Historisk arkiv

Ved Kjell Aukrusts båre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Ved Kjell Aukrusts båre

Nordstrand kyrkje, onsdag 8. januar 2003

Kjell Aukrust har gått bort. Kjell Aukrust som vi alle kjende, også dei som ikkje hadde møtt han personleg. Han gav av seg sjølv på ein slik måte at han vart ein del av liva våre gjennom humoren, forfattarskapet og bileta.

Teikningane hans, bøkene hans, humoren hans er spegelbilete på oss som levde samstundes med han. Han fanga folkesjela. Vi kjenner oss igjen, i haldningane, i replikkane, i måten å vera på. Derfor kjende vi også han som hadde sett så klårt korleis vi sjølve er – i alle fall korleis vi synes naboen er.

Kjell Aukrust var teiknar, målar og forfattar.
Han var humorist.
Men meir enn det.
Han var kunstnar.
Og som kunstnar fekk han fram latteren – og ettertanken. Han var ein stor kunstnar, for han makta å opna dører som tidlegare hadde vore stengde. I den særeigne verda han skapte. Han gjorde oss opnare som menneske.

Ansvaret for ein kultur i utvikling kviler på oss alle. Vi er alle med på å byggja samfunnet og dermed også kulturen vår. Men nokon har eit større ansvar enn andre. Det er kunstnarane, fordi kunsten utgjer sjølve drivkrafta i kulturen. Det er kunstnarane som skal eksperimentera og prøva ut det uprøvde. Dei skal sprengja barrièrar og overskrida grenser, og dei skal stilla spørsmål, ved det hevdvunne, ved det etablerte, ved det som synest urokkeleg. Det gir grobotn for auka erkjenning og for djupare forståing.

Men dei har òg ei anna oppgåve, den å avsløra det uekte og det som ikkje held mål, avdekkja oss som menneske. Kjell Aukrust gjorde dette, og på ein måte som fekk oss til å sjå. For ein sann kunstnar er kanskje først og fremst ein som ser, og som gjennom sin kunst får andre til å sjå.

Vi lever i ei tid då det er mykje tale om å realisera seg sjølv, om å finna seg sjølv. Vel og bra er det. Vi skal alle utvikla dei evne vi har, bli fullverdige menneske ut frå dei føresetnadene vi har. Men kanskje endå viktigare enn å finna seg sjølv, er det å finna kvarandre. Finn vi kvarandre, får vi eit rikare og meir menneskeleg samfunn.

Eg vågar å påstå at Kjell Aukrust bidrog til dette. Han førte oss saman i latter og i verka sine syner han det som viktig å ha omsorg for kvarandre. For dette takkar vi han i dag.

Den første boka hans "Simen" kom i 1958 og vart ein bestseljar frå første stund. Sidan kom bøkene på rekkje og rad og dei vart trykte i store opplag. Bøkene hans, teikningane hans, figurane hans vart folkeeige. Vi kjenner alle Ludvig, Solan, Reodor Felgen, redaktør Friman Pløsen og dei andre. Dei er like kjære både for barn og vaksne. Gjennom teater og film har dei nådd langt utanfor Noregs grenser. For alt dette fekk han i 1998 Den kgl. St. Olavs orden. Året etter fekk han Brageprisens heiderspris.

I 1988 forærte Kjell Aukrust og kona hans 250 teikningar, akvarellar og måleri til Alvdal kommune, og slik oppstod tanken om Aukrustsenteret. Åtte år seinare, i 1996, var det ein realitet då det 23. mai vart opna av kong Harald.

Kjell Aukrust starta som målar. Han hadde si utdanning frå Kunst- og handverksskolen. I 1945 debuterte han på Haustutstillinga. Målaren Aukrust måtte etter kvart vike plassen for teiknaren og forfattaren Aukrust, men i dei seinare åra kom målaren tilbake. Det fortel noko om spennvidda i hans virke. Han er representert både i Nasjonalgalleriet og i Museet for samtidskunst.

Kjell Aukrust har gjort norsk kultur rikare. Både ved eigne verk- og ved å inspirere andre kunstnarar. Han vil fortsetje å glede alle generasjonar i generasjonar.

At Kjell Aukrust var frå Alvdal, veit vi alle. Han var stolt av det, og fekk også oss andre til å bli stolte over at vi har ei slik bygd i landet vårt.

Som uttrykk for den takk eit heilt folk føler ved Kjell Aukrusts bortgang, vil eg på vegner av Regjeringa leggja ein krans på båra hans. La det vera vår takk, ikkje berre til ein stor kunstnar, men til eit stort menneske.

Vi lyser fred over Kjell Aukrusts minne.