Historisk arkiv

Utdeling av diplom frå A. C. Houens fond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Utdeling av diplom frå A. C. Houens fond

Arkitekturmuseet, 10. oktober 2003

Kjære prisvinnarar, jury og venner av god arkitektur

”Å fremme en bedre og renere arkitektur i Norge!” Dette er eit av måla for midlane i fondet som blei testamentert i 1893 av Anton Christian Houen.

Som tiltak for å realisera formålet har det no i snart 100 år blitt gitt diplom til ”arkitekter for byggverk, eller bygningsgrupper, som er fremragende, selvstendige og arkitektonisk gjennomførte arbeider”. Slik heiter det i reglementet som Kultur- og kyrkjedepartementet har fastlagt for diplomutdelingane.

Styret i Norske Arkitekters Landsforbund har hatt hjelp frå eit særskilt utval, som har stått for vurdering av dei aktuelle kandidatane før dei instillar på vinnarene. Når diplomutdelinga blir behandla av Kultur- og kyrkjedepartementet, syner det at det offentlege Noreg står for påskjøninga, og diplom frå Houens fond er kjend som den høgaste utmerkinga ein kan få for arkitektur her i landet.

Etter den fyrste utdelinga i 1904 har det i alt blitt delt ut 87 diplom. Lista over dei utvalde byggverka viser ei interessant utvikling av norsk arkitektur gjennom dei siste 100 åra. Det høyrer med å nemna at diplomet berre kan tildelast byggverk reist i Noreg, og at ikkje noko bygg er aktuelt før etter to år.

Norsk arkitektur har utvikla seg i periferien av det europeiske kulturlivet. Etter at norsk arkitektur i relativt lang tid levde eit noko isolert tilvære, har vi i dei siste tiåra opplevd ei aukande internasjonal merksemd.

Norske arkitektar har markert seg positivt ved å vinna internasjonale arkitektkonkurransar, og viktige bygg i utlandet er med stort hell formgitt av norska arkitektar. Noreg har i dag eit renommé på høgde med dei andre nordiske landa. Det har med andre ord funne stad ein svært positiv og kvalitativ vekst i den norske samtidsarkitekturen.

Norske styresmakter har medverka til å gjera arkitekturen vår kjend i andre land ved å støtta arbeidet med vandreutstillingar som har vore produserte av arkitekturmuseet.

Kultur- og kyrkjedepartementet har nyleg lagt fram kulturmeldinga ”Kulturpolitikk fram mot 2014”. I meldinga blir det gitt uttrykk for at kvaliteten på våre fysiske omgivnader framleis skal vera eit prioritert område av kulturpolitikken i det komande tiåret:

I meldinga seier vi: ”Gode stader og møteplassar i by og bygd verkar positivt inn på folks levekår. Estetisk kvalitet i buområde skaper identitet og rammer for eit godt miljø. God arkitektur og design og kunstnarleg utsmykking av offentlege bygg og rom er i denne samanhengen viktig.”

Det er ytra ønske om at Kulturdepartementet si rettleiing frå 1996 om estetikk i statlege bygg og anlegg skal utviklast vidare. Det blir vist til at rettleiinga kan bli eit referansedokument som kan brukast på ulike forvaltningsnivå for å ivareta kvalitativt gode prosessar. Dette er noko vi må sjå nærmare på.

Vi vil også arbeida for at arkitektur i større grad kan inngå i den utanrikskulturelle satsinga. Norsk arkitektur kan medverka til å profilera Noreg som eit land med god kompetanse på dette viktige samfunnsformande feltet.

Diplomutdelinga er i år eit innslag under arkitekturtriennalen, ein triennale som i år blir arrangert for andre gongen. Eg synes det er viktig at slike arrangement finn stad. Vi treng ein uavhengig arena der vi kan føra den offentlege debatten om arkitektur og planlegging. Eg er glad og stolt over at vi støttar triennalen med 75.000 kroner.

Eg vil no gi ordet til leiar av vurderingsutvalet i Norske Arkitekters Landsforbund, sivilarkitekt Trine Sylten, som vil orientera nærmare om arbeidet i utvalet og grunngi årets diplomutdeling.