Historisk arkiv

Statsråden sin tale til Kyrkjemøtet 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Statsråden sin tale til Kyrkjemøtet 2003

17. november, Radisson SAS Lillehammer Hotell

Gode Kyrkjemøte!

Då de gjekk frå kvarandre for eit år sidan, hadde de lagt eit godt grunnlag for konstruktivt arbeid i den valperioden de er valde til. Det inntrykket hadde i alle fall eg, og eg må seia at de ikkje er skuggeredde når det gjeld å gå laus på utfordringar. Året som er gått, syner at korkje det valde rådet eller administrasjonen ligg på latsida. Det er tydeleg at de har gått inn i og vil gjera eit stykke arbeid som tenarar for kyrkja og kyrkjelydane. Ei tenande kyrkje – eit tenande kyrkjeråd.

Som de veit, har også eg ein god del erfaring med korleis det er å verta vald og skulle skapa eit samarbeid og arenaer der ein får gjort noko det er verdi og livskraft i. Men det er nok ein skilnad på å vera vald som partipolitikar i samfunnslivet og som representant for ein kyrkjelyd eller organisasjon i kyrkjelege organ. Nokre av dykk har også opplevd denne skilnaden på kroppen, veit eg.

I kyrkja ser ein på ansvar for det ein gjer, ikkje berre for organisasjonen og menneska i kyrkja, men òg for Gud. Men gjer ein då ikkje det i alle andre samanhenger òg? Sant og seia trur eg at alle truande ser det slik for mange samanhenger i livet, ikkje berre når det gjeld kyrkjelege verv.

Kva er då skilnaden?

To ting: for det fyrste: i kyrkjelege organ vert ein vald personleg, mens ein er vald på vegne av eit parti, i verdslege organ. For det andre: det ein set i verk i kyrkjelege organ, har med seg ein dimensjon som skal bera - om ikkje inn i æva, så i alle fall mykje, mykje lengre enn ein valperiode eller helst to. Kombinasjonen av desse to forholda forsterkar det siste poenget. Den førre kyrkjelova vart 100 år gamal, sjølv om ho vart justert i 1953. Katekismen er over 450 år gamal og utgjer framleis grunnstamma i den dåpsopplæringa vi no reformerar.

Ordet frå Gud, dåpen og nattverden, kallet til å leva livet i forsoninga sitt lys, vert ikkje endra over ein valperiode. Det er den same bodskapen som skal berast fram. Det er tidene som endrar seg. Difor må det ein set i verk i kyrkja, ha tyngre dimensjonar, seigare tempo og tydelege og enkle strukturar. Bodskapen og tida må brytast mot kvarandre på ein måte som tar meir enn ein valperiode.

Som politikar er eg vald politisk, i og for denne verda, etter det demokratiske systemet vi har for styringa av landet vårt, med heile det spekter av utfordringar som de kjenner gjennom media. Når eg òg er statsråd for kyrkja og leiar kyrkja sine statlege organ, så leiar eg organ som har eksistensgrunnlaget sitt i trua på ei anna verd enn vår, trua på Gud.

De og eg er valde, til respektive politisk og kyrkjeleg organ, for å tena kyrkja ei kort periode av hennar snart to tusenårige liv. Vi freistar å gjera det som truande i vår eiga tid og på samtida sine premissar. Vi vil leggja til rette for at bodskapen om forsoninga blir bore inn i dei behova som samtida har. Denne bodskapen som kyrkja er til for å bera fram, er ikkje frå samtida, men frå Gud. Dette er eit viktig perspektiv –- for dei som er valde for ein kort periode for å tena evangeliet i kyrkja sine styrande organ.

Vi lever i ei tid der kommunikasjonen er øyredøvande og tempoet kan ta pusten sjølv frå folk med god kondisjon. I denne tida arbeider vi med mange og veldig viktige saker, viktige for kyrkja og viktige for folket.

Eg har ei god kjensle av at vi står saman i dette arbeidet.

 Eg er glad for at det offentlege utvalet som skal utreda forholdet mellom stat og kyrkje, er i arbeid. Det er bredt samansett og har ei leiing med lang og tung erfaring både politisk og administrativt. Den store utfordringa blir å få fram både tankane og løysingane til alle medlemmene og samstundes få til ein samlande gjennomgang av dei omfattande problemstillingane som skal leggjast til grunn for arbeidet vidare.

 Stortinget har slutta seg til meldinga om trusopplæring og no har Regjeringa foreslått eit budsjett som gir god start til reforma og som også overlevde budsjettforliket. No vonar eg og det overlever komitèbehandlinga.

Eg har merka meg at prosjektsekretariatet er i arbeid og eg vil ynskja Paul Erik Wirgenes lukke til i det viktige arbeidet du har tatt på deg. Du veit at det er ei utolmodig grasrot i kyrkja som gjerne vil i gang. Kyrkjerådet arbeidar med rekruttering på lang og kort sikt. De er lyttande til Stortinget sine merknader. De er positive og konstruktive – også på dei punkta som ikkje gjekk slik de hadde håpt. De vil arbeida for å nå målet - å arbeida fram ei reform som "alle døypte" vil ha lyst til å delta i. Dei neste 5 - 10 åra vil dette vera det viktigaste prosjektet i kyrkja. Men her må ein også tenkje langsiktig for at reformen skal ha betydning også for komande generasjonar.

 Sommaren var prega av fleire ting for meg. Mellom anna hadde eg nesten ei kyrkjeleg festreise: 850årsjubileet for opprettinga av erkebispesetet i Nidaros og opprettinga av Hamar bispedøme, Olavsfestadagane, Spelet om Heilag Olav og Peter Dass-dagane, tilbakeføring av altertavla i Kvitsøy kyrkje frå Norsk folkemuseum, for å nemne noko. Mange flotte opplevingar i skjæringspunktet mellom Kyrkje og kultur. Kyrkja er berar av ei kultur som høyrer heime i samtida og vi må saman skapa møteplassar.

 Difor har eg og løfta kyrkja inn på ein plass ho høyrer heime i mitt departement. Det er i tenkinga rundt kulturpolitikk som ligg i kulturmeldinga og meldinga om den kulturelle skulesekken. Den kulturelle skulesekken er ei kulturell satsing der også kyrkja er på banen, fyrst og fremst gjennom kyrkjeakademia sitt initiativ, som eg håpar vil virka stimulerande utover i landet. Når det gjeld kyrkjemusikalsk satsing, forslår meldinga at det skal opprettast ein særskild støtteordning for kyrkjemusikk gjennom Norsk kulturråd for prosjekt over til dømes tre til fem år. Kyrkjelydar som vil prioritera kyrkjemusikk innafor eit heilskapeleg perspektiv vert oppfordra til å utforma ein samla plan som omfattar eit knippe av komponentar, deriblant rekruttering. Det skal verta spanande å sjå kva som kjem ut av forslaget. Mitt ynskje er å stimulera kyrkja si verksemd som kulturberar og arena for kultur – også utover dei 10 åra meldinga gjeld.

 Vårt svar på dei mange ropa om meir penger til kyrkja lokalt, er å auke rammebevilgninga til kommunane og 2,2 mrd. meir fekk dei i forliket. Eg er svært spent på om kommunane vil nytta den betra økonomien sin til alle dei viktige oppgåvene som dei siste åra har vore utsett og utsett, der i blant å sørga for betre økonomi til den lokale kyrkja. Vi har ein kulturskatt i dei mange og vakre kyrkjene som kommunane har ansvaret for drift og vedlikehald av. Sem-erkæringa syner at regjeringa ikkje gløymer dei. Sjølv om vi berre hadde ei ad-hoc løysing å koma med i vinter, så er eg glad for at vi kunne hjelpa til med 25 millionar. Vi veit at kyrkja er eit gamalt hus, der dei fysiske tårna heller ikkje må falla. 5 millionar i auka kutt til fellesrådene ligg i budsjettforliket, men med auke i overføring til kommunane og at Den Norske Kyrkja blir innlemma i ordninga med skattefrie gåver, bør dette likevel bli bra. No utfordrar eg dykk til å nytta den nye "skatteletten" på ein offensiv måte. Pengane kjem ikkje av seg sjølv. De må reklamere for dette og få fleire med i fast giverteneste.

Eg er imponert over viljen og evnen til Kyrkjerådet til å ta ansvar. Det er ikkje lite de har opna for av både notidig og framtidsretta initiativ det året de har arbeidd i lag. Reformprosjekt innanfor rammene til kyrkjelova med eiga leiing, ny vigselsliturgi, fornying av høgmessa, ungdomens kyrkjemøte kvart år, forsterka satsing på rekruttering og grøn kyrkje. Alt dette er det grunn til å skryta over. Sjølv hadde eg gleda av å møta dei flotte ungdomane på Melhus i sommar. Stell godt med dei og slepp dei til – ikkje ver redde for å la dei prege fellesskapa på dei ulike arenaene i kyrkja. Vi må aldri gløyma at dei har samtida sin puls i seg – enda sterkare enn oss tilårskomne. Og samtidas utfordringar vil vera tydelige gjennom dei ulike generasjonar sitt liv i kyrkja.

Dei siste åra har kyrkjemøta med sterk og god røyst prioritert trusopplæringa. Det fyrste kyrkjemøtet eg var på, i 2001, slo fast at trusopplæringsreforma vil endra kyrkja og kyrkjelydane meir omfattande enn vi kan sjå for oss. Det trur eg er sant. Og eg kan lova dykk at så lenge vår regjering sit med makta, vil vi halda fram med å priortera henne. Dette seier eg ikkje minst fordi dei kyrkjelege organa så tydelig har synt oss det langsiktige perspektivet denne reforma har, både bakover og framover, gjennom dåpen. Denne programerklæringa er de vel vitande om og er ei prioritering.

Eg vil avslutta med å ynskja dykk lukke til med arbeidet og fellesskapet og be at Gud må

Signe kyrkjemøte!