Historisk arkiv

Opninga av nasjonal prostekonferanse i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av nasjonal prostekonferanse i Bergen

Radisson Royal Hotell, Bryggen i Bergen, 21. oktober 2003

Kjære alle saman,

Det er ei glede å helsa dykk ved opninga av denne andre nasjonale prostekonferansen!

Den første gjekk føre seg i 1998 og kan vel seiast å ha vore ei manifesteringskonferanse, der ein markerte prostane si stilling som leiarar i kyrkja og identifiserte den nye prosten.

I dei fem åra som er gått sidan den gongen, har prosten vore viktig gjennom forsøka med ny organisering av prestetenesta. De har fått mykje merksemd gjennom den utviklinga som prosterolla er inne i, ikkje minst ved at biskopane nyttar dykk som leiarteam på ein måte som ikkje var vanleg tidlegare.

Når eg ser programmet for denne konferansen, ser eg at de denne gongen har ein arbeidskonferanse, ein møteplass der de går inn i grundig drøfting av dei oppgåvene som sist konferanse identifiserte. "Den nye prosten" er i arbeid!

Vi har vore opptatt av det kyrkjelege leiarskapet i lang tid. Biskopane møter eg som kyrkjeminister jevnleg – noko eg har stor glede av.

Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw har vitja prostemøtet i dei fleste bispedøma dette året – berre Sør-Hålogaland, Borg og Stavanger står att. Eg er glad for den innsikta dette gir meg og departementet. Ho har informert dykk om viktige saker frå oss, og vi har fått tilbake meldingar om korleis de ser på arbeidsforholda og tilhøva i kyrkjelydane nett no.

Ho har meld tilbake om biskopar som er stolte av prostane sine!

Ho fortel at de ligg i startgropa for reformen av dåpsopplæringa.
Den motivasjonen som kyrkja møter reformen med, er ein veldig ressurs, og eg er svært glad for at vi no kjem i gang med reformen.
Ho er viktig, og ho er ei stor og inspirerande oppgåve, både ut ifrå det kyrkja skuldar alle døypte og heimane deira, men òg ut ifrå dei behova kyrkja har som folkekyrkje i Noreg.

Samtalene med prostane har mint meg om kor forskjellige tenesten dykkar er i dette langstrakte landet.

Mange av dykk har tunge krav på mange nivå:

Forholdet til kommunane varierer.

Det er ikkje like godt lagspel i alle stabar alle plassar.

Arbeidstida for mange av prostane er den som minst lar seg regulera.

Det har vore eit uttalt ynskje med tilskot til administrativ hjelp for prostane. Som de er kjend med, er det satt av 3 mill. kroner til tiltak retta mot prostetenesta og innarbeiding av dei nye tenesteordningane. Dette må for det meste gå til tilskott til administrativ hjelp til prostane.

Departementet vil samarbeida med bispedøma og leggja grunn for ein mogleg opptrapping. Elles må vi satsa på innføringa av dei nye tenesteordningane.

De er motiverte. De har arbeidd mykje med utviklinga av rolla dykkar. De veit mykje om kva for samordningsbehov det er i høve til sokna si verksemd. De vil vera i stand til å vera gode arbeidsleiarar og utvikla prostetenesten på det grunnlaget som tenesteordningane er. Det vil eg gjerna støtta dykk i.

Eg er svært glad for den eintydige tilbakemeldinga som statssekretæren gir, om at de er innstilte på endringar i den retninga som den nye tenesteordninga for prostar legg grunn for.

Eg har merka meg at de er inspirerte av forsøka med ny organisering, at de er glade for fritidsreglementet, at prestane ikkje vil tilbake til den einsemda som prega prestetenesta.

De vil vera leiarar når det gjeld det prestetenesta er til for: å forvalta tenesta med ord og sakrament i kyrkjelyden.

Vi er i ei regjering med eit parti som har slagordet: Mer igjen for pengene.

Eg hugsar ei regjering som brukte slagordet ”meir kyrkje for pengane”. Det falt ikkje i særleg god jord. Rask i replikken som mange av de prestar er, var svaret; ”De får jo alt for to kroner når de betalar berre ei!!”?

Eg meiner at vi har gjort mykje for å leggja til rette for prestetenesta;

  • Det er langt fleire prestetillingar i dag. 70 berre dei siste tre åra. I tillegg kjem 10 diakonstillingar, fire kateketar og to integrasjonskonsulentar.
  • Det er lettare å organisera tenesta så både fritid og arbeidstid er planlagt.
  • Etter ny kyrkjelov i 1996 er det svært mange av dykk som seier seg glade for den betringa som er kome med kyrkjelova: Ho har gitt prestane meir tid til tenesta som prest. Dette er bra og eg gler meg over den tilbakemeldinga. De har fått mange utfordringar som leiarar. Det er de som i stor grad skaper den arenaen prestane har for å bli sett og utfordra og eg tar dette som nok eit teikn på at de gjer ein god jobb.

No må vi halda fram arbeidet med eit klarare kart for prestetenesta. Ikkje berre når det gjeld leiarstruktur og arbeidstid, men òg når det gjeld samordning med kyrkjelyden si verksemd.

Eg ynskjer at prestetenesta skal vera ei teneste som er god for kyrkjelyden – men ikkje minst skal det vera ei teneste det er godt å leva i.

Når eg ser utover forsamlinga, ser eg mange kvinner. Det er 11 kvinner mellom prostane, 2 mellom biskopane. Presteforeninga er no leia av ei kvinne. Det er eg glad for. Eg trur at den likestillinga som kvinnene i forsamlinga gjer synleg, men som alle i fellesskap arbeider fram, er til beste for land, folk og kyrkje.

Eg ynskjer meg ei kyrkje med prostar som på ein tydeleg måte leiar tenesta med ord og sakrament. Eg ynskjer at prosten legg til rette for at den enkelte prest få utvikla seg til beste for seg sjølv og tenesta.

Kyrkjelydane treng trygge prestar som er tydelege. Dette handlar mykje om personlegdom. Men det handlar òg om kompetanse og å få rom til eigen utvikling.

Livet består av ulike rom – og ein må ha plass til å vera i dei ulike romma for å leva heilt og å kunne gjera ei god teneste som prest.

Prestetenesta er krevjande. Ikkje minst derfor er det viktig at ein skaper rom til å vera – og til å utvikla seg medan ein står i tenesta. Til dette trur eg prestane treng hjelp. Dei treng prostar som vågar å ta frå dei sitt dårlege samvet når arbeidsdagen er slutt, men nokon treng òg ein prost som krev.

Sjølvsagt ynskjer eg det same for dykk.

Eg ser gjerne prostar som er førebilde for prestane i å ta fridagar og i å ta studiefri. De står i ein viktig situasjon. Folkekyrkja er viktig for oss som på mange ulike måter får vår næring gjennom gudstenester og andre arrangement.

Men den er sannelig også viktig for dei som treng ho i forbindelse med dei store hendingane i livet. For nokre dagar sida kom det ein kunstnar bort til meg og fortalde om presten som hadde ”redda heile familien” då bror hennar døydde brått i ei ulukke. Ja, ho brukte ordet redda heile familien hennar.

Eg blir røyrt og stolt av å høyra slikt og eg vil vera med å utvikla kyrkja vår til framleis å vera ei folkekyrkje som når til dei mange. Samstundes ynskjer eg òg at de skal ha ei teneste som er meiningsfull.

Å vera ein tydeleg leiar av prestetenesta er òg å arbeida med det evangeliet seier til oss, å forkynna evangeliet slik at det gir meining å gå til messe på søndagane og kjenna at dei høyrer til i kyrkjelyden.

Kompetansebygging er viktig, har vore prioritert og er det framleis.
Og det er godt å sjå at kyrka fungerar ved store høgtider eller når det er krise.

Eg veit ein god del om det trufast arbeidet prestane gjer i gravferd, dåpssamtale, vigsel, med konfirmantane og i preikene. Men vi har og eit ynske om at fleire og fleire kan få erfara kva for ein rikdom det er å tru ikkje berre i krise og ved høgtid, men i kvardagen. Det står vi saman om!

Lukke til med konferansen!