Historisk arkiv

Opning av "Nordens stemme på Akershus"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opning av "Nordens stemme på Akershus"

Olav V's hall, Akershus slott, torsdag 12. juni 2003

Kjære venner av det nordiske kulturfellesskapet

I ei verd som kvar dag vert meir og meir internasjonal, er det viktig at vi her i nord held fast på samarbeidet mellom dei nordiske landa og det sterke historiske fellesskapet. Dette samarbeidet er viktig på alle felt, og ikkje minst når det gjeld kultur, der vi har så mange felles røter. "Nordens Stemme" her på Akershus er eit viktig tiltak for å styrkja kontakten mellom dei nordiske landa.

Det offisielle statlege samarbeidet i Norden skjer innanfor ramma av Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd. Kultursamarbeidet omfattar allmennkulturell verksemd i vid forstand. Det er lagt vekt på kunstnarisk verksemd, barne- og ungdomskultur, mediespørsmål, opphavsrett, samarbeid i forhold til Nordens nærområde, fellesnordiske kulturprosjekt i utlandet med vidare. Noreg har i år formannskapet i Nordisk Ministerråd, og det er ei stor glede for meg å leia det nordiske kultursamarbeidet dette året.

Også på det regionale og lokale planet skjer det eit omfattande nordisk samarbeid. Mellom organisasjonar av ulike slag er det eit fast samarbeid over landegrensene. Spesielt viktig for nordisk kontakt på lokalplanet er nettverket av vennskapskommunar som finst over heile Norden.

I år er det fellesskapet med grannelandet Danmark som er i fokus. Kulturelt fellesskap mellom Danmark og Noreg skal ein ikkje leita lenge etter, korkje i dobbeltmonarkiets tid eller seinare. I dag er det ei rik utveksling på det kulturelle området mellom Danmark og Noreg. Eg vil avstå frå å lyfta fram enkeltpersonar, og konkrete eksempel frå dagens mangfaldige samhandling og fellesskap, men i staden minna om dei mange, lange og tette kulturelle banda mellom oss.

Mange unge norske kunstnarar, og andre, har gjennom åra søkt til Danmark for utdanning i ei tid då vi ikkje hadde tilsvarande institusjonar her i landet. Mange kom tilbake til dømes som prestar og sorenskrivarar, og sette spor etter seg landet rundt.
Fleire norske kulturpersonlegdommar drog elles til Danmark, og vart verande der for godt. Ludvig Holberg var ein av dei. Holbergs skodespel har i fleire hundre år vore ei viktig kjelde til dansk-norsk identitet, og Holberg-komediane er framleis eit viktig fellesgods innanfor norsk og dansk teater.

Slutten av 1800-talet var ein kulturell gullalder i Norden. Ein norsk biletkunstnar drog til Danmark, vart verande der, og vart kjend der: P. S. Krøyer. Han vart ein sentral person under Skagen-tida i nordisk kunsthistorie. Arne Kavli og Ludvig Karsten hadde viktige mogningsår på Skagen. Innanfor nordisk litteratur sto Georg Brandes helt sentralt. Han trekte opp dei overordna linjene: her skulle problem setjast under debatt, og dei fleste forfattarane følgde med entusiasme hans direktiv. Brandes var også den store formidlaren, ved for eksempel å gjera den framståande nordiske filosofen, Søren Kierkegaard, kjent. Ein helt annen personlegdom i dansk litteratur vil eg også nemna: H. C. Andersen. Han er sjølvsagt internasjonal, men i Noreg har han vore spesiell, ikkje minst gjennom Per Aabels tolkingar.

Eg vil også nemna Grundtvig. Hans tolking og formidling av kristendommen fekk stor innverknad både i Danmark og Noreg. Grundtvig sto elles fadder for Folkehøgskolen, ein skoletype som er eit typisk nordisk fenomen. Eg har sjølv vakse opp på ein folkehøgskole i Hardanger, og har mange gode røynsler frå eit skuleslag som framleis tilbyr viktige mogningsår for mange unge menneske i heile Skandinavia.

Eg meiner det er rett å hevda at vi danskar og nordmenn kjenner oss som sysken. Det er ikkje tome ord som berre vert nytta i festleg samvær, og nærleiken vi kjenner til Danmark og det danske folket skal vi ta godt vare på. Eg trur ikkje det er mange land i verda som kan visa til same store fellesskapet i fortid og nåtid, på så mange område som Danmark og Noreg.

Eg nyttar dette høvet til å takka for det gode fellesskapet mellom våre to land, og til å gje uttrykk for eit ønskje om at den gode kontakten mellom Danmark og Noreg skal vara ved og styrkjast i åra som kjem.