Kulturpolitikk, born og kunst. Utfordringar i åra framover.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 18.11.2003
- Eg er stolt av det aktørane på kulturfeltet får til, og dei rammevilkåra vi legg gjennom kulturpolitikken. Men framleis er det utfordringar å ta fatt på. Dei fleste kulturinstitusjonar må gi høgare prioritet til born og unge som publikumsgruppe, sa kulturminister Valgerd Svarstad Haugland på Norsk kulturråds årskonferanse i går. (19.11.03)
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Kulturpolitikk, born og kunst. Utfordringar i åra framover.
Norsk kulturråds årskonferanse, 18. november, Oslo Kongressenter
Som ein viktig del av eit levande kulturliv kan kunst gi opplevingar som kan ha stor innverknad på livskvaliteten til oss alle.
Ved å oppleva kunst og ta del i kulturaktivitetar vert vi deltakarar i den store forteljinga, det djupe verdifellesskapet av arbeidande aktørar i ein større fellesskap. Kunst, også samtidskunsten, gir oss del i ein kulturarv med liner langt tilbake i tid og utgjer viktige delar av vårt felles minne, vår felles historie og samtid.
Når eit kunstverk engasjerer oss, kan det gi oss nye perspektiv på kva det vil seia å vera menneske; tankane våre om verda og livet kan bli utfordra eller stadfesta. Vi kan oppleva ubehag, provokasjon eller få oss ein god latter. Eit kunstverk kan også etterlata oss fullstendig likegyldige. Ikkje alle kunstverk engasjerer alle. Det er ein del av mangfaldet som kjenneteiknar eit kunstliv i utvikling. Og samhandling med kunst er spørsmål om å byggja opp kunnskap og erfaring over tid, ja, kontinuerleg. Det er spørsmål om å vera open og nysgjerrig overfor heile spekteret av intellektuelle og kjenslemessige utfordringar som kunst kan gi oss.
Difor går born og kunst svært godt i hop! Det nysgjerrige, fordomsfrie barnet kan vera ein ideell tilskodar og lyttar. Mange vaksne er usikre i møtet med samtidskunst, fordi dei søkjer og ikkje straks finn ei meining med verket. Born møter det som er der, dei opplever, og spør ikkje etter kva meining kunstnaren har hatt.
Ein kan ikkje styra borns kunstoppleving, dei ser og opplever ofte noko heilt anna enn det vi vaksne ventar. Og det samsvarar med oppfatninga av at kunstverk er mangfaldige og skal tolkast og oppfattast på ulikt vis. Samtidskunsten krev at publikum deltar med si eiga forståing. Det fell altså lettare for born enn for vaksne. Det kan ha samanheng med noko forfattaren Sigurd Hoel har sagt: "Det er verdt å huske på at det er noe dypt barnslig i all kunst. Den kan kalles en forsinket lek – dypt alvorlig som leken er det."
Born engasjerer seg og deltek aktivt i det dei opplever – vel å merka, viss det dei opplever interesserer dei! Born er eit nådelaust ærleg publikum. Dei engasjerer seg ikkje for å vera høflege.
Sjølv om det å oppleva kunst ser ut til å falla lett for born, er det også slik at kunsten treng kunnskap og erfaring. Evna til å oppleva kunst er noko som må utviklast dersom ein skal nå inn til den rikdomen som kunstverda rommar. Det er difor vesentleg at også born og unge får høve til å møta god kunst på eit tidleg tidspunkt. Dette er naudsynt for at den menneskelege danningsprosessen skal verta så god som mogleg. Born og unge må få prøva ut og bli kjende med eit breitt spekter av kunstaktivitetar og -opplevingar, både fordi det har eigenverdi, og fordi det gir kulturell kompetanse; det kvalifiserer til medansvar og deltaking i samfunnet.
Anten ein er mykje eller lite opptatt av kunstens nytteverdi, er det interessant å merkja seg studiar som tyder på at musikkundervisning styrkjer born sin evne til abstrakte resonnement generelt, den same evna som er nødvendig for å læra matematikk og realfag. Nærkontakt med kunst viser seg òg å stimulera evne til symbolbehandling, sans for grafisk utforming, kommunikasjonsevner og evne til nyskaping. Alt dette er naudsynt kompetanse i eit høgteknologisk og fleirkulturelt samfunn som vårt. For at eit demokrati skal fungera, krevst det dessutan at alle utviklar evner til kritisk tenking, til å uttrykkja seg, til medkjensle, samarbeid og til å tolka signal og utsegner frå andre. Også her har kunsten mykje å koma med.
Eg vil understreka at det ikkje er motsetnader mellom eigenverdi og nytteverdi i kunsten. Det handlar om å gi borna reiskap til å kunna oppleva og takla livet i størst mogleg breidde. I dette biletet høyrer kunsten naturleg med, og han fortener jamvel ein meir framskoten plass enn han har hatt tidlegare.
Det rådande synet på born og kunst vaks fram på 1990-talet. Etter ein periode med vekt på borna sin eigen kultur som noko unikt og autentisk, sette ein no søkjelyset på born som deltakarar i kulturen meir allment. Dette har samanheng med at grensene mellom kunst, kvardagsliv og den medie- og marknadsorienterte kulturen etter kvart er broten ned. Born er kompetente deltakarar med eigne ressursar i møte med kunsten, samstundes er dei deltakarar som er påverkelege og kan formast. Dette set krav til formidlinga både når det gjeld kunnskap om kunst og kunnskap om born.
Jamvel om kunsten endrar seg, og grensene til andre kulturelle uttrykksformer er brotne ned, legg mange av kunstformidlingsprosjekta i institusjonane framleis vekt på opplæring og oppseding til kunsten som autonomt felt, og det frigjerande potensialet i born og unges møte med kunst vert knytt til at kunsten er forskjellig frå "det vanlege".
Gjennom opprettinga av eit eige fagutval for born og unge i 1989 har Kulturrådet medverka til mange kunstformidlingsprosjekt innanfor ulike kunstformer og institusjonstypar. I desse prosjekta har det vore lagt vekt på samarbeid mellom skule, barnehage, kunstnarar og kunstinstitusjonar. Ein del av prosjekta vart seinare faste ordningar, som Barnas Hus i Bergen og Norsk scenekunstbruk. Kulturrådet har dei siste åra støtta prosjektet Klangfugl, kunstformidling til små born. Evalueringa av dette ligg no ferdig, og vi får høyra og oppleva meir av dette seinare i dag. Eg har i alle fall forstått at erfaringane frå Klangfugl er svært positive. Deltakarane har fått utvida og fordjupa kunnskapen sin om kunstformidling til born, og kunstnarane har sett stor pris på å vera med i prosjektet.
Eit av dei viktigaste resultatmåla for kulturpolitikken er å styrkja formidlingstilbodet med sikte på å nå flest mogleg, og særleg born og unge.
Alle kunstinstitusjonane har derfor born og unge som ei prioritert målgruppe, og fleire har spesielle prosjekt på dette området. For eksempel har Riksutstillingar inngått samarbeidsavtaler som dekkjer 11 av fylka i prosjektet Kunstarena skole. På sikt skal Kunstarena skole dekkja alle fylka. Utsmykkingsfondet og Norsk Form har over fleire år sett fokus på skulen som bygning, og på verdien av god arkitektur og utsmykking i born og unge sine omgivnader. Mange andre miljø og grupper kunne vore nemnde.
Eg vil gå litt grundigare inn på eitt eksempel. Ved Museet for samtidskunst har born og unge vore ei hovudmålgruppe i fleire år. Gjennom ei rekkje formidlingsprosjekt har museet bygd opp ein solid kompetanse på kunstformidling til born og unge. Ein tiåring fortalde at han likte så godt å koma til museet fordi her snakka dei så spanande saman! Det er nettopp målet for formidlinga her: å få born med i ein samtale om kunst. Dei ser born som eit publikum her og no og ikkje berre som eit potensielt framtidig publikum. Ei slik innstilling krev at formidlarane tør å formidla i kraft av sin kunnskap, og ikkje berre formidla kunnskap. Det gjer dei gjennom å skapa trygge rammer og leia samtalen og observasjonane ved hjelp av enkle spørsmål. Dei har erfart at born har mykje erfaring og kunnskap dei sjølv ikkje veit at dei har. I samtale om eit kunstverk kan denne erfaringa og kunnskapen koma fram. Dei nærmar seg kunstverka som ei slags gåte, ei gåte dei i fellesskap skal utforska og løysa. Saman stiller dei spørsmål om kunstnarlege val og tolkingar.
Det har kome fram at det følgjande er gode rammer for kunstformidling til born: Formidlaren må ha eit trena blikk og øving i å samtala om kunst og å gjera visuelle oppdagingar. Og ein må vera bevisst at premissa for møtet med kunsten er det einskilde kunstverket og borna. Kven er ho eller han? Dei deler derfor borna i mindre grupper og bruker tid på å bli kjende med dei. Dei konsentrerer seg så om nokre få kunstverk og stiller enkle spørsmål for å koma i gang. Dette leier altså til det ein tiåring meiner er spanande samtaler.
De skal få eit eksempel på eit kunstverk som har engasjert mange born og unge på samtidskunstmuseet.
Dette er eit objekt i installasjonen "Kommunikasjonsstykke" av Hilmar Fredriksen. Det er plass til ein person inne i vogna, og han eller ho kan sjå ut gjennom "brevsprekken".
Verket er ein installasjon om kommunikasjon. Personen som skal flytta vogna er "blinda" med speilbriller og er heilt avhengig av ein person som er stengd inne i vogna. Han kan berre sjå ut gjennom "brevsprekken". Korleis flyttinga går, er avhengig av om han som sit inne i vogna evnar å beskriva vegen, og ikkje minst av om han som går bak har evne til å lytta. Samspelet mellom dei to krev også tillit; dei må stola på kvarandre.
Dette verket har engasjert mange born og unge på samtidskunstmuseet. Kanskje fordi dei hugsar korleis det er å sitja i vogn, eller fordi dei har småsysken som gjer det. Det engasjerer også ungdom, kanskje fordi dei kjenner seg att i det å vera avhengig av andre. Dette er absolutt eit verk som inviterer til filosofering.
Skule og barnehage fekk ei sterkare rolle i kunstformidlinga i 1990-åra. I 1996 kom handlingsplanen for dei estetiske faga og kulturdimensjonen i skulen kalla Broen og den blå hesten. Den la vekt på at born må få opplevingar med profesjonell kunst av høg kvalitet samtidig som dei får utfalda seg med eigne kulturelle aktivitetar. Planen oppmoda til auka samarbeid mellom skuleverket og kunst- og kulturlivet. Så kom læreplanverket for grunnskolen L97 med ei tilsvarande målsetjing, nemleg at profesjonelle utøvarar frå kunst- og kulturlivet i aukande grad skulle trekkjast inn i skulen. Skulen skulle no vera ein stad der born og unge møter profesjonell kunst og kultur, og ein stad der dei blir utfordra og inspirert til eigenaktivitet.
Den kulturelle skulesekken byggjer på det same tankegodset som Broen og den blå hesten og L97. Det er ei formidabel kulturpolitisk satsing på kunstformidling til born i grunnskulen. Dette tiltaket skal sørga for at alle grunnskuleelevar får oppleva kunst og kultur av høg kvalitet. Alle kulturuttrykk skal vera representerte, også samtidskunsten. Målet er også å medverka til at kunst- og kulturuttrykk i større grad blir brukte som verkemiddel i undervisninga. Tiltaket er no i ein opptrappingsfase som vil vara fram til 2005. Då reknar vi med at om lag 180 mill. kronar i spelemidlar vil gå til dette tiltaket kvart år, avhengig av overskotet frå Norsk Tipping. I neste veke vil Stortinget behandla meldinga vi la fram om Den kulturelle skulesekken i vår.
For å lukkast med Den kulturelle skulesekken krevst det eit samspel mellom mange aktørar. Det er mykje som skal utviklast, både når det gjeld organisering og innhald.
Det er særleg samarbeidet mellom skule og kultur som er viktig for å nå målsetjingane med skulesekken. Dette samarbeidet vil innebera ei utviding av perspektiv, både i skulesektoren og i kultursektoren.
I skulesektoren krevst det brukar- og tingingskompetanse og evne til å sjå kva for ein rolle kunst og kultur kan ha i undervisninga. Forarbeid og etterarbeid i samband med kunstopplevingar krev kunst- og kulturkunnskap og innsikt i dei verka som blir presenterte.
Sjølv om mange kunstnarar er eminente formidlarar, krevst det betre kjennskap til formidling til born og unge i kultursektoren generelt. Gjennom fleire studiar av kunstformidling er det vist at for liten kunnskap om målgruppa born og unge blir eit problem for kvaliteten på kunstformidlinga. Det er avgjerande å finna løysingar på denne utfordringa.
Fleire fylke arbeider no med kurstilbod og kompetansehevande tiltak for lærarar, kunstnarar og kulturarbeidarar i samband med Den kulturelle skulesekken. Vi ventar oss ei utvikling av dette over heile landet. Innhaldet i studia ved dei ulike kunsthøgskulane er den enkelte institusjonens ansvar. Men dei skal svara på utfordringane i samfunnet. Det er derfor rom for at både kultur- og skulesektoren går i dialog med desse institusjonane med ei oppmoding til å tematisera formidling til born og unge i dei ulike profesjonsutdanningane.
For heile kulturfeltet er det eit mål å byggja bruer mellom kultur og utdanning.
Pedagogikk og kunst har ofte framstått som motpolar, der den eine søkjer orden og den andre vektlegg opplevingar. Eg håpar og trur at Den kulturelle skulesekken kan føra til at pedagogar og kunstnarar finn møteplassar og måtar å forstå kvarandre. For det er i samhandling mellom den barnefaglege og den kunstfaglige kompetansen at god kunstformidling for born og unge kan oppstå.
I Noreg er det tatt fleire kulturpolitiske initiativ enn i svært mange andre land når det gjeld å fremja kunstens eigenverdi for born og unge. Alt i 1968 byrja Rikskonsertane med skulekonsertar. Ordninga er unik i internasjonal samanheng. Dei norske kulturskulane er også ein ganske unik institusjon; dei er gode samarbeidspartnarar for skulen og gjer ein viktig innsats for born som vil fordjupa seg i musikk og andre kunstformer. Institusjonar som Norsk Scenekunstbruk, Riksutstillingar og Norsk forfattarsentrum forvaltar betydelege statlege midlar til formidling i norske skular. Og no blir det altså satsa stort på Den kulturelle skulesekken.
Både heim og samfunn har eit ansvar for at barnet får utvikla seg til å bli ein aktiv deltakar i det demokratiske samfunnet. Samfunnets viktigaste arena for dette er skulen, i tillegg til Det kulturskular, kyrkjer, organisasjonar og mange fleire. Møtet med kunsten: kunstartane og kunstuttrykka, må skje på alle desse arenaene. Ikkje som eit obligatorisk tillegg til noko anna som er "det eigentlige", men som grunnleggjande trening som fører til at kunstuttrykka blir den enkeltes aktive eigedom.
Det aukande kulturelle mangfaldet i samfunnet utgjer ein viktig ressurs for kulturlivet. Dette mangfaldet gjev grunnlag for kreativitet og utvikling, men byr òg på nye utfordringar. Menneske definerer seg med høgst ulike kulturelle identitetar, og det gjeld ikkje berre kategoriane etnisk norske og innvandrarar. I eit samfunn prega av globalisering og ein flora av medietilbod og kulturuttrykk, er vi alle utsette for eit mangfald av kulturimpulsar. Dei nye impulsane bryt med tradisjonelle oppfatningar av det norske kulturfellesskapet, og kan utvida registeret av verdiorientering og ytringsformer i Noreg. Dette er med på å endra synet på kva det vil seia å vera norsk, og det har oppstått trong for å skapa ny forståing av kva norsk felleskultur består av.
Kan henda har globaliseringa i særleg grad påverka kultursituasjonen for born og unge. Sjølv om det er store variasjonar, synest det å vera eit gjennomgåande trekk at aktivitetar blant born og unge i stadig høgare grad er påverka av ei global medieverd. Dette er aktivitetar som i hovudsak skjer heime, som å høyra musikk, sjå tv og video og spela tv- og dataspel. Også det å surfa på Internett aukar raskt i omfang. Desse aktivitetane kan ikkje berre vurderast som passivt eller skadeleg tidsfordriv. Gjennom media vert borna fortrulege med eit arsenal av historier, idear og førestellingar som kan brukast kreativt til eigen leik. Ikkje minst har det vist seg at i aldersgruppa 9-15 år er medietilbodet viktig som ei felles referanseramme for samhandling på tvers av sosiale og kulturelle skilnader. Medie- og populærkulturen har for eksempel vist seg å kunna fungera som ein fellesarena på ein særskild måte i fleirkulturelle ungdomsmiljø. Her kan det utfalda seg ein særeigen dynamikk i møtet mellom kulturuttrykk av heilt ulike opphav. Internasjonale impulsar innanfor sport, gatemotar, filmar og musikk kan danna ein felleskultur som fungerer som ein slags tredje møtestad for ungdom med vidt forskjellig bakgrunn og geografisk plassering.
Kunst- og kulturprosjekt som har tatt denne mediesituasjonen på alvor, er til dømes trafo.no i regi av Kulturrådet. På denne nettstaden kan unge kunstnarar mellom 16 og 22 år stilla ut eigne verk på nettgalleri, få informasjon om utdanning, prosjektstøtte og få personleg vurdering frå profesjonelle kunstnarar. Norsk filminstitutt har oppretta mzoon for liknande aktivitet på filmfeltet.
Mangfaldet av kulturelle impulsar og identitetar er altså noko som pregar og i aukande grad vil prega born og unge sin kvardag. Dette er noko kunstformidlinga må vera seg bevisst. Samstundes er kunstformidlinga med på å utvikla den kulturelle kompetansen som er nødvendig i eit samfunn prega av kulturelt mangfald. Dette samfunnet er også prega av eit massivt press frå ein kommersiell underhaldningskultur. Det går føre seg ein kamp om mennesket si tid, merksemd og pengar mellom mange krefter i samfunnet. Derfor er det viktig å gi born og unge kompetanse og ballast til å vurdera kva dei vil lata seg påverka av. Gjennom ein bevisst kulturpolitikk sikrar vi arenaer der menneske kan møta, oppleva og trena seg i å bruka kunstnarlege uttrykk. Mange slike arenaer vil gå tapt om dei skal konkurrera på kommersielle premissar.
Eg er stolt av det aktørane på kulturfeltet får til, og dei rammevilkåra vi legg gjennom kulturpolitikken. Men framleis er det utfordringar å ta fatt på. Dei fleste kulturinstitusjonar må gi høgare prioritet til born og unge som publikumsgruppe. Det er eit stort underskot på kunstproduksjonar som kommuniserer med born. Utfordringa ligg i kunstnarmiljøa, både i institusjonane og i dei frie gruppene. Her trur eg midlane frå Den kulturelle skulesekken kan få det til å blomstra. Som nemnt er det òg behov for dialog mellom kunstmiljøa og andre miljø som arbeider med utvikling, oppvekst og læring hjå born.
Til sist vil eg gi ei utfordring og oppfordring til alle foreldre: De må sjå verdien av at born får oppleva kunst og utfalda seg i dei uttrykka som er tilgjengelege. Utan at fritida skal bli eit kjør mellom ulike øvingar og opplevingar! Det handlar om å følgja opp det nysgjerrige barnet og utfordra det med god kunst i passande mengder. Det vil utvikla toleranse, allsidig kompetanse og danning hjå borna.
Då byggjer vi ein kulturnasjon.