Historisk arkiv

Norsk Form sitt 10 års jubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Norsk Form sitt 10 års jubileum

Norsk Form i Kongensgate, 3. september 2003

Kjære venner av Norsk Form

Norsk design og arkitektur er inne i ein konstruktiv og spennande fase. Våre designarar og arkitektar er ettertrakta både nasjonalt og internasjonalt. Norske tekstildesignarar skaper klede og møbeldesignarar skaper møblar som blir produserte og fører til suksess i utlandet. Samstundes vert designarar, i alle fagkategoriar, stadig oftare nytta i norsk produksjon. Norsk Forms årlege utstilling ”Tur/Retur” viser norske designobjekt som har vore presenterte på utstillingar i utlandet - her er mangfald, kvalitet og kreativitet.

Og utanfor landets grenser er det ikkje berre biblioteket i Alexandria som er teikna av eit norsk arkitektkontor. Norske arkitektar er for tida engasjerte i fleire land, og norsk arkitektur her heime får internasjonal merksemd. Jo, her er det mykje å vera stolt av.

Norsk Form har i si tiårige historie vore med på å setja arkitektur og design på dagsorden. Som innbyggjarar av ein velferdsstat har form og funksjon blitt viktigare for oss. I forlenginga av det er vi blitt meir kritiske, meir medvitne. Og det er bra. Eit designa produkt skal vera formgitt ikkje berre for auget, men også med sikte på ein best mogeleg funksjonalitet. Den stolen vi likar å sjå på, skal også vera god å sitja i. Ein elegant forma boksopnar blir ikkje kjøpt inn for å bli sett på, men primært for at vi lettvint skal kunna opna boksar. Flytoget skal bringa oss fort og behageleg til målet, så tar vi gjerne med på kjøpet at designaren har gitt produktet ei fin utforming. I arbeid med form og funksjon har vi nådd langt. Arkitektar og designarar skal i dag svara for nya utfordringar, der berekraft er eit viktig stikkord. Materialbruken er viktig i den samanheng. Her har vi alle eit ansvar overfor morgondagens barn og vaksne. La oss heller ikkje gløyma at god omtale og framgang forpliktar. Kvalitetsnivået skal haldast oppe og drivast vidare.

Å halda nivået er ikkje berre forpliktande for dykk som er designarar og arkitektar, men i stor grad også for dei som skal leggja forholda til rette, slik at norsk design og arkitektur kan blomstra og veksa vidare. Norsk Form skal om eit drygt år samlokaliserast med Norsk Designråd i Hausmannsgate. Utfordringane følgjer med på flyttelasset. Eg håpar og trur at Norsk Form i nye flotte lokale vil vidareføra og styrkja det gode arbeidet de gjer på felta arkitektur og design. I Kultur- og kyrkjedepartementet følgjer vi dykk og gler oss over framgang og gode utspel. Vi håpar departementet har vore ein god støttespelar frå fødsel til tiårs fødselsdag. For også vi har eit ansvar som vi skal vera oss medvite.

I den nylig framlagde kulturmeldinga vert det understreka at kvaliteten på våre fysiske omgjevnader framleis skal vera eit prioritert område i kulturpolitikken det komande tiåret. Gode stader og møteplassar i by og bygd verkar positivt inn på folks levekår. Estetisk kvalitet i buområde skaper identitet og rammer for eit godt miljø. God arkitektur og design og kunstnarleg utsmykking av offentlege bygg og rom er i denne samanhengen viktig.

Utforminga av dei fysiske omgjevnadene involverer ei rekkje offentlege og private aktørar. Dei ulike aktørane tilnærmar seg arkitektur, design og stadsutvikling frå ulike fag- og interesseområde. Ein best mogleg samordna innsats vil vera eigna til å styrkja vektlegginga av den estetiske dimensjonen.

Det er i dag 10 år sidan Norsk Form opna dørene sine for publikum. Mange har gått gjennom porten her til møte, utstillingar, konkurransar og seminar. Nokre er blitt provoserte over bodskapen, andre begeistra, andre igjen kanskje litt forundra. Norsk Form har også fleire prosjekt rundt om i heile landet. Dei største stadutviklingsprosjekta har vore lokaliserte i eit fleirtal av fylka. Slik skal det vera. Norsk Form skal engasjera og forarga både fagfolk og lekfolk. I dag har de sett merke på hovudstaden. Det har vore konferanse midt i Oslos travlaste bygg, Sentralstasjonen. Det har vore dans, song og utstillingar. Skodespelarar og debattantar har sett farge på byen. Norsk Form har presentert oss for ein levande by, ein by med plass til oss alle, og det skal de ha takk for.

Når eg no skal nærma meg kveldens prisutdeling, vil eg understreka at arkitektar og designarar arbeider med meir enn hus og hytter, boksopnarar, stolar og kjolar. Dei er med på å gi form til heile det nye Noreg, frå vegar og hamner til innreiingar og klede. No håpar eg at eg har fått dykk til å lura på kven som er kveldens vinnar av Jacobprisen, og eg ber juryleiar Tarald Lundevall presentera vinnaren.

-------------------------

Juryen har talt, Jacobprisen går i år til ein mann, nett over 50 år, interiørarkitekt og med diplom frå interiør- og møbellinja på Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1980. ”Han er en av de mest markante interiørarkitekter i Norge i dag”, seier Norsk Forms jury. ”Han setter brukeren i sentrum og skaper gode rom og møteplasser med høg kvalitet”'.

Vinnaren av årets Jacobpris er Petter Abrahamsen! Vi gratulerer!

Firmaet Riss som blir drive av Petter Abrahamsen, arbeider hovudsakeleg i det kommersielle rommet med utforming av restaurantar, kaféar og barar, butikkar og kontor. Vi kan nemna Coma bar og restaurant, Fridays American Bar, ny kontorinnreiing på Modum Bad, nytt butikkinteriør for David Andersen AS, og Filmmuseet i Filmens hus.

Du finn dei i Reykjavik, på Karl Johan, i Helsingfors, Stockholm og Dallas. Riss er kjent nasjonalt og internasjonalt. I 1986 opna utestaden Barock, som var ein publikumshit i Oslo i mange år. På 1990-talet utforma Riss sju utestader i Helsingfors. Korleis får dei det til? ”De er eksotiske”, meiner kunsthistorikar Lars Elton. ”Petter Abrahamsens kreativitet og erfaring gir oss overraskelser og overskudd i hverdagen,” seier Norsk Forms jury.

Men det er ikkje berre i det kommersielle rommet Riss opererer. I 1995 opna Norsk Form si best besøkte og mest omdiskuterte utstilling ”Vi innreder landet”. Vel 17 000 gjesta utstillinga, som skapte debatt med høg temperatur og fekk spaltemeter med omtale i pressa. Ei riktig vellykka utstilling. Og utstillingsarkitektar var? Nettopp: Riss.

Så har han kome langt då, interiørarkitekten som i 1991 fekk Landsforbundet Norsk Forms pris for unge formgivarar. Den prisen var vel fortent, og det er også tildelinga av Jacobprisen. Vi sluttar oss til Norsk Forms jury: ”Peter Abrahamsen og hans medarbeidere fortjener stor heder og ære”.

Gratulerer!