Lansering av boka "Tekster om fred fra forskjellige tradisjoner"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 24.10.2003
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Lansering av boka "Tekster om fred fra forskjellige tradisjoner"
Tanum Bokhandel, Oslo, 24. oktober 2003 FN-dagen
Kjære publikum
Eg er glad for å kunna vera med på å lansera boka ”Tekster om fred fra forskjellige tradisjoner” utgitt av Samarbeidsrådet for tros- og livsynssamfunn og Norges Kristne Råd. Dagen for lanseringa, FN-dagen, er svært velvald.
Dagen bør vera ein dag for handling, vi må seia klart i frå at religionar og livssyn ikkje kan legitimera krig, terror og vald. Fredstanken er sentral i dei fleste religionar, noko desse fredstekstane er gode døme på.
Det blir ikkje fred i verda så lenge leiarane for dei ulike religionane og ideologiane ikkje respekterer grunnleggjande menneskerettar.
Det var derfor ekstra gledeleg at Nobels fredspris i år gikk til ei kvinne som kjempar og arbeider for menneskerettane i landet sitt, juristen og advokaten Shirin Ebadi. Måtte det modige arbeidet ho gjer, bera frukter slik at fred og rettferd kan rå i heimlandet hennar, Iran.
Eg håper at fredstekstane skal bli mykje brukte og lesne og vera med på å byggja bruer og venskap mellom enkeltmenneske og mellom religionar og livssyn. Det er vilkåret for at fred og kjærleik kan få rå.
Sjølv om vi ikkje skulle dela same trua, deler vi alle draumen om eit liv der vi kan leva i fred og harmoni med kvarandre, i respekt for dei andres tru og livssyn.
La oss gripa dagen i dag og ynskja kvarandre fred!