Historisk arkiv

Nynorsk-Noreg med vind i segla. Kva veg bles vinden?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar

- Nynorskbrukarane veit kva det vil seia å vera i mindretal, å skilja seg ut, gjera krav på sine rettar, fremma sine interesser. Den erfaringa er verdifull i møtet mellom det norske og det framandkulturelle. Av desse erfaringane kan det formast mykje god kulturpolitikk, sa kulturministeren ved Landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. (24.04.03)

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

"Nynorsk-Noreg med vind i segla. Kva veg bles vinden?"

Landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Ivar Aasen-tunet i Ørsta, 24. april 2003

Kjære nynorskvener

Hjarteleg takk for invitasjonen til å koma til denne konferansen i Ivar Aasen-tunet! Ein kultur- og kyrkjeminister får mange spennande invitasjonar, men denne har eg gledd meg særleg til. Eg har sett fram til å møta ei så kompetent og mangfaldig forsamling av nynorskbrukarar. Etter at eg i 1996 var med og planta eit nytt tuntre her i Aasen-tunet, har eg gledd meg til den dagen eg kunne koma tilbake og få sjå heile tunet og dette fabelaktige nybygget. Det eg har sett, gir meg lyst til å sjå meir.

Etter ynske frå arkitekt Sverre Fehn er det rydda bort litt skog vest for nybygget. Fehn ville så gjerne skapa ei visuell linje frå tunet ned til fjorden, som er så viktig i det norske landskapet og som har vore så viktig ein ferdselsveg. Ein vestlending som eg set pris på den tanken, og det forstår eg mange andre gjer også.

Foredraget har ein tittel med mykje kystkultur i seg. Det er ingen stor kunst å sigla i medvind ute på fjorden. Verre vert det når ein ikkje har så god bør. Då skal ein vita kva ein driv med for å koma dit ein vil. Då gjeld det å vera ein god siglar. Men for den som vil noko, er likevel det meste betre enn vindstille. Om ein ikkje har vind, driv ein berre med straumen.

I etterpåklokskapens klare lys kan det sikkert seiast eit og anna om den retninga nynorskmiljøa har valt i enkelte høve. Det ville likevel vera heilt feil å hevda at nynorskmiljøa har late seg driva med straumen. Heile tida har der vore vilje til handling, til målretta innsats. Siglasen har ført til at andre har måtta forholda seg til det nynorskskuta har gjort.

Gong på gong har nynorskmiljøa dermed klart å vera med og leggja premissane for dei vala som skal gjerast. Lover er vedtatt. Institusjonar er oppretta. Bøker og blad er trykte. CD-plater er sleppte. Program er kringkasta i radio og fjernsyn. Skodespel er framførte. Store ordbøker er redigerte. Stortingsmeldingar er lagde fram. Komiteinnstillingar er skrivne. Støtteordningar er innførte. Dataprogram er laga.

Denne historia er ei framhaldssoge av det slaget eg las som lita jente i Norsk Barneblad, der det gjerne stod: Framhald neste nummer.

Men neste kapittel er ikkje skrive enno. Kvar og ein av oss er med og skriv på denne historia. Difor slepp eg å stå som ei politisk verdame her i Ivar Aasen-tunet og spå framtida for nynorsken. I politikken ligg ikkje framtida verken i krystallkula eller i vinden på fjorden. Politikken dreiar seg om dei vala vi gjer kvar for oss og i samla flokk. Meir enn på dei fleste andre områda i samfunnet er dette tydeleg når det gjeld språkpolitikk.

Ein dansk språkforskar sette ord på dette for åtti år sidan. I ein avisartikkel hevda Gudmund Schütte at nynorsk, som då enno heitte landsmål, eig ein språkvilje som ingen av dei andre språka på det nordiske fastlandet kunne visa maken til. Utan å laga ei mannjamning mellom nabospråka trur eg det er lett å vera einige om at denne viljen til språk har vore ei signing for landet vårt. Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum seier det slik:

Viljen til språk peikar både innetter mot språket og utover mot kulturen, minner oss om det djupt eksistensielle ved språk og det djupt språklege ved kulturen. 1Sitert etter Ottar Grepstad: Viljen til språk, årstale nr. 2 om tilstanden for nynorsk skriftkultur, Ivar Aasen-tunet 25.9.2002, publisert på www.aasentunet.no.

Utan ein slik vilje til språk er ikkje noko språk liv laga.

Språk er noko meir enn eit instrument for effektiv kommunikasjon. Språket er òg eit organisk uttrykk for ein kultur og ein identitet som folk og nasjonar over heile verda kjenner ein naturleg trong til å dyrka og forsvara. Dette kjem til uttrykk i Sem-erklæringa, det politiske grunnlaget for regjeringa Bondevik II:

Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre, og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt.

I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte delar i ein språkkløyvd nasjonal felleskultur, som eit uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap for Noreg som kulturnasjon å gi avkall på. Men skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Det gjeld også for nynorsk.

Med god grunn vegrar nynorskbrukarar seg mot å verta kalla ein minoritet. I internasjonalt perspektiv er ikkje nynorsk noko minoritetsspråk. Noreg har ratifisert Den europeiske konvensjonen for regions- og minoritetsspråk, men då berre for samisk, som er eit etnisk minoritetsspråk. Bokmål og nynorsk er formelt likestilte språk, og denne formelle likestillinga har også følgjer i praksis. Nynorsk er mindre brukt enn bokmål, men den omfattande dokumentasjonen som særleg Nynorsk kultursentrum har utarbeidd, syner ein gledeleg og påfallande stabilitet. Bruken varierer på dei ulike samfunnsområda, men held seg ganske stabilt mellom 10 og 25 % på dei ulike områda. Her må vi alle rydda i eigne hus, og det gjer Kultur- og kyrkjedepartementet når vi no ser at departementa og statsforvaltninga jamt over har mykje ugjort for å kunne nå kravet om minst 25 % nynorsk i sine offentlege dokument.

Nynorsk er ikkje heilt som andre språk. Nynorsk skil seg frå så godt som alle andre mindre brukte språk på eit svært vesentleg punkt: Det finst så mange institusjonar og organisasjonar som sikrar kontinuitet og systematisk vidareutvikling av den nynorske skriftkulturen. Eg trur dette er ei viktig årsak til at Nynorsk-Noreg no har vind i segla. Berre det siste tiåret har det kome ei rekkje nye tiltak: Dei Nynorske Festspela, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-instituttet, Internett-bladet Magasinett for barn og unge, nettstaden www.aasentunet.no, barnehagebladet Pirion, Blåmann Barnebokklubb, LNK-avisa – og no skal NRK oppretta eit eige kompetansesenter for nynorsk mediespråk. Ein kan kjenna medvind av mindre.

Institusjonane samarbeider betre enn før, prioriteringane er klarare og måla tydelegare. Det virkar i neste omgang inn på arbeidet i både forvaltninga og folkevalde organ. Fleire store saker skal avklarast. I den mållovsmeldinga regjeringa la fram i desember 2001, St. meld. nr. 9 (2001-2002), sa vi at spørsmålet om verkeområdet for mållova vil bli tatt opp i den varsla kulturmeldinga. Likeins sa vi at vi i kulturmeldinga også vil koma tilbake til arbeidet med ein politikk på ikt-området, eksemplifisert med dataprogram på begge målformer og utvikling av ein norsk språkbank. Det sa vi, og det gjer vi.

For nokre år sidan var det ein lokalpolitikar i Oslo som konstaterte: ”Det er ikke mye nynorsk på min PC.” For vedkomande var det best at det blei verande slik. I den tankegangen vert det nynorske språket plassert på museum som ein gjenstand frå fortida, eller til nød gjort til noko som er vakkert i dikt. Regjeringa legg eit heilt anna syn til grunn. Vi ynskjer det skal vera mykje nynorsk på pc-ane rundt om i landet.

Dei som faktisk bruker språket, har kome meir i fokus. Ein framtidig nasjonal fellesskap må byggja på mangfaldet og det at vi er ulike, og ikkje på førestillinga om ein felles identitet, historie eller kulturarv. Det vi skal ta vare på som fellesskap er verdiar knytte til den enkelte samfunnsborgaren sine rettar og plikter, menneskerettar, ytringsfridom, toleranse og respekt for kvarandre.

No er det stadig fleire som seier at Noreg alltid har vore eit fleirkulturelt samfunn. Det som gjerne vert omtalt som den norske felleskulturen, har faktisk vore eit fleirkulturelt fenomen. Då tenkjer eg ikkje berre på dei etniske minoritetane, som samar og kvenar. Eg tenkjer også på den historiske situasjonen som statsvitaren Stein Rokkan sette namnet motkultur på, som ein fellesnemnar for lekmannsrørsla, fråhaldsrørsla og målrørsla. Det vi gjerne kallar vår nasjonale felleskultur, er på mange måtar bygd opp kring sterke kulturelle og sosiale motsetningar som desse har vore ein svært viktig del av.

Dei tre motkulturane representerer ikkje eit avslutta kapittel. Dei er heller ikkje blitt så integrerte i den norske felleskulturen at dei er blitt borte eller har mista alle sine særtrekk. Dei representerer ein viktig del av det å vera norsk i dag fordi dei har vore med og forma kvardagen vår.

Utfordringa har vore å integrera både motkulturar og minoritetar i den norske felleskulturen. Det er mykje av det same som no er utfordringa i høve til våre nye landsmenn. Undersøkingar viser ein klar samanheng mellom språkleg toleranse overfor nynorsk og kulturell toleranse overfor innvandrarkulturane. 2Tal frå Norsk Monitor, presentert i Ottar Grepstad, same stad. Dessutan har nynorskbrukarar ei erfaring ikkje alle andre har i dette landet. Nynorskbrukarane veit kva det vil seia å vera i mindretal, å skilja seg ut, gjera krav på sine rettar, fremma sine interesser. Den erfaringa er verdifull i møtet mellom det norske og det framandkulturelle. Av desse erfaringane kan det formast mykje god kulturpolitikk.

I møtet med det framande ser vi klarare både verdien av andre kulturar og verdien i vårt eige. Klangane og instrumenta i verdsmusikken gjer at fleire får øyro opp for både flatfela og hardingfela. Nordmenn har fått smaken på innvandra mat. Det luktar meir og sterkare frå kjøkkena våre enn det kanskje har gjort nokon gong. Samstundes ser vi at forståinga av norsk tradisjonsmat står sterkt. Torsdag er framleis kumledag for svært mange i dette landet. Vi tar vårt eige med inn i det nye. Det skjer også innanfor det kulaste av ungdomsmusikken. Hiphop og rap tok til på engelsk, men no går det på fransk i Frankrike, tysk i Tyskland og på norsk dialekt i norske hiphopmiljø. Når vi er trygge på vårt eige, er vi også opnare for omverda. Dette veit nynorskbrukarane alt om.

Språkendringar bør forståast som kulturendringar. Ut frå dette kan framveksten av den nynorske skriftkulturen forståast som eit forsøk på å endra kulturen, faktisk eitt av dei mest djuptpløgjande forsøka av denne typen som er realiserte i Europa. Det finst få sidestykke til fenomenet nynorsk, eit alternativt skriftmål, normert ut frå vitskaplege prinsipp på grunnlag av talemålet i den største delen av landet, seinare kontinuerleg demokratisert, men som likevel aldri har etablert seg som det skriftlege bruksspråket til fleirtalet av folket i landet. Men i staden for å døy ut har nynorsken vore ein permanent utfordrar til og i lange periodar ein implisitt normgjevar for det dominerande skriftspråket i landet. Nynorsken har vist seg å vera liv laga fordi det ikkje berre dreier seg om eit skriftspråk, men ein sterk skriftkultur som er djupt forankra i den fellesnorske identiteten.

Språket er knytt til den enkelte av oss, men er samstundes eit felleseige. Språket er både ditt og mitt og vårt. Denne forståinga er grunnfesta i nynorskmiljøa og var ein viktig premiss då Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) blei stifta for ti år sidan. Den nye organisasjonen sende ei klar melding til omverda: Språkpolitikk skal førast på mange nivå, og norske kommunar har sjølve ei rolle å spela i den språkpolitiske kvardagen. Dette gjeld både i høve til innbyggjarane i kommunane, dei kommunalt tilsette og i høve til andre delar av offentleg forvaltning. At LNK blei skipa, fekk difor følgjer også for mange andre. Med små ressursar har organisasjonen klart å verta ei røyst som det er blitt politisk viktig og interessant å lytta til.

Den nye kulturmeldinga tar form under inntrykk av den globaliseringa som pregar verda rundt oss. Den kulturpolitikken vi no formar, vert samstundes prega av det som gjerne vert framstilt som ei parallell rørsle mot det lokale. I ei slik forståing utgjer globalisering og lokalisering to parallelle og samanvevde prosessar som føreset kvarandre, der det globale og det lokale smeltar saman. Samfunnsforskaren Georg Arnestad har peikt på argument som talar for at vi ikkje bør vera for sikre på at det er slik. Han meiner tvert om at framleis er dimensjonen sentrum-periferi svært verksam i norsk kulturliv. 3Georg Arnestad: Regionalisering av kulturpolitikken og målsaka, foredrag på seminar i Noregs Mållag i Bergen 15.2.2003, manuskript. Eit nynorsk blikk kan stadfesta den oppfatninga i den forstand at det å hevda nynorsken sine interesser har vore å utfordra etablerte normer og prioriteringar.

Samstundes må vi ta inn over oss at det blæs ein kommunal vind over landet. Kommunane tar over oppgåver som stat eller fylke har hatt før, og må løysa nye typar oppgåver som innbyggjarane ventar dei tar seg av. Det offentlege Noreg er altså i sterk endring. Det kjem til å vera store skilnader mellom det offentlege Noreg vi hadde for berre ti år sidan og det offentlege Noreg vi har om ti år. Emnet for denne konferansen syner at kommunane ganske sikkert står overfor store strukturendringar. Desse endringane fører med seg kulturelle utfordringar.

Ei av dei gjeld det faktum at kommunane er viktige språkbrukarar og at dei faktisk er ein del av samla norsk språkpolitikk. Så vidt eg kan sjå er LNK og dette landstinget det einaste forum i dette landet som heile tida har det spørsmålet på sakskartet. Kommunane treng altså ikkje vera redde for å overdriva rolla si på dette området. Faren for det motsette er truleg større.

Rundt om i kommunane er det vanskeleg å finna ei klar plassering av ansvaret for språk. Eg er redd for at det er få kommunar i dette landet som kan seia at den etaten eller det kontoret har ansvaret for språket i eiga forvaltning. Den som spør, vert sett vidare frå kulturkontor til skulekontor eller bibliotek. Eit trettitals nynorskkommunar har gjort noko med dette ved at dei faktisk har vedtatt målbruksplanar. Det gjer godt å sjå at den kommunen eg er oppvaksen i – Kvam herad – er mellom desse. Dette er eit tiltak som eg håpar fleire kommunar vil ta del i.

Rammevilkåra for kommunane skal vera forutseielege, og den økonomiske situasjonen må gi handlingsrom. Når budsjetta ikkje går i hop, står dei ikkje-lovpålagde oppgåvene lagleg til for hogg. Dette kan ramma kultursektoren med stor kraft dersom ikkje noko vert gjort. Men noko vert gjort.

Arkiv, bibliotek og museum er sentrale delar av vårt kulturelle fellesminne. I Stortinget er det brei politisk semje om at desse institusjonane må samarbeida meir, både innanfor og på tvers av kommunegrensene, gjennom nettverk og konsolidere einingar. På den måten får brukarane ei betre tilbod, dei tilsette eit større arbeidsmiljø og kunnskapen om fortida aukar. Det finst mellom 700 og 800 museum, og mange av desse samarbeider meir enn dei nokon gong har gjort. Bibliotek og bibliotekfilialar finst det endå fleire av. Eg ser ingen grunn til at dei skulle samarbeida mindre og dårlegare enn musea.

Det lokale bibliotektilbodet har mykje å seia for nynorsk skriftkultur. Desse offentlege samlingane av bøker, skrifter og andre media representerer ein viktig møteplass med det nynorske, uavhengig av kommersielle marknadsinteresser. For regjeringa er dette endå ein grunn til å styrkje det lokale bibliotektilbodet slik at det dekkjer dei faktiske behova både i dag og i framtida.

Eg er glad for at det handlingsprogrammet LNK legg fram i dag, syner at organisasjonen framleis vil leggja vekt på det som vert kalla nynorsk barndom. Kulturtilbod med kvalitet både i barnehagar, grunnskule og vidaregåande skule, og i skulefritidsordningane, er ein av fleire føresetnader for at vi skal kunne halde oppe trivselen i dei mange lokalsamfunna rundt om i Nynorsk-Noreg. Her står Den kulturelle skulesekken klar for dei som vil kombinera aktivitet med kvalitet. Aktive barn og unge er eit gode i seg sjølv, men det er også viktig at innhaldet held mål. Eg trur nynorskkommunane har ei viktig oppgåve i å stimulera sine unge innbyggjarar til ikkje berre å ta vare på sitt eige språk, men også at dei gjennom Den kulturelle skulesekken brukar det og får møta det i så vel kunstnarleg som andre samanhengar.

Den siste tida har det kome fram leseundersøkingar som syner at tiåringar med nynorsk som hovudmål, ikkje les så godt som jamaldrande med bokmålsbakgrunn. Dette kan ha fleire årsaker, men eg trur undersøkinga bør vera ei påminning om kor mykje det har å seia at det finst rikeleg med lesestoff på nynorsk for barn. For å verta trygg på sitt eige må ein ha tilgang til sitt eige. Det gjeld for lesing så vel som for skriving. Difor forstår eg argumentasjonen bak det som frå nynorskmiljøa er definert som det nye viktige tiltaket: eit allment nynorsk leksikon på Internett.

Eg merkar meg at LNK i handlingsprogrammet pønskar på ei lita kursendring. Styret signaliserer at dei gjerne vil utvida perspektivet for organisasjonen og nå måla sine mellom anna ved å skapa nye, gjerne utradisjonelle alliansar. Dette er spennande tankar som eg håpar nokon kvar av oss får gleda av å ta del i i lang tid framover.

Kommunane vert altså stadig viktigare kulturpolitiske aktørar i åra som kjem. Det hindrar likevel ikkje at staten framleis har eit overordna ansvar for den samla språk- og kulturpolitikken. Både den språklege utviklinga her i landet og globaliseringa vi er ein del av, tilseier at vi må tilpassa verkemidla til ein ny situasjon. Norsk språkråd har vore ein viktig reiskap i den praktiske gjennomføringa av gjeldande språkpolitikk. Vi treng ein slik institusjon framleis, men vi treng ein institusjon som kan arbeida meir utoverretta med tiltak som vernar og styrkjer norsk språk. Kultur- og kyrkjedepartementet ventar seg mykje av det nye kompetansesenteret for norsk språk som no vert oppretta.

Storting og styringsverk har eit språkpolitisk og kulturpolitisk ansvar. Det er politisk vilje til og fleirtal for at den nynorske skriftkulturen skal haldast oppe og styrkjast. Eg er fullt på det reine med at dei uløyste oppgåvene er fleire enn dei vi maktar å vera med og realisera, men ingen må gi opp for det! Berre gjennom ein dialog med dei som brukar nynorsk og som representerer nynorskbrukarane kan vi sikra at dei midlane som står til rådvelde, vert brukt slik at resultat blir nådd og måla kjem nærmare.

Lukke til med resten av landstinget.