Historisk arkiv

Opning av Hjelpelinjen for spilleavhengige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av Hjelpelinjen for spilleavhengige

Sykehuset Innlandet HF Sanderud, 28. april 2003

Kjære vertskap, alle gjester og frammøtte.

Eg vil fyrst få takke sykehuset Innlandet Sanderud og Lotteritilsynet for invitasjonen og oppdraget til å stå for opninga av dette nye hjelpetiltaket for speleavhengige.

Speleavhengighet som problem har fått auka merksemd dei siste åra og signala er at problemet også aukar i folket. Den offentlege debatt har den siste tida hatt mykje fokus på konsekvensar ved overdrevet pengespel.

Å bli speleavhengig er dramatisk for dei som blir ramma. Mange spelar seg bokstavleg talt frå jobb, og frå gard og grunn. Heile familiar blir skadelidande. Stadig fleire innspel til styresmaktene viser at det er eit stort behov for informasjon ut til både speleavhengige og pårørande.

I Regjeringa sitt arbeid med spele- og lotteripolitikken har merksemda særskild vore retta mot desse uheldige sidene ved pengespel, og korleis ein skal førebygge og redusera omfanget av speleavhengighet. Som ledd i dette arbeidet har eg nyleg sendt eit lovframlegg til Stortinget som mellom anna inneheld fleire tiltak rette mot problema med avhengighet, til dømes at

  • inntil 0,5 % av speleoverskotet frå Norsk Tipping skal gå til informasjon, førebygging, forsking og behandling.
  • regjeringa vil lage ein handlingsplan for arbeidet med tiltak mot speleavhengighet.
  • Norsk Tipping skal ha hand om drifta av gevinstautomatar
  • Det skal ikkje opnast for faste norske spel på Internett før dei prøveprosjekt som pågår er grundig evaluert.
  • Det skal ikkje opnast for kasinoverksemd i Noreg.

Opninga av hjelpelinja er difor ein viktig del av regjeringa sitt samla fokus på problema ved pengespel. Eg meiner at informasjon og kunnskap om speleavhengighet er grunnleggjande viktig i det vidare arbeidet for å forebygga speleavhengighet.

Hjelpelinja skal ikkje vera eit behandlingstilbod. Hjelpelinja skal mellom anna vera eit tilbod til folk som er i ein krisesituasjon. Vi veit frå behandlingsapparatet at mange speleavhengige har tankar om å ende sitt liv.

Hjelpelinja skal tilby informasjon som kan vere det første steget ut av eit tilvære som ofte er dramatisk for fleire enn spelaren. Men vi håpar også å nå mange pårørande som ofte er dei som først tek initiativet.

Litt av drivkrafta er at vi veit det er mogleg å komme ut av uføret. Nokre hundre speleavhengige nordmenn har dei siste åra vore til behandling, og ca 70 prosent av dei som får behandling kan visa til positive resultat.

Etablering av hjelpelinja er eit av tiltaka i samband med å samla meir kunnskap om speleavhengighet. Tenesta er eit samarbeidsprosjekt mellom sykehuset Innlandet Sanderud og Lotteritilsynet. Dette fellesprosjektet kombinerer Lotteritilsynet sin kunnskap om pengespelmarknaden med sykehuset Innlandet Sanderuds (SISs) fagkunnskap om menneske i nød.

Vi har starta eit samarbeid mellom behandlande institusjonar og regulatorisk styresmakt. Eg har stor tru på at eit vellukka samarbeid om denne tenesta, vil styrkja arbeidet med førebygging av speleavhengighet. Samarbeidet vil gi auka kompetanse om speleavhengighet noko som er viktig for å spisse tiltaka mot speleavhengighet og redusere omfanget av dette.

Eg vonar at opninga av hjelpelina kan vera starten på ei utvikling der heile samfunnet tar speleavhengighet meir på alvor. Og med dette erklærer eg Hjelpelinjen for spilleavhengige for opna.

Takk for merksemda.