Lansering av SAFT-portalen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Tale/innlegg | Dato: 29.04.2003
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Lansering av SAFT-portalen
Statens Filmtilsyn (Filmens Hus), Oslo, 29. april 2003
Fyrst vil eg få ynskja alle velkommen hit. Eg vil takka alle dykk som har kome hit til lanseringa av SAFT-portalen. Eg er svært nøgd med å kunna visa fram konkrete resultat av den satsinga på sikker bruk av Internett som Statens filmtilsyn har leia, og som vi i Kultur- og kyrkjedepartementet og Barne- og familiedepartementet har støtta. Eg vonar at de på slutten av dagen vil vera einige med meg om at Noreg er eit av føregangslanda for sikrare bruk av Internett for barn og unge.
Kultur- og kyrkjedepartementet har hatt hovudansvaret for Noreg si deltaking i handlingsplanen for sikrare bruk av Internett. Planen er lagd fram av EU-kommisjonen. Det er gjennom denne handlingsplanen Statens filmtilsyn har fått støtte på 1,37 mill. euro til arbeidet med SAFT-prosjektet.
Dei siste åra har vi sett at mediebiletet i stadig større grad har vorte prega av at store, pengesterke aktørar gjer sitt inntog på eigarsida i mediekonserna. Vidare har vi sett ei revolusjonsarta digitalisering av dei ulike mediekanalane. Desse to faktorane har gjort at mange av dei media vi kjenner frå tidlegare, har tatt i bruk nye framgangsmåtar for å skreddarsy innhald til ulike forbrukargrupper. Eg kan for eksempel nemna nye metodar for innsamling og handsaming av personopplysningar og meir pågåande marknadsføringsmetodar i form av personleg retta reklame. Mange av spørsmåla som oppstår som eit resultat av denne utviklinga har vi alt funne løysingar på i norske lover. Dette er likevel ikkje nok. I høve til eit medium som Internett ser vi at mange av dei som produserer innhald er internasjonale selskap med hovudkontor i utlandet. Det innhaldet som kjem over Internett frå utanlandske aktørar er – som de sikkert kjenner til – vanskeleg å regulera i norske lovar. Difor har vi bruk for tiltak for å tryggja internettbruken der norsk lov ikkje strekk til eller verkar.
Eg meiner det er viktig at både barn og vaksne lærer seg å bruke det fantastiske verktøyet som Internett er. Internett kan samanliknast med ein by med marknadsplassar og kunnskapsarenaer, men og bakgater med kriminelle handlingar. Vi treng difor eit kart som viser kor ein trygt kan ferdast.
Norske foreldre trur dei veit mykje om borna sin bruk av Internett, men i røynda er det ikkje slik. Det er difor viktig med informasjon som kan gjera det lettare for foreldra å hjelpa borna sine til ein god og nyttig bruk av nettet.
SAFT-portalen skal vera eit slikt ressurssenter der både barn og foreldre kan finna rettleiing, råd og tips for korleis dei skal kunna gjera sikrare bruk av nettet. Her skal dei mellom anna finna informasjon om korleis ein skal unngå at personopplysningar vert nytta ulovleg i marknadsføring eller vert nytta til å utsetta barn for fare. Ein nærare orientering om kva SAFT-portalen opnar for med omsyn til innhald skal de få seinare i dag av Statens filmtilsyn. Det er ikkje lite!
Det er både norske og internasjonale partnerar med i SAFT-prosjektet. I Noreg er IKT-Norge og Markeds- og mediainstituttet partnerar. I Norden er Medierådet for børn og unge i Danmark, Våldsskildringsrådet i Sverige, Heimili og Skoli på Island og The National Centre for Technology in Education i Irland representert.
SAFT-prosjektet vert vidare koordinert med tiltaksplanen til Barne- og familiedepartementet, kalla ”Barn, unge og Internett”. Nærare om denne tiltaksplanen vil de òg få høyra om seinare av barne- og familieministeren.
SAFT-prosjektet er ei svært vellukka satsing på sikrare bruk av Internett. Eg vil både gratulera og takka filmtilsynet og dei andre i SAFT-prosjektet med arbeidet dei har gjort.
SAFT-prosjektet har gjennom undersøkingane av internettvanar i Norden, òg gitt prov på at dei kan koordinera internasjonal innsats på arbeidsfelta sine. Eg meiner difor at prosjektet kan ha mykje å gi til andre land der utviklinga rundt sikrare bruk av Internett ikkje har kome så langt som i Noreg og i Norden.
Eg vil slutta med ei von om at SAFT-prosjektet blir ein strålande suksess og at resultata frå arbeidet gir endå sikrare bruk av Internett for barn og foreldre. Ved felles krefter skal vi sørga for at dette er ei god byrjing på eit viktig arbeid som må følgjast opp hele tida. Med så gode kreftar samla er eg sikker på at vi skal lukkast.