Historisk arkiv

Etikk og spelemiddelsystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Etikk og spelemiddelsystem

Hordaland fylkeskommunes konferanse innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, Bergen Airport Hotell, 21. november 2003

Kjære forsamling.

Eg vil først takke for at eg vart spurt om å delta på konferansen. Det er alltid godt med ein tur heimover til Vestlandet og Hordaland, særleg når eg kan delta ved eit arrangement som dette med mange interessante og aktuelle tema i programmet. Blant anna har jo fokuset på finansiering av idrett og anna frivillig verksemd vore stort dei siste åra. Eg vil derfor gjerne seia noko om mitt syn på dei endringane som har funne stad, og på framtida når det gjeld tilgangen på, og fordelinga av, middel frå pengespel og lotteri.

”Etikk og spelemiddelsystem” er eit utfordrande tema. Etikk er læra om korleis ein handterar moralske problem. Det norske spelemiddelsystemet, dvs reglane rundt Norsk Tipping og dei private lotteria, er fullt av moralske (og politiske) utfordringar. Eg skal no gi eit nærare omriss av desse utfordringene og seia litt om korleis eg synes vi skal handtera dei i tida som kjem. Eg vil også gå inn på oppfølginga av Stortinget sitt vedtak i sommar om nye reglar for utbetalingsautomatar, også i forhold til korleis reglane om fordeling av middel frå pengespel og lotteri vil sjå ut i åra som kjem.

Historikk
Pengespel og lotteri har vore forbudt i Noreg gjennom fleire hundre år. Bakgrunnen for dette er historia sine mange negative og tragiske eksempel på at pengespel kan overta for fornuften og leia enkeltmenneske og familiar ut i økonomiske naud og elende. Vi kjenner alle uttrykket ”å spele seg frå gard og grunn”.

På første del av 1900-tallet vart det vedtatt nokre unntak frå forbodet, mellom anna ved etablering av pengelotteriet i 1912 og ved totalisatorlova om spel på hest i 1927. I 1939 vedtok Stortinget ei eiga lov om lotterier som gav politiet rett til å gi løyve til lotteriverksemd i nærare fastsatte tilfelle. I 1946 vedtok Stortinget reglar om fotballtipping og oppretting av Norsk Tipping. Bakgrunnen var ei erkjenning av at det alltid vil vera ei viss interesse for spel om pengar i samfunnet. Det utvikla seg derfor ein politisk aksept for at det kunne opnast for visse typer moderate og godt kontrollerte spel. Sjølv om denne utviklinga innebar ei viss liberalisering, var utgangspunktet heile tida at pengespel framleis var forbode med mindre det var gitt skriftleg løyve med heimel i lov.

Det har også heile tida vore brei politisk semje om at dei største spela skal gå gjennom eit offentleg selskap, for å sikra full offentleg kontroll og innsyn innafor det fastsette lovverket. Ein har meint at eit statleg non-profit selskap kan spela ei betre rolle i høve til å førebyggja og i høve til å unngå dei pengespela som gir dei mest uheldige sosiale konsekvensane. Slik framstår Norsk Tipping som eit spelepolitisk instrument i gjennomføringa av spelepolitikken. Denne modellen har gitt eit moderat og forsvarleg speletilbod gjennom mange tiår fram til midten av 1990-talet.

Dei etiske dilemma
Dei siste ti åra har utviklinga gått raskare enn før. Dette gjeld særleg for gevinstautomatar. Som følge av den teknologiske utviklinga endra automatane seg til å bli meir avanserte elektroniske pengespel. Erfaringane dei siste åra viser at regelverket for godkjenning og kontroll av dei nye automatane ikkje har vore nok. Automatane har utvikla seg i strid med styresmaktenes krav og i strid med nasjonale tradisjonar i høve til lotteri- og pengespelverksemd. Resultatet av denne utviklinga er at gevinstautomatane gjennom fleire år har hatt ein langt sterkare stigning i omsetnad enn andre pengespel. Frå 1994 til 2002 er omsetninga i slike automater meir enn tredobla, frå omlag 4 mrd kroner til omlag 15 mrd kroner.

Dette har på den eine sida gitt meir pengar i kassa til samfunnsnyttige lag og organisasjoner. På den andre sida har det gjennom fleire år blitt registrert eit stadig aukande problem med speleavhengighet, mellom anna ved at automatane trekk til seg barn og ungdom som spelar.

Eg har lenge vore uroleg for dei sosiale konsekvensane som følgjer av dagens gevinstautomatar. Signala er klare om ei auke i talet på speleavhengige. Institusjonar som tilbyr behandling til speleavhengige merkar ei auka pågang av personar som ynskjer å gjera noko med sin speleadferd. Som kultur- og kyrkjeminister har eg fått mange brev frå folk som er speleavhengige eller frå vener og familiemedlemmar til speleavhengige. Dette har gjort sterkt inntrykk. Problema for dei aller fleste av desse er knytt til automatar.

Eg var svært glad då Stortinget i juni i år støtta eit framlegg om endring av reglane for automatar, slik at Norsk Tipping frå 2006 overtar ansvaret for denne speleverksemda. Med Stortingets vedtak er vi tilbake til utgangspunktet, kor Norsk Tipping driv dei største pengespela, mens dei mindre lotteria kan drivast av organisasjonane sjølve direkte til inntekt for eigne formål.

Det er ulike syn blant organisasjonane på at Norsk Tipping no får nok ein monopolrett i den norske spelemarknaden. Slik automatane har utvikla seg dei siste åra er det mi meining at einerettsmodellen er ein føresetnad for ei mest mogleg forsvarleg innretting av speleautomatmarknaden i Noreg. Einerett for Norsk Tipping vil gi optimal kontroll og gjer at automatane sin funksjon raskt kan bli endra, etter kvart som kunnskapen aukar om speleproblema. Dessutan gir modellen rom for å redusera talet på automatar frå omlag 18 000 til 10 000. Dette sikrar ein vesentleg nedgang i den totale omsetninga i automatane. Vi har klart å finne ein balanse slik at overskotet til dei samfunnsnyttige og humanitære formål framleis kan haldast på 2001-nivå. Når det gjeld fordeling av inntekter til ideelle formål innafor den nye modellen skal eg komme attende til dette seinare i innlegget mitt.

Før eg går laus på framtidas tippenøkkel og fordeling frå automatar og andre spel, vil eg først seia noko om den samla utviklinga i spelemarknaden dei siste åra, både i Noreg, og internasjonalt. Det er med uro eg ser på auken i omsetnaden i norske pengespel og lotteri dei seinare åra.

Tal frå Lotteritilsynet viser at marknaden berre på eit år, frå 2001 til 2002, auka i brutto omsetning med omlag 32 %. Det vil seie at nordmenn auka sin speleaktivitet totalt sett frå ca 22 milliardar kroner til ca 30 milliardar kroner. Av denne auken står gevinstautomatane for heile 6 milliardar kroner eller 67 prosent (opp frå 9 milliardar kroner til 15 milliardar kroner). Elles spelte vi for nær 9 milliardar kroner på Norsk Tipping sine spel og 790 millionar kroner på Extralotteriet som Norsk Tipping er operatør for. Nordmenn spelte for omlag 2,4 milliardar kroner på hestespel gjennom Norsk Rikstoto.

Den 5. mars i år blei resultata av ei ungdomsundersøking som er laga etter oppdrag frå Lotteritilsynet klar. Denne undersøkinga gir det mest aktuelle bilete av pengespel og pengespelproblemer i Noreg. Studien er basert på skoleundersøkinga ”Ung i Noreg 2002” med eit representativt utval av nærare 12 000 ungdomar. Det var 3,2 prosent av ungdommane som har speleproblemer. Dette utgjer totalt 11 000 tenåringar med speleproblemer. Tal frå ungdomsundersøkinga viser at 78,5 % av ungdommane det siste året hadde deltatt i ulike pengespel.

Desse tala har og samanheng med utviklinga av ein ny og større internasjonal spelmarknad. Pengespel på Internett har skapt nye utfordringar for dei nasjonale pengespelmarknadene i heile Europa. Ingen land har til no funne eit effektiv skydd mot den store menga med offensive tilbod på Internett. Teknologisk utvikling og bruk av Internett har endra distribusjon av spel og lotteri og utvikling av desse. Bruk av Internett og digitalteknologi opnar for interaktive spel som særleg appellerar til kommande generasjonar spelarar.

Meiningsmålingane som Lotteritilsynet fekk laga i desember 2002 (sett i verk av Opinion) viste at 4 % av dei spurde over 18 år svarte at dei i løpet av det siste året hadde delteke i pengespel på Internett.

Fire prosent av befolkninga over 18 år utgjer ca. 140 000 personer. I tillegg svarte om lag like mange at det er sannsynleg at dei vil delta i pengespel på nettet i 2003. Dette betyr at talet på Internettspelarar kan bli dobla på ca eit år. I meiningsmålingane vart spelarane spurt om kor ofte dei gjer bruk av pengespel på nettet, kor mykje dei satsa siste gongen dei spelte og kva for nettstader dei nytta.

Svara viser at 16 % av dei spurte spelte fleire gonger i veka. Heile 46 % av dei spurte svarte at dei spelte for mellom 100 og 249 kroner sist dei spelte på Internett, mens 13 % svarte at dei spelte for over 1000 kroner. Målinga viste og at det i 2002 var eit fleirtal av dei spurte som svarte at dei utelukkande spelte på utanlandske nettstader.

Blant ei rekkje europeiske land synest haldningane å vere at den sikraste strategien mot pengespelkonkurranse frå Internett er å byggja opp sikre og nasjonale tilbod med trygg betalingsformidling. Målsetjinga er at slike sikre og nasjonale tilbod skal minimalisere lekkasjen av spel til utlandet via Internett.

I lys av dette ga departementet i 2001/2002 prøvekonsesjon til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto for distribusjon av eksisterande spel over Internett. I tillegg er det gitt prøvekonsesjon for utprøving av forskjellige lykkespel på Internett til Norskespill.no (gruppering av 10 humanitære organisasjonar). Vi har òg gitt prøvekonsesjon for førehandstrekt lotteri over SMS til Norsk Restaurantcasinodrift på vegne av 10 frivillige organisasjonar. Prøvekonsesjonane er gyldige ut 2003, men vil bli forlenga ut 2004, slik at vi kan få ein god evaluering av erfaringane til no. Alle som har fått prøvekonsesjonar må berre levere spel til nordmenn over 18 år busett i Noreg. I dei internasjonale pengespela som vert tilbode over Internett er det frå lisensgjevar stort sett ikkje sett slike avgrensingar.

Kva gjer vi med dei etiske utfordringane
Hovedproblemet internasjonalt og nasjonalt vil vera å finna reguleringar som gir rom til å kontrollera og begrensa pengespeltilbodet. Vi ynskjer ikkje uakseptable negative effektar. Internasjonalt finnes det i dag ikkje slike regelverk. Nasjonalt har vi reglar som gir kontroll med dei fleste nasjonale spel. Eg er glad for at Stortinget ved handsaminga av pengespelfeltet i juni var samd i at ein ikkje bør gi løyve til kasinoverksemd i Noreg. Dette standpunktet vil eg halda fast på så lenge eg er kultur- og kyrkjeminister. Eg vonar ingen hadde vente noko anna frå leiaren i Kristeleg Folkeparti.

Når det gjeld automatane har vi no komme fram til ein løysing som eg på sikt trur vil gi god kontroll. Vi vil likevel møta mange utfordringar i tida som kjem i høve til Norsk Tipping sine automater.

På same måte får vi ei utfordring når det gjeld dei norske prøvetilboda med speleformidling via Internett. Dei prøveprosjekta det er gitt løyve til vil verte evaluerte i løpet av 2004. Då må vi òg vurdera å leggja til rette for spel på Internett og andre elektroniske kanalar. Dette er ein balansegang og eit skikkeleg dilemma for meg. Internett gir lett tilgang til å spela frå ”eiga stove”, noko som kan leggja til rette for uheldig speladferd. Derfor ser eg mellom anna forskjell på spel der nettet vert brukt som distribusjonskanal og der trekning skjer ein eller to gonger i veka, samanlikna med spel som er spesialtilpassa Internett og som ein kan spela på heile tida. Eg vil vera tilbakehalden med å godkjenna nye pengespel skreddersydd for Internett og andre elektroniske kanalar.

Når det gjeld utviklinga med internasjonale spel via Internett og andre kanalar vil både departementet og Lotteritilsynet arbeida for å påvirka denne utviklinga. Både i nordisk og europeisk samanheng er det den siste tida tatt initiativ som gir von om ei betre samordning og kontroll med det internasjonale speletilbodet. Her er likevel dei kommersielle motkreftene store, så kampen om styringa av desse spela i framtida vil bli hard. Eg vil arbeida vidare med tiltak for å kontrollera auken i spel på utanlandske Internettspel, sjølv om dette er vanskeleg.

Når det gjeld kampen for en ansvarlig spelepolitikk foreslo vi at 0,5 % av overskotet frå Norsk Tipping i framtida skal gå til førebyggjing, forsking, informasjon og behandlingstiltak i forhold til speleavhengighet. Dette slutta Stortinget seg til. På bakgrunn av utviklinga på speleområdet er det også iverksett eit prøveprosjekt med kontakttelefon for speleavhengige.

Det er også sett i verk eit arbeid med å utarbeida ein handlingsplan mot speleavhengighet. Forslag til handlingsplan skal vera klar i løpet av første halvår 2004.

Fordeling av speleoverskotet i åra som kjem
Det er vanskeleg å seia korleis inntektsutviklinga for norske spel og lotteri vil bli i åra som kjem. Nokon dramatisk utvikling dei første åra er det ikkje grunn til å frykta. Det eg kan seia noko sikkert om, er korleis dei inntektene som kjem, vil bli fordelte. Her har Stortinget i fleire omgangar vedteke endringar, mellom anna i høve til innhaldet i den såkalla tippenøkkelen, som fordeler overskotet frå Norsk Tipping si verksemd.

Eg ynskte å gjera det enklare for idrettslag og andre på eiga hand å skaffa seg lotteriinntekter. Difor er eg glad for at Stortinget gav si støtte til den administrative forenklinga av lotterilova som departementet har foreslått. Denne forenklinga vil gjera at fleire lokale lag og organisasjonar kan få halda smålotteri og basarer utan løyve. Når det gjeld lokale smålotteri skal no alle kunne halda kakelotteri og andre basarar så lenge verdien av den einskilde gevinsten ikkje overstig 5 000 kroner. For andre smålotteri vil omsetningsgrensa bli auka frå 100 000 kroner til 150 000 kroner. (Endeleg vedtak om dette vil bli fatta i løpet av 2004). Endringane kan setjast i kraft frå januar 2005.

Endringane i tippenøkkelen har gått i to steg:

  • I 2002 endra Stortinget tippenøkkelen slik at forskingsformåla gradvis får mindre av overskotet frå Norsk Tipping, medan idretts- og kulturformål gradvis får meir. I 2005 blir heile overskotet frå speleselskapet delt likt mellom kultur og idrett.
  • Seinare har Stortingets i juni i år vedteke nye endringar i tippenøkkelen i samband med einerettsmodellen frå automatar. Desse endringane får verknad frå 2006.

For organisasjonane inneber einerettsmodellen frå 2005 stabile inntekter tilsvarande nivået for automatinntektene i 2001. I 2005 kjem desse inntektene som ei særskilt tildeling. Frå 2006 vil inntektene koma via det samla speleoverskotet til Norsk Tipping. I 2005 må organisasjonen senda søknad før tildeling kan skje.

At automatinntekta og overskotet til Norsk Tipping frå 2006 blir samla i ein pott vil etter mi meining visa seg som ein stor fordel i åra som kjem. Den nye ordninga inneber at dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane i framtida ikkje vil vera så knytt opp til lotteriinntekter frå automatar som dei har vore til no. Dette vil gjera det enklare for dei politiske styresmaktene å utvikla det samla speletilbodet i ein ansvarleg retning. Dette fordi spel med store skadeverknader lettare kan byggjast ned og bli erstatta av spel med lågare risiko utan at dei samla inntektene vert redusert.

Så til spørsmålet som mange i dei frivillige organisasjonane har vore opptatt av. Korleis skal pengane fordelast i overgangstida? Lotteritilsynet har sendt ut brev med forslag til forskrift om kompensasjonsordninga for 2005. Brevet er datert 10. oktober og ligg på tilsynet sine heimesider. Det er lagt opp til at det i 2005 vil bli fordelt 933 millionar kroner i kompensasjon til dei lag og organisasjoner som i 2001 hadde automatinntekter. Dette fordi automatinntektene for dei fleste vil falla bort i 2005. Dei fleste av dagens automatar vil i 2005 vera ute av marknaden. Samtidig har Norsk Tipping ikkje starta opp si automatverksemd for fullt.

Fristen for merknader til Lotteritilsynet sitt framlegg er 24. november, så tida begynner no å bli knapp. Forskrifta skal fastsettast rett over nyåret. Søknadene om kompensasjon må sendast Lotteritilsynet innan 1. april 2004. Dermed vil alle lag og organisasjonar som har krav på tildeling få denne betalt ut innan første kvartal 2005. For dei som har krav på meir enn kr 50 000,- er det i framlegget lagt opp til at utbetalinga vert delt i to, slik at andre del kjem i 3. kvartal 2005.

Den mellombelse forskriften som no er på høyring skal bare gjelda i 2005. Frå 2006 skal som nevnt overskotet frå automatinntekta til Norsk Tipping bli fordelt gjennom tippenøkkelen saman med det øvrige speleoverskotet.

Den nye tippenøkkelen er lagt opp slik at den andelen av automatinntektene som i 2001 gjekk til idretten, frå 2006 blir lagt til idrettens andel av tippeoverskotet. Resten av automatinntektene sin andel av tippeoverskotet er rekna ut til 18 % (basert på 2001-tal). Desse 18 % vil bli fordelte til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Faste reglar om denne fordelinga vil bli fastsett i ei eiga forskrift som vil bli sendt på høyring i løpet av 2004.

For idretten inneber endringa som sagt at delen av speleoverskotet frå Norsk Tipping blir slått saman med idrettsformåla sin del av automatoverskotet. For 2001 er denne siste delen utrekna til 314 millionar kroner. På bakgrunn av dette blir det etablert ein ny fordelingsnøkkel. Frå 2006 vil difor 45,5 % av det samla speleoverskotet til Norsk Tipping gå til idrettsformål.

Det er ein klar føresetnad både frå Regjeringa og Stortinget om at den delen av det framtidige speleoverskotet til idrettsformål som svarar til automatoverskotet skal bli fordelt til aktivitet på det lokale plan.

Det er eit viktig mål for den statlige idrettspolitikken å skapa gode rammevilkår for idrettsaktivitet rundt om i landet. Det vert gjort ein stor innsats lokalt, og det er ei sentral oppgåve for Kultur- og kyrkjedepartementet å støtta opp om denne aktiviteten. Det er på det lokale planet at idrettsaktiviteten blir skapt, og det er difor viktig at den statlege støtta tar omsyn til dette.

Ein positiv effekt av den nye modellen er at ein oppnår ei meir rettferdig fordeling av automatoverskotet innanfor idretten. I dag er det relativt tilfeldig kva for nokre lag og organisasjonar som nyt godt av automatinntekter. Frå og med 2006 vil automatoverskotet koma heile den lokale idretten til gode.

Departementet vil i tida framover sjå nærare på korleis idretten sin del av automatinntektene på best mogleg måte kan bli inkorporert i regelverket for tildeling av spelemidlar.

Når det gjeld spørsmålet om konkrete fordelingsmodellar, vil vi koma tilbake til dette. Spørsmålet vil bli drøfta med idrettsorganisasjonane før ei endeleg avgjerd vert tatt. Det primære for oss vil vera å finna ei løysing som i størst mogleg grad sikrar dei sentrale måla for den statlege støtta til idrettsformål.

Avslutning
Spelemarknaden har endra seg kraftig både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra. Teknologien opnar for nye spel og nye måtar å distribuere spela på. Så langt har utviklinga svekka den samla styringa med speletilbodet i Noreg. Avisene melder stadig oftare om personar som har spilt bort heim og familieliv frå datamaskina heime eller på jobben. Ved valet av strategi for å møte denne utviklinga må ein ikkje gløyme at målet for norsk spelepolitikk er ei moderat speleutvikling.

I ein situasjon med auka speletilbod frå utlandet via Internett og andre kanalar må vi difor unngå at vi møter den nye konkurransen med like aggressive speletilbod som dei tilbod vi vil verna oss mot utafrå. Historia har gjennom fleire hundre år vist at speletilbodet i visse periodar grip om seg, for så å bli stramma inn på grunn av dei uheldige konsekvensane som kjem til syne. Det er mi tru at det internasjonale speletilbodet vi i dag ser aukar, på sikt vil koma inn i meir regulerte former, når konsekvensane av utviklinga blir betre kjende. Når den tid kjem er det viktig at vi i Noreg ikkje sit med like aggressive spel som dei vi ynskjer forbod mot.

Menneska sin trang til spenning og gambling ligg djupt i oss. Difor har det alltid vore knytt store pengar til spelemarknaden. Spela har blitt stadig meir utfordrande (aggressive) og ynskje om stadig auka inntekt frå speleverksemda har vore stor. Realinntekten har auka – både for idretten og dei frivillige kvart einaste år. Eit spørsmål som vi må våga å stille oss i åra som kjem, er om vi framleis bør venta at overskotet frå spel og lotteri frå år til år skal auka meir enn prisauken elles i samfunnet. Eg meiner vi ikkje kan ta for gitt at den utviklinga kan halda fram i all æva.

På kortare sikt ser likevel utviklinga lysare ut. Mellom anna vil dei endringane som er gjort i tippenøkkelen sikra idrett, kultur og anna frivillig arbeid ei stabil og god inntekt i mange år framover. Det er difor viktig at idrettskrinsane og fylkeskommunen tar initiativ til slike samlingar som dette, slik at diskusjonen og tankane om korleis pengane best kan brukast stadig blir bedre.