Historisk arkiv

Kulturpolitikk fram mot 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Kulturpolitikk fram mot 2014

Dagbladet, 31. august 2003

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kulturpolitikken. Her vert hovudlinjene for dei kulturpolitiske prioriteringane i åra fram mot 2014 trekte opp.

Ein god kulturpolitikk krev langsiktig planlegging og kontinuitet. Trygge rammevilkår og handlingsrom for institusjonar og tiltak må vera basis for den fornyinga og dei kursendringane som samfunnsutviklinga tilseier. Vi har ein kompetent kultursektor som tvillaust evnar å gripa tak i nye utfordringar. Statens oppgåve vil fyrst og fremst vera å leggja til rette høvelege rammevilkår for å utløysa verdfulle potensial innanfor dei ulike delområda av kulturfeltet.

Dei siste åra har det kome mange utgreiingar som no ligg til grunn for regjeringas kulturpolitikk fram mot 2014. Berre om litteraturpolitikken ligg det føre eit tosifra rapporttal. Om musikkfeltet er det mellom anna utarbeidd dokument om orkester, populærmusikk og ensemble. På scenekunstfeltet er utgreiinga Etter alle kunstensregler lagd fram. I nært samarbeid med ei rekkje instansar er det utarbeidd ein plan for produksjon og formidling av opera og ballett i distrikta. Meldinga tar høgde for å gi eit best mogleg kunnskapsfundament for utforminga av den framtidige kulturpolitikken.

Både allmenne utviklingstrekk og endringar innanfor dei respektive kunst- og kulturområda har skapt ei rekkje nye utfordringar som vil krevja nye ressursar. Dels vil dette dreia seg om å dekkja opp tiltak som Stortinget alt har slutta seg til, dels er det tale om nye prioriteringar.

Vi har alt avklarte opptrappingsplanar på viktige saksfelt for om lag 500 mill. kroner. Når det gjeld arkiv, bibliotek og museum, er hovudutfordringa å følgja opp dei opptrappingane som vart lova gjennom ABM-meldinga. I samsvar med St.prp. nr. 48 (2001-2002) om nytt operahus er det vedtatt å styrkja Den Norske Opera slik at institusjonen innan 2008 er i stand til å ta i bruk den nye operabygningen både kunstfagleg og praktisk. Samtidig som operaen i Oslo vert styrkt, er det viktig at vi utviklar distrikts- og regionopera, slik også Stortinget er samd i. Det er dessutan gitt tilsegn om ekstraordinært statleg driftstilskot dersom Stavanger-regionen vert tildelt status som europeisk kulturhovudstad i år 2008.

Det frie kunstfeltet er eit prioritert område i kulturmeldinga. Stadig større delar av kunstproduksjon og -formidling finn stad utanfor dei etablerte institusjonane. Dette er eit veksande og dynamisk felt der mange av aktørane rører seg på eit høgt nivå, men med svært små økonomiske ressursar. Musikkensembla og det frie scenekunstfeltet, særleg dansen, må sikrast kontinuitet og utvikling gjennom betre økonomiske rammevilkår.

Noko av det mest gledelege som har skjedd på kulturområdet dei siste tiåra er framvoksteren av eit hundretal festivalar rundt om i heile landet. Festivalane har ei sterk lokal forankring og mobiliserer stor fagleg innsats. Samtidig opererer dei gjerne i internasjonale nettverk, og innhaldet er gjennomgåande av høg kvalitet. Festivalane formidlar kunst til eit stort og veksande publikum landet rundt. Mange viktige og kunstnarleg vellykka festivalar, biennalar og mønstringar har behov for eit vidare økonomisk handlingsrom for å kunne utviklast vidare.

Dei store institusjonane vil framleis vera viktige hjørnesteinar i kulturpolitikken. Eit av dei største prosjekta det komande tiåret vil vera å utvikle det nye Nasjonalmuseet for kunst. På musikkområdet vil det vera nødvendig å byggje ut dei fleste orkestra. På scenekunstfeltet vil ein prioritera institusjonar med særleg god ressursutnytting og dei små institusjonane som har høge turnékostnader.

Institusjonane har eit ansvar for å vera lydhøre og mottakelege for impulsar frå omverda. Dei skal fanga opp nye behov og samhandle både med kvarandre og med andre aktørar. For å sikra kvalitet er det nødvendig å vera open for endringar. Derfor vil vi ha evalueringar og insentivordningar for å stimulera ønskelege prosessar.

På heile kulturfeltet vil det vera ei prioritert oppgåve å stimulera til auka internasjonal samhandling. Det er dessutan eit overordna behov for tiltak som fører til større likestilling for og inkludering av minoritetsuttrykk og impulsar frå andre tradisjonar enn den vestlege i det norske kulturlandskapet.

Mitt mål er å verna og styrkja norsk språk, slik at nynorsk og bokmål kan vera fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet. Ikkje minst er dette viktig inn i det nye informasjonssamfunnet. I tillegg til reint språkpolitiske tiltak spelar produksjon og formidling av norsk fag- og skjønnlitteratur ei viktig rolle. Sett ut frå både eit språk- og eit kunstpolitisk perspektiv er det viktig å føra vidare vellykka støtteordningar og eit godt biblioteknettverk. Innkjøpsordningane for litteratur er viktige for å halda oppe mangfald og kvalitet i litteraturtilbodet. I tillegg til dei eksisterande ordningane må rammene utvidast slik at det også vert rom for innkjøp av verdifull sakprosa og essaystikk.

Innkjøpsordningane for fonogram må få vidare rammer for å styrkja norsk musikkproduksjon av høg kvalitet. Dette vil tena musikklivet - både produksjonsselskap, komponistar, utøvarar og publikum.

Av direkte verkemiddel overfor kunstnarane er det særleg aktuelt å styrkja ordninga med arbeidsstipend. Arbeidsstipenda bør innrettast på ein måte som ivaretek kunstnaranes behov for konsentrasjon og fagleg fordjuping. På denne bakgrunnen kan det vera relevant å vurdera nye typar langvarige stipend. Vi vil leggja opp til ei omfordeling av midlar frå ledige garantiinntekter til arbeidsstipend.

Dei kulturpolitiske utfordringane det komande tiåret er store. Eg har her skissert nokre av dei prioriteringane som er presenterte i kulturmeldinga. Dei er heilt nødvendige for at vi fram mot år 2014 skal kunne vidareutvikla det potensialet som ligg i ein kreativ og veksande kultursektor.