar. Den interkulturelle dimensjonen i Noreg skal også reflekterast i programmet for Hundreårsmarkeringa.

Omfanget av Hundreårsmarkeringa vil reflektera dei ressursane som samla vert lagt inn i programmet. Noreg 2005 satsar på samarbeidsprosjekt der statlege midlar vert brukte saman med midlar frå andre kjelder, offentlege og private. Slik vert den samla innsatsen i programmet for Hundreårsmarkeringa større, og opnar for samarbeid med det private næringslivet, og for varige relasjonar. Samarbeid mellom kultur og næringsliv er eit felt med stort potensiale. Her ligg store utfordringar for kulturen til å visa sin samfunnsrelevans og eigenverdi, og ikkje minst for næringslivet til å visa at det ser det viktige i å medverka til – og dra nytte av - verdiskaping i kulturfeltet.

Hundreårsmarkeringa gjeld alle. Den skal finna stad over heile landet gjennom eit program som femner det lokale, det nasjonale og ikkje minst det internasjonale. Programmet skal strekkja seg over heile året. Det skal reflektera utviklinga av det moderne, samansette Noreg – vegen hit og vegane framover. Det skal kasta lys over kor avhengige vi er av kvarandre – og at vi er avhengige av samspelet med omverda.

Markeringa av at Noreg i 1905 fekk si eiga stemme i verdssamfunnet er ei stor og spennande hending. Eg er trygg på at programmet vil gi oss alle mange flotte opplevingar og spennande debattar, og eg kjenner meg trygg på at det vert skapt varige verdiar på mange plan som vil strekkja seg ut over 2005. Eg ser fram mot å følgja utviklinga av programmet framover.